Bøker

Dette er boka du treng akkurat no

Ei av årets beste bøker er bortgøymd, lita og grå. Det er akkurat den boka du treng no.

Da Vigdis Hjorth på eit arrangement tidlegare i haust spurte Dag Solstad om kva han såg etter i bøker, høyrte han først ikkje spørsmålet. Han bøygde seg fram, måtte få det ein gong til, før han lente seg tilbake, og sa: «Trøyst. Eg ser etter trøyst.»

Finnes det noko meir menneskeleg enn dette?

Trøyst er støtte, lindring, lette, oppmuntring. Når vi som jobbar med litteratur snakkar og skriv om tendensar i litteraturen, om kva som er viktig, kva som er årets beste eller kven som burde vinne ein pris, så er det sjeldan vi sett ord på korleis bøkene trøyster oss.

Kan det vere derfor ei av årets beste bøker har blitt så lite lagt merke til?

LES MER: Korleis kan du meistre sidemål? Ikkje spør meg eller kunnskapsministeren

Nærleik og vennskap

Min imaginære venn av Anne Helene Guddal gjer ikkje noko stort nummer ut av seg. Ho er bortgøymd, lita og grå. Ikkje nokon bok eg har lest i år, har eg vendt så ofte tilbake til. Og ikkje nokon bok i år har gitt meg så mykje trøyst.

Den første halvparten av boka er korte dikt som alle handlar om ein imaginær venn. Dei er enkle, men det tok meg ei stund før eg greidde å sette ord på kven den imaginære vennen er. Først trudde eg vennen var eit bilde på einsemd eller død. Eg fekk det ikkje til å gå opp.

Da eg slutta å tolke, og heller forstod det slik det står, at dikta berre skriv fram ein ekstra venn, losna det for meg. Den imaginære vennen er eit ønskje, ei bønn, om eit vennskap, om nærleik, om lette.

«Jeg vet ikke hvorfor

jeg trenger min imaginære venn

Min imaginære venn

sier det ikke er nødvendig å vite»

LES ANMELDSE AV BOKA HER: En utvidelse av et forfatterskap som står helt i ypperste klasse i norsk samtidslitteratur

Når alt er grått

Eg veit ikkje heilt kvar Min imaginære venn kjem ifrå, og eg kjenner ikkje så godt til Anne Helene Guddal. Men dikta hennar får meg til å føle meg sett. Dei sett ord på ei einsemd som eg trur mange av oss kjenner på. Når alt er grått, når det ikkje er noko å sjå fram til. Når neste dag er like kjølig og hard som klosettskåla.

Om det er ein ting eg ønsker etter ein mørk november, så er det trøyst. Eg treng ikkje vite kvifor, og det er ikkje nødvendig heller. Eg berre treng det. Det er ikkje så meir komplisert enn det. Og eg trur ikkje svaret til Dag Solstad var så mykje meir komplisert heller.

At Guddal maktar å skrive fram så mykje trøyst på knappe 58 sider, gjer henne til ein nasjonalskatt. Kjøp denne vesle boka, pakk henne inn, legg henne i skapet. Og ta henne fram når kveldsmørket ikkje er til å halde ut.

LEST OGSÅ: I Anne Helene Guddals forfatterskap framstår menneskets avmektighet som en skyggeside ved samfunnet

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker