Kommentar

Frelsaren Trump

Trump si innsetjingstale var ikkje noko stort politisk frieri til dei kristne veljarane, men den var klassisk Trump.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

– Det må ha vore stunder dei siste fire åra der du har kjent at det var ganske mørkt. Men sjå kva Gud har gjort, sa Franklin Graham, vendt mot Donald Trump.

Graham hadde, saman med den katolske kardinalen Timothy Dalton, oppgåva å be den såkalla invokasjonen, eit fast ledd i innsetjingsseremonien med bøn for det som skal skje.

Dei to delte i nokre minutt scena i rotunden i kongressbygningen med eit femtitals utvalde. På seteradane rundt talarstolen der Graham takka Gud for Donald Trump, sat etter vanleg kutyme næraste familie, tidlegare presidentar, Høgsterett, påtroppande regjeringsmedlemmer og viktige støttespelarar for den nyvalde presidenten. Påfallande nok var forsamlinga denne gong supplert med eit knippe svært velståande og prominente tech-milliardærar: Amazon-gründer Jeff Bezos, Facebook-sjef Mark Zuckerberg, Google-sjef Sundar Pichai og Apple-direktør Tim Cook hadde alle fått heidersplassar under innsetjingsseremonien. Eit signal på at store deler av amerikansk forretningsliv har forstått at Trump er ein mann ein må leve med, trass eventuell motvilje.

Små glimt av optimisme vart kontant følgt opp av klassisk trumpsk agg og klagemål.

Trump som før

Det forsamlinga fekk høyre, etter at bønnene var bedne og eidane avlagde – Trump gløymde, eller valte å la vere, å leggje handa på biblane kona Melania haldt opp då han skulle avleggje sin – var ikkje like sjokkerande som førre gong Trump haldt ei tilsvarande tale, men heller kjent stoff.

Små glimt av optimisme vart kontant følgt opp av klassisk trumpsk agg og klagemål.

Trump utropte ein gullalder for Amerika, og kalla det byrjinga på oppstoda for landet.

– Frå denne dagen skal landet vårt ha framgang, og bli respektert att over heile verda, sa den nyvalde presidenten.

Det gjennomgåande temaet i talen, som i mange talar av sin type, var nettopp denne gjenreisinga av Amerika. I ei vanleg innsetjingstale ville det ha forblitt høfleg usagt nøyaktig kva landet skulle gjenreisast frå, men Donald Trump har ingen slike skruplar.

Talen var på mange punkt nesten overraskande lik talane han haldt gjennom valkampen. Her var referansar til rettsprosessane mot han, sjølvsagt framstilt som politisk motivert forfølging. Han kom med angrep etter angrep på den avtroppande presidenten og hans politikk, og han piska landets politiske elite for å ha forrådd innbyggjarane.

– For amerikanske borgarar er 20. januar 2025 frigjeringsdagen, sa Trump.

I ei vanleg innsetjingstale ville det ha forblitt høfleg usagt nøyaktig kva landet skulle gjenreisast frå

Politikk og moral

Trump fokuserte på innvandring og økonomi i talen sin, og gjorde det klart at han vil sende ut fleire millionar «kriminelle innvandrarar», og at denne jobben vil starte så snart han kjem til Det ovale kontoret.

Under talen vart det også klart at han vil trekke USA ut av Paris-avtala og at vi kan forvente langt meir ivrig olje- og gassutvinning dei nærmaste åra. Han går også bort frå Biden sitt krav om at ein viss andel av privatbilsalet innan 2032 skal vere elbilar.

Tema vart også både Mexico-gulfen, som Trump vil gje namnet Amerika-gulfen, og Panama-kanalen, som han sa rett ut at han vil ta tilbake kontrollen over, mellom anna fordi kinesiske selskap i dag er delaktige i drifta av kanalen. Han nemnde elles ikkje Grønland i talen sin, trass den store merksemda han har gjeve øya dei siste vekene.

Trump sin utanrikspolitikk ser ut til å bli smalare fokusert på USA sine økonomiske og tryggingsbehov: Han kritiserte også den eksisterande politiske eliten for å vere villige til å bruke uavgrensa middel på å forsvare grenser i andre land, men ingenting på å sikre Amerika sine eigne grenser.

Det var lite raudt politikk-kjøt til dei kristne veljarane i Trump sin tale, han nemnde til dømes ikkje abort med eitt ord, men dei evangelikale fekk ein viktig siger: Den nyinnsette presidenten gjorde det klart at amerikanske styresmakter frå no av berre vil anerkjenne to kjønn, mann og kvinne. Kva praktiske konsekvensar dette vil få, veit vi enno ikkje.

Byen på fjellet


Det er sentralt i den amerikanske sjølvforståinga at ein ser på USA som eit særskilt land, med eit særskilt mandat. Predikanten John Winthrop kalla allereie i 1630 Amerika for «den skinande byen på fjelltoppen», ei referanse til Bergpreika.

I denne forteljinga passar dei positive delane av Trump si tale perfekt inn.

– Amerika vil snart vere betre, sterkare og langt meir eksepsjonelt enn nokon gong før, sa presidenten.

– Solskin strøymer no ut over heile verda.

Trump let heller ikkje høvet gå frå seg, då han snakka om attentatforsøket i sommar.

– Eg følte då, og trur endå sterkare i dag, at det er ein grunn til at eg vart berga. Gud berga meg for å make Amerika great again.

Det er ikkje berre Trump sjølv som set seg i frelsarrolla.

Tidlegare på dagen intervjua Washington Post Joshua Kist, som sto i kø for å komme inn i arenaen der Trump-tilhengjarane kunne følgje seremonien på storskjerm. Kist såg på det som ei teneste og støtte for Trump å vere i byen:

«Han har vore gjennom mykje,» sa Kist til avisa. «Han vart skoten for oss.»



Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land. Hun har jobbet i avisen siden 2022. Sigrid er kommentator og skriver da oftest om USA og amerikanske valg, Den norske kirke og aktuell samfunnsdebatt.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Mer fra: Kommentar