Meninger

Høvdingen Per Lønnings farvel

Med Per Lønnings bortgang tek vi farvel med ein høvdingskikkelse som prega Den norske kyrkja og den breie samfunnsdebatten.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Per Lønning begraves mandag klokken 12 i Ullern kirke i Oslo.

Per Lønning kom inn i offentleg debatt som stortingsrepresentant for Høgre (1958-1965). Då han i 1969 vart biskop i det nyoppretta bispedømet Borg, var det med djupt rotfesta kyrkjeleg identitet og slett ikkje som politikar i forkledning.

Rett nok var det det siste kyrkjeminister Bjartmar Gjerde hevda då Lønning med bulder og brak gjekk av i protest mot den nye abortlova, i mai 1975. Men Gjerdes utsegn var ein lettvint finte som ikkje traff det djupe og langvarige engasjementet som låg bak avgangen – finta avslørte heller at Arbeidarpartiet sleit (og slit) med å forstå sentrale verdispørsmål.

LES MER: Biskop Halvor Nordhaug var stolt over sin uredde biskop

Verdiar

Lønning på si side makta å setje dei verkelege verdispørsmåla i abortkampen sterkt på dagsorden med avgangen sin. Men han gjorde også sitt til polarisering – han var mellom anna inspirator for Børre Knudsen. Kunne Per Lønning fått meir effekt av den dramatiske ­avgangen dersom han ikkje var solospelar? Eller viser det kyrkja har gjort eller ikkje gjort etter Lønnings avgang at ho er hjelpelaus i møte med statsmakta i ei sak som dette?

Hans strålande intellektuelle begavelse låg nok eit par hakk framom hans sosiale.

Lønning var sjølv klar på at bispeavgangen for han var ei logisk følgje. Men dersom avgangen var logisk, var det mindre logisk at Lønning ikkje drøfta dette alvorlege steget med ein einaste kollega – han skreiv at ei slik sak «er ikke noe du diskuterer med folk» – og meinte at dei andre biskopane skulle bli verande på sin post.

Korvidt det i så fall var logisk at Lønning vende attende til eit bispesete – i Bjørgvin – i 1987, er det alltids rom for å diskutere. Men då han kom tilbake var han på nytt i stand til å prege ordskiftet i Den norske kyrkja. Det gjorde Lønning fram til han valde å gå av alt som 64-åring – for å sleppe yngre krefter til.

PER LØNNING: – Jeg kan ikke forstå hvorfor Gud holder meg på jorden, dersom jeg ikke gjør noe nytte for meg.

Avvist på MF

Lønning var ikkje lett å plassere. Han gjekk av som biskop på den største etiske kampsaka for det kyrkjelege Noreg. Men styret for Menighetsfakultetet meinte likevel han var for liberal til å få eit professorat der etterpå. Den avgjerda var vanskeleg å forstå den gongen og uråd no.

Avgjerda blei rett nok ikkje grunngitt, så vi veit ikkje kva styret la vekt på. Var det hans spørjande syn på fortapingslæra? «Hvis Gud virkelig har seiret, hvordan kan han la Djevelen vinne 9-1?»

Då MF ikkje vil ha han, var det Det teologiske fakultet som tilsette Lønning i ei tilsvarande stilling.

Då Lønning for to år sidan blei intervjua her i avisa om kva livet hadde lært han, var han klar på at han angra på at han ikkje held fram som biskop i Bjørgvin framfor å gje seg lenge før pensjonsalderen. Lønning angra, sa han, «i lys av den hjelpeløsheten som kom til å prege norsk kirkepolitikk i årene som fulgte. For eksempel alle følgene vi har fått av homofilisirkuset, og også spørsmål som gjelder teologi og lederskap i kirken.» Og han sa klart at han ikkje kjende att Menighetsfakultet. Det hadde han nok gode grunnar for.

PER LØNNING: «Norsk kristenliv hadde vært atskillig fattigere uten Børre Knudsen»

Intellektuell

Per Lønning var ikkje berre dobbeltbiskop. Han var dobbeltdoktor også – med doktorgrad både i teologi (om Søren Kierkegaard) og i idéhistorie (om Blair Pascal). Hans strålande intellektuelle begavelse låg nok eit par hakk framom hans sosiale.

Lønning gav ut både preikesamlingar og salmesamlingar. I den nye salmeboka er han representert med tre eigne salmar og ti omsetjingar.

Han var bror av Andreas og Inge – og trippelintervjuet med dei tre brørne her i avisa for mange år sidan var eit uvanleg godt, kunnskapsrikt og humørfylt lesestykke.

KOMMENTAR: Kunne Per Lønning fått meir effekt av den dramatiske ­avgangen dersom han ikkje var solospelar?

No er brørne borte. Inge Lønning vart riven ut av eit aktivt samfunnsliv. Per Lønning måtte forsone seg med at han streva med å finne orda dei siste åra. Båe har etterlete seg store tomrom i det offentlege og kyrkjelege ordskiftet om verdiar og politikk.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Meninger