Politikk

«Heile Storbritannia er utslite av brexit. Men den uvisse framtida pregar kvardagen»

For mange i Storbritannia blir det store spørsmålet: Kan me stole på at regjeringa og parlamentet sørger for at me har det me må ha for å kunne overleve?

«Viss du har forklart Brexit slik at det er fullt forståeleg, då har du forklart feil», skrev ein BBC-journalist tidlegare i haust. Sitatet overfor er sett på spissen, men det er ei sanning i det: Brexit har etterkvart blitt så komplisert at til og med dei som følgjer prosessen dag for dag slit med å forklare folk kva som føregår. Dette gjer at britar flest opplever britisk politikk som kaotisk, uføreseieleg og til tider komplett uforståeleg.

Påminning

10. oktober fekk eg e-post frå Universitetet i Sheffield kor eg studerer offentleg politikk dette året. E-posten var retta til alle EU- og EØS-studentar på universitetet og omhandla eit informasjonsmøte om rettane våre etter Brexit. Til dagleg merkar ein lite til at datoen Storbritannia høyrer til å gå ut av EU, 31. oktober, nærmar seg med stormskritt, men av og til får ein slike påminningar som dette, påminningar om at det er stille før stormen og at få av oss eigentleg veit korleis situasjonen er me går inn i november månad.

Heilt sidan folkeavstemminga 23. juni 2016 har eg vore over middels interessert i prosessen David Cameron starta før valet i 2015. Lenge var motstanden min mot at Storbritannia skulle melde seg ut av EU og det europeiske samarbeidet politisk. No er det òg personleg. Ikkje berre bur eg og studerer i Storbritannia. Eg er òg trulova med ein brite og får sett på nært hald korleis framtida for den britiske økonomien og den britiske befolkninga er usikker og uføreseieleg.

LES OGSÅ:

Det gjekk ikkje lang tid frå eg kom til Storbritannia for å studere til å merke at eg vart uendeleg trøyt av nyheiter om Brexit, i likskap med mange britar. Det skjer noko konstant. Nokon seier noko, nokon er i eit møte, nokon opnar opp for folkeavstemming eller nyval. Kvar gong ein slår på radien eller ser ei avisoverskrift på butikken blir ein minna om kor håplaus situasjonen ser ut. Fleire britar eg har snakka med seier at dei er leie av heile greia. I over tre år har Brexit vore altoverskyggande. Ein lærer seg fort at det siste britiske studentar vil bli spurt om er Brexit. «Let’s not talk about that», svarer dei ofte medan dei himlar med auga.

Splittar familiar

Trass i at mange britar er trøyte og helst skulle sett at Brexit kunne bli kansellert eller overstått, pregar det likevel kvardagen. Det blir fort eit tema rundt middagsbordet eller i godt lag. Mange opplever at begge ytterpunkta i debatten er representert innetter i slekta: Enten er Boris Johnson frelsaren eller så blir han samanlikna med Hitler. Til og med i familien til statsministar Johnson er dette tilfellet. Broren hans, Jo Johnson, gjekk nyleg ut av regjeringa for andre gong fordi Johnson suspenderte parlamentet.

Heilskapsinntrykket ein får av Storbritannia er at heile landet er utslite. Alle politiske avjgersler i løpet av dei siste tre åra har blitt tekne med Brexit i tankane, og politikarar og offentleg administrasjon har knapt nok hatt kapasitet eller føreseieleg økonomi til å gjere noko med fleire av dei store problema landet står overfor. Saker som elles hadde kome på agendaen og hatt potensiale til å lage store avisoverskrifter får lite merksemd. I ein kommentar skriven av Emily Andrews i Institute for Government i januar i år, kjem det fram at Brexit er den faktoren som medverkar mest til at reformer og politikk blir forsinka eller kansellert. Parlamentsmedlemma frå alle parti åtvara tidlegare statsminister Theresa May i fjor om at Brexit hadde alvorleg og skadeleg effekt på britisk innanrikspolitikk.

LES OGSÅ:

Medisinmangel og matmangel

For mange britar gjer det kanskje ikkje noko om reforma av det offentlege helsesystemet kjem seinare enn venta, men kjensla av at ingenting skjer, at alt har gått i lås og ingenting går framover pregar dei. Om dei ikkje bryr seg om helsereforma kjem når ho skal eller ikkje, bryr dei seg meir om medisinmangel som følge av Brexit. Dei bryr seg om at dei kanskje må lagre mat og drivstoff i tilfelle tilgangen skulle bli redusert som følge av at ein avtale enno ikkje har kome på plass. For mange blir det store spørsmålet: Kan me stole på at regjeringa og parlamentet sørger for at me har det me må ha for å kunne overleve?

Svaret på dette spørsmålet avhenger ofte av om ein ser på Brexit som negativt eller positivt. For er det ein politikar som sit med ei enkel forklaring på Brexit så er det han som bur i 10 Downing Street no. Skal ein lytte til Boris Johnson er det langt betre for britane med ingen avtale enn ein dårleg avtale. Så kanskje stemmer det faktisk at du viss du forklarer Brexit forståeleg så har du forklart feil. For om det er ein ting det er konsensus om blant økonomiske ekspertar så er det at å gå ut av EU med ingen avtale vil vere katastrofalt.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk