Kor mange gonger har me ikkje høyrt Trygve Slagsvold Vedum snakke om «dei små lokalsamfunna», «nærleik» og at dei som bur i dei små kommunane er mest nøgde med tenestetilbodet?

Av og til kan det bli repetert til nesten det parodiske. Me kan det nesten like godt på rams som Vedum. Likevel er det noko med denne bodskapen som treff rundt tjue prosent av veljarane skal me tru dei siste målingane.

Livskvalitet som mål

Rart nok er det kanskje noko Senterpartiet har til felles med Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) som slår an: Dei appellerer til den delen av oss som synest det finst viktigare mål for framgang enn det som er økonomisk rasjonelt.

MDG skriv i programmet sitt at dei vil innføre livskvalitet som eit overordna politisk mål. Noko liknande finn du ikkje i programmet til Senterpartiet.

Likevel er det på sin plass å spørje om ikkje dei to store ­sakene i lokalvalet i år, distrikt og miljø, begge appellerer til det i oss som set pris på å kunne bruke tid saman med familie og ­vener, ha meir fritid og set pris på ­immaterielle verdiar.

Det er eigentleg rart at Senterpartiet ikkje har omfamna ideen om å måle framgang i lukke eller livskvalitet med tanke på bodskapen dei kommuniserer.

Universelt mål

Etter andre verdskrigen, då mange europeiske land framleis var sveltefôra og heilt avhengige av økonomisk vekst, vart Bruttonasjonalprodukt (BNP) eit logisk mål for framgangen i den vestlege verda.

Organisasjonar som Interantional Monetary Fund (IMF), Verdsbanken og Den europeisk kol- og stålunionen vart oppretta med mål om å få verdsøkonomien på glid igjen.

Styrken til BNP som mål var at det var universelt og enkelt å måle. Eitt tal som kunne gi eit innblikk i den økonomisk situasjonen til eit land. BNP er den samla verdien av det som blir produsert. Dermed kan det til dømes måle verdien av varene som blir produsert eller den økonomiske verdien av arbeidet som blir utført.

Men som mange etterkvart byrja å påpeike: Det er òg ­mykje som ikkje kan bli målt av BNP. Det seier lite om helse, utdanning, likestilling, demokrati, ­familieforhold eller friviljug ­arbeid.

På 60-talet auka medvitet rundt dei svake sidene ved BNP som mål, og framtredande personar som den amerikanske presidenten Lyndon B. Johnson byrja å snakka om livskvalitet og lukke. Sjølv om den økonomiske velstanden etter krigen hadde gått opp opplevde ikkje folk at livskvaliteten auka i same takt som økonomien.

Ein av dei som formulerte dette­ best var presidentkandidat i 1968, Robert F. Kennedy: «Kort sagt måler BNP alt bortsett frå det som gjer livet verdt å leve.»

Brutto Nasjonal Livskvalitet

I internasjonal samanheng har ideen om å måle framgang ved å sjå på livskvalitet eller lukke fått stadig meir fotfeste. I EU var både Angela Merkel og den tidlegare franske presidenten ­Nicolas Sarkozy sterke pådrivarar for å starte ein debatt om lukke og velvere.

David Cameron, britisk statsminister frå 2010–2016, fekk gjennomslag i koalisjonsregjeringa i 2010 for å gjere velvere til eit sentralt mål for politikken som vart ført. Office for National Statistics byrja å måle såkalla «subjektiv velvere» etter dette.

I Norge føreslo KrF-representantane Hans Olav Syversen og Dagfinn Høybråten i 2009 å ­utvikle eit mål for Brutto nasjonal livskvalitet i tillegg til BNP. Så langt er det berre KrF og MDG som har dette ein del av partiprogrammet.

Tomrom

På mange måtar er det eit tomrom i norsk politikk akkurat her, og truleg har ­Senterpartiet klart å fylle det rommet, men utan å innsjå det sjølv. For bak alt snakket om økonomisk vekst i distrikta og avgiftsreduksjon ligg det ein tanke om at me må fokusere meir på kva som aukar livskvaliteten vår.

Kanskje gir større kommunar betre fagmiljø, og kanskje gir det økonomisk vekst, men kva betyr det når posten, banken, politiet og lokalsjukehuset forsvinn?

Nyleg sa stortingsrepresentant for Høgre, Henrik Asheim i podkasten Stortingsrestauranten: «Det er Høgre på sitt verste: Eg høyrer at du har det sånn, men her ein graf som viser korleis du eigentleg har det.»

Det er nettopp desse grafane Senterpartiet berre har vifta bort med anekdotar og historier frå lokalsamfunn om korleis folk ­eigentleg har det.

Det overordna

Når dei andre partia sit og tenkjer på korleis dei skal stogge veksten til Senterpartiet, kan dei kanskje òg spørje seg sjølv: Er det politikken som er feil, eller er det faktisk det overordna målet?

Burde me fokusere meir på kva me kan leve for enn kva me skal leve av?

I Norge har ikkje ideane om å måle livskvalitet og lukke tatt av heilt, me kanskje det gjer det no. Kanskje det er litt ekte distriktslukke som skal til for å kvitte oss med økonomisk vekst som det einaste målet på framgang.

 

LES MER:

Tidligere KrF-sentralstyremedlem på rød side: Når skal man slutte å kjenne på følelsene og gå videre?

Erik Lunde: Debatt om menneskesyn egner seg dårlig for retorisk pingpong