Kva svarar paven ein diktator?
KINA: Pave Leo 14 har fått den første store diplomatiske utfordringa rett i fanget: Kva gjer han etter at kommunist-regimet i Kina har bestemt seg for å utnemna katolske biskopar utan å bry seg om kva Vatikanet meiner?
NYVALT: Pave Leo 14 blei vald til pave 8. mai, to veker etter Pave Frans døydde. Her er han avbilda på balkongen på Peterskyrkja i Roma dagen han blei vald.
AP
Regimet i Beijing brukte dei to vekene frå pave Frans gjekk bort 21. april til Leo 14 var innsett som ny pave 8. mai. Den katolske kyrkja kunne ikkje utnemna biskopar desse dagane, fordi berre paven kan utnemna biskopar.
I dette vakuumet vart to katolske biskopar utnemnde av kommunistregimet i Kina. Den eine vart til og med valt i eit bispedømme der det alt er ein Vatikan-utnemnd biskop som fleire gonger har vore arrestert.
Makt over kyrkja
Bestill abonnement her
KJØP