Kultur

Oppgjer med oppgjeret

LEIAR: Det låg verken ære eller rett i Den norske Forfattarforeininga si stempling av 17 norske forfattarar etter andre verdskrigen.

Forfattaren Gaute Heivoll er denne hausten aktuell med romanen Sang for sekstiåtte forrædere. Boka tek utgangspunkt i Heivolls heimbygd, Finsland, der mange av innbyggarane melde seg inn i NS under andre verdskrigen.

Å ikkje stå rank og rett i motstanden mot nazistane var ei alvorleg sak. Det finst mange som etter krigen blei stempla som forrædarar, anten dei fekk fengselsstraff, blei skjelt ut som tyskartøser eller blei utsette for såkalla «æresrettar» og fråtekne æra med eit pennestrøk.

Orsaking

Den norske Forfattarforeininga feirar i år sitt 125-årsjubileum og kalla torsdag formiddag inn til pressekonferanse på Grand Hotel. Der starta Forfattarforeininga jubileumsmarkeringa med å orsake æresretten etter andre verdskrigen. På oppfordring frå Heimefronten sette foreininga i verk sanksjonar mot fleire av medlemmene som var mistenkte for utilbørleg samarbeid med nazistane.

Problemet var at æresretten arbeidde utan lov og nødvendig sikring av dom. Ekskludering av 16 forfattarar som hadde vore NS-medlemmar, har i ettertida vore ei lite kontroversiell avgjerd. Verre var straffa som ramma dei 17 som på eit eller anna vis fekk eit brunt lysskjær over seg, til dømes fordi dei hadde søkt eit stipend av NS-styresmaktene eller omsett ei bok på ei NS-styrt forlag.

Ekskludert

Dette siste ramma blant anna forfattaren André Bjerke og faren hans, Ejlert Bjerke, som Peter Normann Waage fortel om i sin Bragepris-nominerte Bjerke-biografi, André Bjerke. I kampens glede. André hadde hjelpt faren med omsettinga av den finske nasjonaldiktaren Johan Ludvig Runebergs Fenriks Ståls sanger. Boka blei publisert på J.M. Stenersens forlag under krigen.

Dette var tilstrekkeleg for at Ejlert og André Bjerke blei dømde i æresretten til Forfattarforeininga. Ejlert Bjerke blei ekskludert i tre år, mens André fekk eitt års karantene. I tillegg blei dei dømde til å betale ei bot på 10.000 kroner til eit godt formål.

Stempla som ærelaus

André Bjerke blei seinare frikjent, men dommen prega han resten av livet. Det er grunn til å tru at det same gjaldt for dei andre 16 som i praksis fekk eit mellombels stempel som ærelause, uverdige til å fylle kunstnarrolla.

Dei tidsavgrensa sanksjonane fekk ein vesentleg mykje større verknad for dei som blei dømde. Leiar i Forfattarforeininga, Heidi Marie Kriznik, brukte tydelege ord då ho torsdag peika på den uretten Forfattarforeininga gjorde mot dei 17 forfattarane og deira familiar. Ho kalla heile prosessen for «tvilsam», med avgjerder basert på feilaktige opplysingar. På vegne av Forfattarforeininga orsaka ho dette sviktande skjønnet gjort på feil grunnlag, og den uretten som forfattarane blei ramma av.

Ei verksam kraft

Det tener Forfattarforeininga til ære at dei på denne måten tek oppgjer med urett gjort i foreininga si fortid – attpåtil som opptakt til feiringa av 125-årsjubileet. Det kler ei foreining som ikkje primært er opptekne av festtalar, men av å vere ei verksam kraft i samfunnet, til beste for den gode litteraturen.

Det same inntrykket gir pamfletten som blir gitt ut til jubileet, «Litteratur, politikk og samfunn». Ført i pennen av dei tidlegare leiarane Anne Oterholm og Sigmund Løvåsen og noverande leiar Heidi Marie Kriznik, er pamfletten ei tydeleggjering av dei viktige rammene skjønnlitteraturen treng rundt seg for å bløme.

Det handlar om litteraturpolitiske verkemiddel som gir forfattarane best moglege vilkår for å skape ny kunst; dikt, romanar, noveller, dramatikk og essays. Det forfattarane skaper, er på si side eit viktig bidrag til den offentlege – og private – samtalen i Noreg.

Stå på vidare, norske forfattarar! Landet vårt treng dykk.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur