Politikk

Verda går ikkje framover

Med Donald Trump som president i USA og færre liberale 
demokrati, er det på tide å avkrefte myta om at verda går framover.

Lenge har pilene peika i riktig retning: Fleire barn har fått gå på skule, nye ambisiøse utviklingsmål har kome på plass, den ­ekstreme fattigdommen vart halvert frå 1990 til 2016 og klimatoppmøtet i Paris i fjor vart til ei historisk og forpliktande klimaavtale.

Heilt sidan opplysningstida på 1600- og 1700-talet har det vore ei utbreidd oppfatning av at jo meir opplyst verda blir, jo betre vert den. Det som kan kallast ein nesten grenselaus utviklingsoptimisme har bygd på tanken om at fornufta skal vere grunnlaget for alle politiske val, alle verdimessige prioriteringar og alle framsteg. Som om fornufta i seg sjølv er ein verdi. Mange knytte den verdimessige og etiske utviklinga saman med den teknologiske. Når teknologien gjorde så store framsteg, burde vel etikken også gjere det? Så enkelt er det heldigvis ikkje.

LES OGSÅ: Donald Trump er mer et symptom enn en årsak til at demokratiet står i fare.

Farleg tru

Den naive trua på at verda uansett går framover, er farleg. Fordi den får dei gode kreftene til å sitte som passive tilskodarar når farlege ting skjer – til dømes ved valet av Donald Trump som amerikansk president. Rota til dette ligg kanskje gøymt i tanken om utopia, at menneska kan skape eit ideelt eller perfekt samfunn som vi ein gong kan nå når verda har kome «langt nok» i verdiutviklinga vår.

«Viss berre rasjonaliteten og fornufta får råde grunnen fritt, då vil vi nå eit perfekt samfunn», har mange tenkt. Utopiane mange trur på, lammar oss på ein måte som får oss til å tenke at Donald Trump aldri kunne bli amerikansk president.

Dei siste åra har denne oppfatninga fått ein alvorleg knekk. Mange trudde at dei liberale demokratia skulle vere ei ordning utan rom for angrep eller kritikk – i motsetnad til tidlegare og meir autoritære styreformer. Den amerikanske statsvitaren Francis Fukuyama viser til at liberale demokrati dei siste 15 åra har vore på tilbakegang, samanlikna med utbreiinga av autoritære hybridregime og diktatur verda over. På Freedom House si oversikt over graden av fridom i verda – som måler slikt som menneskerettar, politisk fridom og demokrati – ser vi også ein svak tilbakegang sidan år 2000. Verda går ikkje framover.

LES OGSÅ: Når søppelet hoper seg opp i Oslo, får vi en stinkende ­påminnelse om hvor lett det er å love noe man ikke har planer om å holde.

«… men vi er jo i 2016!»

I mange ­politiske debattar har argumentet «… men vi er jo i 2016, så då bør denne saka vere ferdigdiskutert» møtt meg og andre. Som om det at vi er i 2016 plutseleg skal vere eit argument i seg sjølv for det eine eller andre. Erik Lunde skriv om dette i boka si Kristendemokrati: «Noen ser på samfunnets etikk som om det var en iPhone. De tror at dagens verdier er siste modell, og at vi med jevne mellomrom får en oppgradering som er hakket bedre enn den forrige versjonen».

Eg trur dette synet på verdiar er ­mykje av grunnen til at Donald Trump no blir president i USA, at Viktor Orban får ­regjere Ungarn, at Vladimir Putin styrer­ Russland med hard hand og at vi ser ­andre autoritære rørsler i vestlege land. Vi har ikkje tatt verdiane til desse menneska på alvor i den offentlege debatten. I staden for å argumentere med fornuft og rasjonalitet for det samfunnet vi trur på, har vi brukt argumentet om at «vi er jo i 2016». Det faktum at vi er i 2016 er ikkje eit argument for noko som helst. Det er ei faktasetning. Viss det skal brukast som eit argument i ein debatt, må den etiske utviklinga vere lineær, heilt på lik linje med den teknologiske utviklinga. Men verdiane er ikkje statiske eller lineære, dei er dynamiske.

LES OGSÅ: Takk, Trump, for god samvittighet

Museskritt

Viss verda skal bli ein ­betre stad, må vi som kjempar for ei ­betre verd slutte å tru at verda automatisk går framover. Då kan ikkje vi sitte passive og sjå på at verdiane utviklar seg fritt med ­argument som at «dette er jo 2016».

Vi må brette opp ermane, skubbe rettferda fram, fylle att dei brune hola med nestekjærleik og solidaritet, hamre menneskeverdet inn i dei mørkaste avkrokane og aldri miste det gode av syne. Då kan vi gjere verda litt betre. Museskritt for museskritt.

Emil André Erstad er forfattar, kristendemokrat og rådgivar i tankesma Agenda

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk