Eit år fullt av leselyst
Denne veka fordelte Nasjonalbiblioteket 27 millionar kroner til lesegledetiltak over heile Noreg. Søknadene vitnar om riksspreidd begeistring og kreativitet til beste for bøkene.

Neste år blir eit særs spennande år for alle nordmenn som er interesserte i litteratur. Noreg skal vere gjesteland under bokmessa i Frankfurt, der norske forfattarar får ei unik plattform for synleggjering internasjonalt. Samtidig har kulturminister Trine Skei Grande løyva 30 millionar kroner til å gjere 2019 til eit dugeleg bokår også her heime. Nasjonalbiblioteket har fått mandatet til å fordele pengane, og denne veka vart 27 av millionane delte ut til bibliotek og institusjonar over heile Noreg.
Begeistring
Vi har lese igjennom lista over prosjekta som har fått midlar; ho vitnar om riksspreidd begeistring og kreativitet til beste for bøkene. Og det er dei mange biblioteka i Noreg som går i bresjen for kreativiteten. 500 bibliotek har fått støtte til å gjennomføre over 1.500 arrangement.
Nesodden bibliotek arrangerer barnekrimfestival, eit opplegg som heilt sikkert vil fenge unge og spenningsinteresserte lesarar. Ei viss nervesitrande stemning kviler også over Enebakk biblioteks konsept «Dikt og Drap». Kven sa at poesien var tørr og kjedeleg? I Akershus har dei også «Poesibussen», kanskje ein avleggar av Ted Granlunds poesibil, som var ut på dei norske vegane allereie i 2004?
Ut og stjæle lesere
På liknande vis kallar prosjekta i andre fylke på interessa vår. Østre Toten folkebibliotek inviterer til leselyst under parolen «Vi læs!». På Lillehammer bibliotek er ordspelet dobbelt gjennom arrangementet «BokÅRm». Mens Per Petterson får godkjenne det vesle tjuvlånet til Trondheim folkebibliotek, «Ut og stjæle lesere».
Det store og moderne Drammensbiblioteket legg til rette for dialog og fellesskap gjennom opplegget «Orda som samler». Notodden bibliotek er «På sporet av vår litterære arv», mens eg blir ekstra nysgjerrig på kva som ligg bak Tønsberg og Færder biblioteks «Biblioteket der du minst venter det!» og Haugesund folkebiblioteks «Biblioteket som gikk til sjøs».
Nynorsk og børning
«Bygda og det nynorske blikket» på Tokke bibliotek i Telemark har sjølvsagt mi fulle og heile tilslutting. Mens andre lesarar heilt klart vil vere begeistra over Aust-Agder biblioteks «Børning fra hav til hei».
I mitt eige heimfylke, Møre og Romsdal, er det «Bok på veg» som er greia, med «Heksejakt på biblioteket» som ein pirrande vri på Vanylven folkebibliotek. I Finnmark er dei «På kanten av myra», mens Nordland vektlegg naturmetaforar i prosjekt som «LitteraTUR - Hele Nordland leser» og Narvik biblioteks «På nyslåtte stier, fire blir to!».
Vellukka litteraturpolitikk
I tillegg til alle desse arrangementa i regi av biblioteka landet rundt, får også ei rekke store og små institusjonar midlar til å skape leselyst. Til saman lover det godt for ambisjonen om å skape eit bokår som femner heile landet og rører seg der lesarane er. Bokåret 2019 kjem ikkje til å bli ein topptung affære, her blir engasjementet og begeistringa bygd nedanfrå – med statlege midlar. Det må kunne kallast for vellukka litteraturpolitikk.
Kyrkjene må på banen
Kyrkjelege aktørar er så langt ikkje så langt framme på banen som dei kunne vore. Dette kan betre seg undervegs i Bokåret; det finst framleis pengar å søke for dei som har gode formidlingsidear. Kyrkjene og biblioteka har til felles eit stort engasjement for bøkene, for ordet. Det burde definitivt vere mogleg med mange typar samarbeid i eit nasjonalt bokår.
Begeistringa for den gode litteraturen må ligge i botnen, anten det er på biblioteka, i kyrkjene eller hos kvart enkelt boklesar. Vi kan alle vere med på å gjere kvart einaste år til gode bokår, med begeistring, kritikk og gode samtalar. La oss det!