Kvifor skal elevar i norsk skole lære seg nynorsk? I Nye språk i Norge. En språkodyssé, skriven av Pål Kristian Eriksen på Pax forlag, finn vi kanskje noko av svaret. Han skriv at vi aldri berre har snakka norsk i Noreg.
Språkmangfald
Tre forskjellige samiske språk blir brukt her til lands: Nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk. I tillegg har vi kvensk, noko som vart tydeleg da romanen Elämän alku-Varhaiset vuodet av Alf Nilsen-Børsskog kom ut på kvensk i fjor. Eriksen tek òg med romani og romanes, språket til romfolket, og norsk teiknspråk, samt jiddisk og hebraisk. Og det er før han gyv laus på det han kallar dei moderne innvandrarspråka i Noreg.
Eksistensen til, og bruken av, ulike språk i landet vårt viser at nynorsk i skolen ikkje er så rart som mange skal ha det til. Verda har eit mangfald av tale- og skriftspråk, og vi burde famne om dette. Det same gjeld når det kjem til nynorsk og bokmål: Dei to skriftmåla er eit eksempel på rikdom, heller enn eit eksempel på kor vanskeleg det er på skolen.
Identitet
I Mikael Niemis Koke bjørn, som no er ute på norsk (og som du kan lese eit bokessay om i dette nummeret av Bøker), kan vi lese om rørsla til prosten Lars Levi Læstadius i Sverige. Det er ei bok med mange interessante inngangar. Éin av dei er det store språkmangfaldet som Niemi skriv fram i bygda Kengis langt nord i Sverige. Dei fleste talar finsk, men samisk blir òg brukt. Svensk er det mest representantar frå sentrale strøk som talar. I tillegg viser romanen korleis folk reiste til og frå over grensa til Noreg.
Språk handlar ikkje berre om å forstå og å bli forstått. Språk handlar òg om identitet. Dette blir ofte synleg i litteraturen. I Koke bjørn kan vi lese om da prosten Læstadius tek til seg eit barn han finn i vegkanten. Barnet blir døypt Jussi og prosten lærer han å lese og skrive. Etter kvart forstår vi at Jussi ber på vonde minner frå oppveksten.
Frigjering
Jussi prøver å sette ord på det han ber på. Prosten ber han tale meir:
«– Det skrevne ord er viktig, men hva skjer ikke når man tar det i munnen! Man må bite ordene i stykker som leirskorper. Tygge dem til myk leire og så forme dem med stemmebånd og lepper. Først da får de sin fulle kraft!»
Jussi prøver å forme historia om seg sjølv gjennom språka han lærer. Ved å snakke til elva, eller skrive i sanden, maktar han å sette ord på ein oppvekst med mishandling. Han greier å ta tilbake livet sitt. Vegen til Jussi si frigjering, går gjennom bokstavane, i talemålet og skriftmålet.
Sette ord på verda
Nynorsk har i dag ein sterk posisjon i skjønnlitteraturen, men den står svakt i den norske skolen. Tal frå SSB i 2017 viste at det var i overkant 12 prosent som hadde nynorsk som hovudmål i skolen. Når vi kjem til vidaregåande skole og høgare utdanning opererer Utdanningsdirektoratet med 6 og 2 prosent nynorskbrukarar - sjølv om nynorsk har eit breitt talemålsgrunnlag. Ein får fort inntrykk av ein stor uvilje til at barn og unge skal lære seg nynorsk, ikkje minst blant dei unge sjølve.
Det er eit problem som ikkje er lett å løyse. Men det burde vere lett å argumentere for kvifor vi har nynorsk i skolen. Kunnskap om både nynorsk og bokmål aukar kunnskapen om språk. Å kunne meistre språk handlar òg om å kunne sette ord på eigne kjensler og erfaringar, og på verda omkring seg. Kanskje handlar det like mykje om å forstå verda til andre.