«Dei er heldige dei landa som utan vidare kan fråskrive seg ansvaret for eigne borgarar som har utført kriminelle handlingar». Dette tenkte eg då lagnaden til IS-kvinna Shamima Begum blei kjent i vinter. For det er unekteleg eit land med ein sterk posisjon som kan bestemme seg for å ta statsborgarskapet frå ei ung mor på 19. Som statsråd skal ein sjå stort på eiga definisjonsmakt når ein kan bestemme at å vere IS-brud passar betre for ein bangladeshisk statsborgar enn ein britisk. Likevel avgjorde innanriksdepartementet og innanriksministeren i Storbritannia, Sajid Javid, at det var rett å strippe Begum for det britiske statsborgarskapet. Storbritannia var heilt utan ansvar for henne og den nyfødde sonen hennar.