Om naturen er i trøbbel, er menneska i trøbbel. Det burde vere ei basal innsikt for alle tenkande individ på planeten vår. Likevel har naturtapet for lengst sprunge løpsk både i Noreg og internasjonalt. I løpet av dette hundreåret kan éin million artar vere utrydda, viser prognosar frå FNs naturpanel. Berre i Noreg har 2752 artar status som trua og kan stå i fare for å døy ut, viser tal frå den norske raudlista. Samtidig bygg vi ned den norske naturen i stor skala, som NRK for litt sidan viste i ein oppsiktsvekkande artikkel – 79 kvadratmeter natur i minuttet.
Nordmenn er eit folkeslag som er stolte av naturen sin. Det er vi med rette. Noreg har spektakulær natur, ikkje berre fjordlandskapet innover mot Geiranger, i nærleiken av der eg sjølv vaks opp. I kvart einaste fylke finst det naturperler av store og små format. Turistar kjem langvegsfrå for å oppleve naturlandskapet vårt. Kvifor klarer vi likevel ikkje å ta betre vare på det?
Om naturen er i trøbbel, er menneska i trøbbel
— Alf Kjetil Walgermo
Noreg – eit u-land?
Noreg verkar innimellom som eit u-land som kapitaliserer så hardt på sine eigne naturressursar at det risikerer å stå ribba tilbake. Vi kamuflerer og bortforklarer, for sjølvsagt er det viktig både med storindustri og lokale arbeidsplassar. Men dersom vi held fram lenge nok med å ete små, små bitar, er det til sist ikkje meir kake igjen. Dess meir norsk natur som må vike for utbyggingar, dess mindre kan det bli å feire i framtida.
Om naturen er i trøbbel, er menneska i trøbbel. Det er både finurleg og urovekkande om vi ikkje evnar å ta naturtapet inn over oss. Eg håper i det minste at regjeringa har lese rapporten frå naturrisikoutvalet, som kom i fjor, med argusauge.
Mange menneske lever i dag så fjernt frå naturen at dei står i fare for å gløyme han. Det gjeld også her i Noreg, der eg sjølv er ein del av urbaniseringa som har gått føre seg i landet vårt i lang tid. I oppveksten var eg eit fjellmenneske, både sommar og vinter. No bur eg rett ved eit naturreservat, men ferdast langt mindre i skog og mark enn eg gjorde som ung. Vegen går raskare ned asfalterte gater til Oslo sentrum enn ut på skogsstiane i marka. Byen er det ingenting i vegen med, men det finst samtidig eit visst vemod i erkjenninga av å ha blitt eit bymenneske. Står eg i fare for å gløyme naturen, åstaden for mange av mine sterkaste opplevingar? For meg er det ein sår ting. Like eins trur eg mange har mindre natur i livet sitt enn dei skulle ønske, sjølv om vi innimellom er flinke til å komme oss ut i helgene.
Smittande naturengasjement
Det finst heldigvis somme blant oss som løfter opp naturen for oss så vi kjenner det røskar både i sjel og turstøvlar. I helga var det premiere på Lars Monsens nye naturprogram, «Monsen og nasjonalparkene». I åra framover skal Monsen besøkje så mange han klarer av dei 48 norske nasjonalparkane. Første turen gjekk til Øvre Pasvik nasjonalpark i Pasvikdalen ti mil sør for Kirkenes, ei norsk naturperle klemt inne mellom Finland og Russland.
Monsens naturengasjement er av det smittande slaget. Han kan få tre harr med fiskestonga og sjå like lykkeleg ut som eit barn på julaftan. Sjølvsagt skal han etter kvart også feire julaftan i den vinterkledde nasjonalparken. Å dra til skogs når det er jul er for Monsen ein måte å flykte frå kjas og mas og i staden finne roa i seg sjølv. Han jaktar den, sitat, «rolige godfølelsen som kommer i urskogen».
Vi treng alle å vende tilbake til den norske naturen, i ein eller annan forstand
Når eg ser Monsen på tur i den norske naturen, går kvilepulsen ned. Sjølv når han leiter etter bjørn, og seinare installerer seg i sitt vesle telt, er det meditativt, ikkje ei kjelde til stress. Å vere utan dekning på mobilen, lytte til vinden i tretoppane, sove ti timar om natta og ete reinsdyrsuppe saman med ein lokal skoltesame – burde vi ikkje alle leve på dette viset i kortare eller lengre periodar?
Må snu utviklinga
Monsens program er berre eitt av fleire, særleg på NRK, som inspirerer til fornya engasjement for naturen. Bård Tufte Johansen gjorde det same med «Oppsynsmannen» for eit år sidan. Her reiste han rundt i landet vårt for å forstå meir av naturkrisa som har ramma oss. Han fekk enorm respons.
Anne Lindmo bidrog gjennom sitt friluftsprogram «Frifot» til å opne auga våre for kortreiste naturopplevingar. Sjølv eit bymenneske som meg har Østmarka rett utanfor stovedøra! Terskelen treng altså ikkje vere så høg for å komme seg ut i bynær natur. Om vi ikkje har to veker disponible til eventyr i Pasvikdalen, er det for mange av oss berre ein halvtime før vi kan stå midt ute i skogen.
Lars Monsen, Anne Lindmo og Bård Tufte Johansen er ute på viktige oppdrag i norsk natur. Dei opnar auga våre for det som står i fare for å gå tapt. For oss er det avgjerande å ikkje la naturengasjementet bli til nostalgi. Det vi lengtar etter, er verdt å kjempe for – før det er for seint.
Vi treng alle å vende tilbake til den norske naturen, i ein eller annan forstand. Naturen treng at vi spelar på lag for å snu utviklinga. Elles er det fort vi sjølve som hamnar i det største trøbbelet.