Politikk

‘Var barnet ditt planlagt?’

Ofte har eg kjent på ei kjensle av at eg måtte forsvare at eg vart pappa i så ung alder.

Emil André Erstad, forfattar og kristendemokrat

Eg vart pappa før samfunnet meinte det var lurt. Eg var berre 22 år og halvstudert røvar då sonen smilte til meg første gongen. Det er langt tidlegare enn «normalen» i Norge – og gjett om eg fekk høyre det. Eg opplevde det av og til som om eg hadde gjort noko galt, umoralsk eller i det minste oppsiktsvekkande. Ofte har eg kjent på ei kjensle av at eg måtte forsvare at eg vart pappa i så ung alder.

Når eg presenterte meg for nye folk den første tida etter at guten min var fødd, var det vanlegaste spørsmålet: «Var det planlagt?» Kanskje ligg det berre nysgjerrigheit bak. Kanskje ligg det mistru. Kanskje ei skulding. Eg veit ikkje, men eg syns ikkje det var noko lett å svare på same kva sanninga var.

Privat

Strengt tatt er familieplanlegging ei høgst privat sak. Desse erfaringane gjeld nok minst like mykje for dei som ventar lenge med å få barn: «Skal de ikkje ha barn snart?»

Det er eit sterkt konformitetspress i Norge­ for når det er greitt å stifte familie. Ein skal helst ha full utdanning, solid jobb og ein stad å bu. Først då kan ein byrje å produsere etterkomarar med godt samvit utan å måtte få spørsmål om barnet var planlagt eller ikkje.

Noko av skulda ligg nok i den sterke arbeidslinja vi har i Norge. Derfor fins det ingen økonomiske insentiv til å få barn før ein har vore i fast arbeid i minst seks ­månader. Då får ein rett til fødselspengar. Dei som får barn i studietida får berre rett til ein forholdsvis liten sum i eingongs­stønad. Slik sett er det nesten litt økonomisk hovudlaust å få barn før ein har kome seg ut i arbeidslivet.

Eg vil peike på tre grunnar til at det strenge synet på familieplanlegging i Norg­e bidrar til ein dårlegare familiepolitikk: fruktbarheit, samfunnsøkonomisk lønsemd og valfridom.

LES OGSÅ: Verda går ikkje framover

Alderen stig

Fleire og fleire får barn når dei blir eldre. I 1997 var snittalderen for første gongs fødande 26,8 år. I 2012 var det 28,5 år. For far har det vore tilsvarande auke. Denne utviklinga er ikkje unik for Norge.

Dette er eigentleg ikkje politikk, men biologi. Jo høgare alder kvinna har ved første fødsel, jo færre fruktbare år får kvinna til disposisjon for barnefødslar. Dette kjem i tillegg til at risikoen for komplikasjonar for mor og barn aukar med mors alder. Evna eller moglegheita til å bli gravid fell.

For det andre har vi det samfunns­økonomisk lønsame: Fordi fleire får barn seinare, aukar helseproblema og behovet for behandling knytt til graviditetane. Dette fører til at fleire ressursar i helsevesenet knytast opp til fødslar. Dess­utan fødast det ikkje nok barn i Norge til å ­reprodusere befolkninga, noko som ikkje er berekraftig. Trass i dette, skal ingen barn settast til verda fordi dei har ein verdi for samfunnet, produksjonsevna eller velferdsstaten. Eit barn er eit mål i seg sjølv, ikkje eit middel.

For det tredje og kanskje viktigaste kjem valfridomen: Det bør vere mest mogleg opp til kvart enkelt par og kvar familie å velje kor tid dei ønsker å få barn. Det er politikarane som lagar dei økonomiske støtteordningane for fødselspermisjon og liknande. Her er forskjellsbehandlinga stor mellom dei som har nådd ut i ­arbeidslivet og dei som ikkje har det. Mange ser ikkje at dei har noko anna val enn å vente med barn.

LES OGSÅ: Derfor forlét eg Senterpartiet

Mest mogleg fritt

Mitt poeng er ikkje at flest mogleg skal få born tidlegast mogleg, like lite som eg seier at alle bør vente med å få barn. Tvert imot bør det gjerast mest mogleg fritt, slik at den enkelte kan velje sjølv.

Eit av dei første tiltaka burde vore minst å firedoble eingongsstønaden, slik at den kunne likestillast meir med fødselspengane til dei med arbeidslivserfaring.

Og ingen bør kome og spørje om barnet ditt var planlagt eller om du ikkje snart har tenkt å lage eit barn. Det får vere opp til den enkelte.

I dag er forventinga både frå staten og samfunnet at du ventar til du har «ting på stell». Det er på tide at vi gravlegg denne haldninga.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk