Bøker

Den einsame eksperten

Kvar skal du gå når du treng å vite kva for bøker barna dine skal lese?

Om du er forelder, vil det før eller seinare skje: Du vil få panikk og tru at barna dine lev i ei verd fylt av farar som ikkje fantes da du vaks opp. Barna speler Fortnite, ungdommen trugar kvarandre på Snapchat, og unge vaksne skiftar sengepartnarar via Tinder.

Det er blitt så ille at du går inn på bokhandelen og spør etter ei ungdomsbok som jenta eller guten din kan lese.

Men stopp litt der. Veit du kva for bok du eigentleg skal spørje etter?

Fleire på biblioteket

Denne veka kom meldinga om at fleire bruker biblioteket enn nokon gong. Sidan den nye nasjonale bibliotekstrategien kom i 2015, svarar 54 prosent no at dei har besøkt eit folkebibliotek det siste året.

Grunnen til at dette er gode tal, er at Statistisk Sentralbyrås undersøking frå 2015 viste at talet var 40 prosent. Da var det ein dramatisk nedgang med omkring 10 prosentpoeng frå 2005. Tala i 2015 viste òg at det var aldersgruppa under 45 år, og særleg dei som var 16–24 år, som brukte biblioteket mindre.

– Folk synes å vrake folkebiblioteka i aukande grad. Viss vi kan snakke om vinnarar og taparar i kulturlivet, så er biblioteket ein tapar, sa Georg Arnestad til Minerva da.

Barn og ungdom

Så nasjonalbibliotekaren har god grunn til å vere nøgd. Ikkje minst med tanke på den enorme satsinga som Nasjonalbiblioteket og styresmaktene har gjort sidan kulturminister Widwey la fram Nasjonal bibliotekstrategi 2015–2018. Noverande kulturminister, Trine Skei Grande, har allereie sagt at dei er i gong med ein ny strategi som skal gjelde frå 2020.

Dette er ikkje ein rapport som tel lån – den undersøker ­korleis vi bruker biblioteket. Den har heller ikkje tal på korleis ulike ­aldersgrupper bruker biblioteket. Rett nok er det ein nedgang av dei som seier dei har lånt barne– og ungdomsbøker da dei besøkte biblioteka dei siste gongane, frå 44 prosent til 37 prosent. Kanskje heng det saman med at bruken av biblioteket blant barn- og unge òg endrar seg. For eksempel er det fem prosent fleire som seier at biblioteket er ein møtestad der dei treffer vennar.

Barn og ungdom har tradisjonelt vore store brukarar av ­bibliotek. Via barnehagar og skolar besøker dei folkebibliotek eller skolebiblioteka i flokk. Og alle som har sett barn og ungdom i møte med ein bibliotekar som kan formidle, veit at kompetansen på barne- og ungdomsbøker er stor i folkebiblioteket.

Når panikken slår inn

Ein som òg veit dette, er ein av landets mest populære forfattarar, Arne Svingen. I eit intervju i denne vekas Bøker fortel han om foreldre som rett og slett ikkje har peiling på kva for bøker barna deira ønskjer å lese. Og korleis kan dei vite det?

Vi treng, som vaksne, rettleiing i floraen av ungdomsbøker. Vi har hatt eit kompetansefall i bokhandlane, ei slags form for flyplassifisering. I tillegg er det få bokmeldingar av ungdomsbøker. Det finnes knapt nokon stad kor vi kan skaffe oss kunnskap om kva som er aktuelle eller gode bøker for ungdommen vår. Derfor blir bibliotekaren den einsame eksperten.

Så når panikken over verda dine barn veks opp i slår inn, ikkje berre kjøp bøkene du og dine foreldre leste som ungdom. Finn ut kva som er den gode litteraturen som blir skrive og utgitt for ungdom i dag. Og for å finne ut det, må du truleg gå til den institusjonen over halvparten av oss besøkte det siste året: Biblioteket.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker