Demagogane på ytre høgre har gode dagar og meir sjølvtillit på veg inn i det nye året. Sannsynlegvis oppmuntra av den snarlege innsettinga av president Donald Trump, ser vi at Elon Musk prøvar å påverke valkampane i fleire europeiske land, til støtte for kandidatar på ytre høgre. Jonas Gahr Støre sa måndag at han håpa eit samla politisk miljø i Norge ville ta til motmæle dersom Musk skulle komme til å blande seg inn i vår valkamp.
Musk symboliserer mykje av det som er gale med vår tid: grenselaus økonomisk ulikskap og ei menneskefiendtleg stemning i sosiale media.
Kong Harald er best
Det drivstoffet som gir Musk mest sjølvtillit, er den ekkokammer-politikken vår tid er prega av. Av alle menneske som kjempar mot denne utviklinga er kanskje kong Harald den fremste og beste representanten. Ja, du las rett. Sjølvaste kongen er det vi treng når verda rasar og fiendskapen aukar. Kongen har rett og slett politisk effekt. I tillegg seier han veldig kloke ting om også dette.
Ein ting er at folk er usamde om politikk. Det har folk vore til alle tider. Ein annan og ganske ny trend er at folk som er usamde, ikkje lenger snakkar saman og at vi i aukande grad held oss meir i våre eigne ekkokammer. Ein god del av skulda har algoritmane på internett, som framhevar innhald dei allereie veit du vil like. Det handlar om kva film- og serieforslag du får på Netflix like mykje som kva musikk du får opp på Spotify, til kva innhald du ser i Facebook- eller Instagram-feeden din. Sannsynlegvis endar du også opp med å bli meir deg sjølv, meir skråsikker. Høgrefolk blir meir overtydd om lågare skattar, medan sosialistar blir meir kritiske til høg inntekt. Felles er mindre forståing for motsett syn.
I møte med desse algoritmane blir du meir deg sjølv. Kvifor er det så farleg?
Vi treng faktisk mindre av deg
Fordi vi menneske er fellesskapsvesen. Det er som Marit Slagsvolds bok tydeleg formidlar: Jeg blir til i møte med deg (2016). Eller den lovande tittelen på Bjørn Gregory Stærks bok Ingen tenker alene – der eg sjølv har blitt intervjua om kunsten å skifte meining – som kjem seinare i januar.
At vi flokkar oss til dei som liknar oss er kanskje uunngåeleg, men det er viktig å gjere det vi kan for å motverke det. Ein av dei tinga vi kan gjere for å bøte på det, er å lytte til andre perspektiv. Boka How to Know a Person (2023) av David Brooks viser retning i så måte.
Meir treng vi å øve denne tole-muskelen i møte med usemje dag enn nokon gong
Gode relasjonar både på individ- og samfunnsnivå handlar ifølgje Brooks om å lytte djupt til andre. Dei fleste av oss er ekstremt dårlege til det, mykje dårlegare enn vi trur. Til dømes viser Brooks til forsking som har funne at folk flest ikkje er flinke nok til å stille andre genuine spørsmål. Det er – til manges overrasking – forskjell på å underhalde andre, og stille dei interesserte og informerte spørsmål.
Eit anna sentralt poeng i Brooks bok er at folk ofte har ei forståing av kven dei er sjølv, men at det først er i møte med andre – til dømes når ein fortel si eiga livshistorie til nokon – at folk verkeleg forstår kven dei er. Kanskje fordi dei då vil la seg utfordre på ein annan måte enn dei gjer oppe i eige hovud.
Vi må lære oss å tole usemje
Derfor var kong Haralds nyttårstale særs god på spesielt eitt punkt: Kongen snakka om at noko av det som gir han håp inn i det nye året, «er å se hva som kan skje når vi snakker sammen. Når vi rekker ut til en hånd til noen vi er uenige med og som er annerledes enn oss. Det kan være strevsomt. Men et samfunn der vi ikke snakker med andre enn dem som likner på oss selv, blir både fattigere og farligere.»
Så viste kongen til førebileta som dei unge vegvisarane – samiske, jødiske og muslimske – representerer. Dei som reiser rundt til skuleklassar over heile Norge for å fortelle kven dei er og kva dei står for. Deretter oppmoda kongen oss til å vere like modige, ved å møtast og snakke saman. Fordi, som kong Harald sa, er kunnskap og samtalar effektiv medisin mot fordommar.
Kostnaden er kanskje ein times lang, femti kroner eller deromkring. Gevinsten er samfunnsendrande
Ei av fellene mange går i, er å tenke at dialog mellom menneske handlar om å bli samde. Men det er eit unødvendig strengt krav. Det held å snakke saman, få fram ulike argument og tole denne usemja. Det er noko alle treng øving i. Meir treng vi å øve denne tole-muskelen i møte med usemje i dag enn nokon gong – fordi så mange krefter dreg i motsett retning av sterkare ekkokammer og eit klamt krav om semje.
Livsnaudsynt for demokratiet
Kongens oppmoding var klar: «Jeg vil oppfordre hver og en i det nye året til å invitere en du er uenig med til en kaffeprat. Det vil kanskje by på noen positive overraskelser!»
Kostnaden er kanskje ein times lang, femti kroner eller deromkring. Gevinsten er samfunnsendrande. Det bør vere overkommeleg som nyttårsforsett inn i det nye året.
For å bruke store, men rette ord: Det kan faktisk vere livsnaudsynt for det demokratiet vi alle er ein del av.