Ei av dei store, amerikanske forfattarane, Toni Morrison (1931-2019), gjekk denne veka bort. Forfattaren frå Ohio i USA var den første svarte kvinna som fekk Nobelprisen i litteratur, og er framleis den einaste. Da ho fekk prisen i 1993, sa ho i eit intervju: «I felt representative, I felt American, I felt Ohioan, I felt blacker than ever. I felt more woman than ever.»