Av: Mai Lene Fløysvik Hæåk

Tysdag 7. mai viste NRK Brennpunkt-dokumentaren «Kjønnskampen», ein dokumentar som allereie i tittelen viser at det manglar kunnskap om korleis dei aller fleste forkjemparar for likestilling tenkjer om forholdet mellom kvinner og menn. Det var overtydeleg at her hadde NRK prøvd å lage ein dokumentar som endeleg skulle sjå på korleis menn vert trakasserte og neglisjerte. Her kom dokumentaren som skulle få oss til å tenkje: «Kanskje likestillinga har gått litt for 
langt?»

Vårt Land mener: NRK Brennpunkts dokumentar «Kjønnskampen» bør få konsekvenser for hvordan vi ser på likestilling i Norge

Rotete

Uansett kva som var målet, var det ikkje noko i «Kjønnskampen» som viste at dette var tilfellet. Det eg tvert i mot sat igjen med etterpå var at dokumentaren var merkeleg rotete laga. Ein gjeng med forskarar og ekspertar som forska på gutar i skulen, Jordan Peterson, Kristin Skogen Lund, Mannsforum, eit par psykologistudentar og eit par skulegutar på eine sida som kom med små refleksjonar om kor vanskeleg det kan vere å tilhøyre det mannlege kjønn. Komikar Sigrid Bonde Tusvik på andre sida som sit og latterleggjer mennene som synest så synd på seg sjølve. Tematisk sprika det mellom alt frå skulegang, trakassering, foreldrerolla og likestillingslova. Det overtydde ikkje meg.

Dei fleste feministar og likestillingsforkjemparar uttaler seg ikkje som Bonde Tusvik når dei snakkar om likestilling. Dei aller fleste av oss tenkjer faktisk at ein treng ikkje å trykke menn ned for å løfte kvinner opp. Tvert i mot trur eg, slik som til dømes skodespelar og FN-ambassadør Emma Watson, at meir likestilling ikkje berre gagnar kvinner, men òg menn. Når gutane i Brennpunkt-dokumentaren snakkar om at jenter kan sjå ned på dei for at dei er for lite muskuløse eller ha for liten penis, kva er løysinga på slik trakassering? Å gå tilbake til eit samfunn kor det perfekte mannsideal var ein macho, handy person med store musklar og pengar til å ta seg av familien? Eller er kanskje løysinga å kvitte seg med slike ideal og seie at menn kan òg ha små musklar, jobbe som sjukepleiarar og vere under 170 centimeter?

Selektiv kritikk

Eit anna kjenneteikn ved mykje av kritikken mot likestilling, både i denne dokumentaren og generelt, er at kritikken er selektiv. Det er ingen som meiner det er positivt at gutar seglar akterut i skulen, og dei fleste vil òg sjå på det som negativt at eit kjønn dominerer enkelte studium. Men etter å ha sett på standpunktkarakterar og inntaksstatistikkar stoppar ein historieforteljinga og konkluderer med at jenter blir tilgodesett. Men korleis kan det forklare at berre tjue prosent av partnarar i norske advokatfirma er kvinner? Kvifor var det ingen i dokumentaren som spurte om kva som var grunnen til at på eit studie kor fleirtalet er kvinner er det menn som får toppjobbane? Kanskje fordi det ikkje passa inn i 
bodskapen?

Normer

Det som likevel er enno viktigare enn statistikken igjen er å sjå på det som ligg bak statistikken ved å gå inn på det som handlar om normer og forventningar. Til dømes, ser ein på det jusprofessor Geir Woxholth skreiv om kvinnelege partnarar i 2015, er det tydeleg at kvinner blir sett på som mindre arbeidsvillige og at dei mindre grad kan tåle arbeidspresset i eit advokatfirma enn menn. I alle fall i følge Woxholth, og i følgje han er dette òg grunn god nok for å ikkje legge om rekrutteringspraksisen i eit advokatfirma. Menn derimot, dei tåler alltid fjorten timar. Dei kan alltid arbeide lange arbeidsdagar utan omsyn til familie, helse og 
fritid.

Etternamn

Eit anna liknande døme omhandlar etternamn. Medan forsking viser at dei aller fleste menn aldri har tenkt over kva dei vil gjere med etternamn når dei giftar seg, er dette noko kvinner tenkjer på og blir konfrontert med stadig vekk. Kanskje verkar det som eit harmlaust døme, men eigentleg er det ikkje det. For det at åtte av ti kvinner framleis vel å ta etternamnet til mannen ved giftarmål, viser at me har ein lang veg å gå før me ser på mannen og kvinna som to likestilte partar i familielivet. Kvinna har ingen plikt til å skifte, og mannen har ingen rett til å krevje at alle i familien skal heite det same. Men igjen, dette blir ikkje tatt opp i dokumentaren om «kjønnskampen». For det passar ikkje inn i biletet av menn som den svake part.

Lagarbeid

Til sjuande og sist er det viktig å vite at auka likestilling ikkje berre gagnar kvinner. Det er ingen kamp mellom kjønna. Tvert i mot er det lagarbeid. Det er ein felles kamp for eit betre samfunn kor menn kan få vere sjukepleiarar, vere ute i pappaperm og sleppe å løfte vekter og kor kvinner kan vere partnarar og behalde etternamnet sitt.