Her kan den neste storkrigen kome

Kor mykje er vi villige til å ofre for Taiwan?

Donald Trump har gjort det klart at tryggleik er noko ein må betale for.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Nesten kvar dag tar taiwanesiske jagarfly til vengene for å identifisere kinesiske fly i Taiwanstredet. Målet for kinesarane ser ut til vere å gi Taiwan eit tydeleg varsku om at ein militær aksjon kan komme når som helst.

I den glitrande boka Stormens Øy, fortel journalisten Kristoffer Rønneberg historia om Taiwan. Øya i sør-Kina-havet som Kinas leiar Zi Jinping har lova å innlemma i Kina. Han møter jagarflygaren under dekknavnen Hodor, som har seks minuttar på seg til å få F16-flyet på vengene når alarmen går.

Den farlegaste staden i verda

I oktober lova Kinas leiar Xi Jinping å «gjenforeine» Taiwan med Kina, sjølv om Kina aldri hatt kontroll over øya. Om han gjer alvor av truslane, er det ingen som veit. Kvar dag legg forsvarsdepartementet på øya ut rapportar om kinesisk militær aktivitet i området, som The Economist har kalla den farlegaste staden i verda.

Fire gonger har USAs president Joe Biden lova å forsvaret øya om Kina angrip. Hans etterfølger Donald Trump har bedt Taiwan betale meir for å oppretthalde støtta.

Fire scenario for konflikt

Ekspertane skisserer ulike alternativ for korleis ein krig kan utfalde seg, skriv Rønneberg i boka: Ein fullskala invasjon av Taiwan. Ein blokade. Missilangrep. Eller ein okkupasjon av Dongsha-atollen.

Den vesle atollen Dongsha ligg 400 kilometer sørvest for Taiwan, og har knapt plass til ein flyplass. Men tar Kina Dongsha-atollen, vil Taiwan måtte reagere. Det kan fort dra USA inn i ein militær konfrontasjon.

Tryggleikspolitikken er også blitt bodkamp

USA har ein tvitydig politikk overfor Taiwan.

For å forstå det, er det naudsynt å ta eit kjapp tilbakeblikk på Taiwans kompliserte forhold til omverda. Då han tapte krigen mot Mao Zedong i 1949, flykta nasjonalistleiaren Chang Kai-Shek til Taiwan. Her etablerte han eit autoritært styre, som hadde som mål å fri Kina frå kommunistisk styre.

Då Kina vart anerkjent av FN i 1971, tok Kina Taiwans plass.

Det er få land, heller ikkje Norge, som anerkjenner landet. Taiwan har heller ikkje formelt erklært sjølvstende. Men det betyr ikkje at Kina kan gjere som dei ynskjer. USA underteikna i 1979 Taiwan relations act, som opna for våpenstøtte. USA ynskjer ingen endring i status, og har sagt dei vil reagere dersom Kina gå til åtak. USA har ingen offisielle, politiske band til Taiwan, men sel likevel våpen til øya.

Men dei ynskjer heller ikkje at Taiwan skal provosere fram ein konflikt med å erklære sjølvstende.

Vil reise tollmurar

Dei fremste utanrikspolitiske analytikarane har hatt ein travel haust med spå kva som skjer når Trump tek over makta 20. januar. Overfor Kina har Trump vore klår på at han vil reise tollmurar på kinesiske produkt. Kina har planane klare for korleis dei skal svare.

For Taiwan er spørsmålet om handelskrigen vil bli varm. Og spørsmålet om tryggleik er knytt til økonomi.

Trump: Taiwan har «tatt» mikrobrikkeindustrien

I valkampen gav Trump uttrykk for at Taiwan ikkje betalte nok for støtta frå USA. Han gjentok også at øya har «tatt» USAs mikrobrikke-industri. Slike brikkar finst i alle mobiltelefonar og det meste høgteknologisk utstyr. I dag vert 90 prosent av desse produsert på Taiwan.

Då Trump annonserte at Marco Rubio blir USAs neste utanriksminister, pusta mange på Taiwan letta ut. Rubio har erklært seg som ein støttespelar til både demokratiaktivistane i Hongkong og til Taiwan. Spørsmålet om han vil kunne balansere innflytelsen til Elon Musk, som har ein god tone med regimet i Beijing og som er avhengig av Tesla-fabrikkar i Kina.

Spørsmålet Norge også må stille seg er kva prisen vil bli for å trasse Trump i forholdet til Kina. For Taiwan kan prisen av å ikkje tilby Trump det han ynskjer, bli katastrofal.

Kva betyr dette for oss?

Ein krig mellom USA og Kina vil medføre eit samanbrot i internasjonale handelskjeder. Konsekvensane for små, opne økonomiar vil bli enorme. Sjølv om det berre vert brukt handelspolitiske våpen i konflikten med Kina, kan konsekvensane bli store.

Seks år etter at nobelkomiteen gav Nobelprisen til dissidenten Liu Xiaobo, var Norge i den diplomatisk fryseboksen til Kina. Dit vil ikkje Norge tilbake. Regjeringa har gjort det klårt at Norge vil stå saman med EU.

«Frå norsk side støtter vi den europeiske grunntanken om risikoreduksjon framfor såkalla frakobling», sa Barth Eide i sin utanrikspolitiske utgreiing i vår.

– Vi må forvente at dei vil ha meir tilbake

Konservative Heritage foundation, som står Trump nær, meiner at fråkopling frå Kina er uunngåeleg. Spørsmålet om å fråkople Kina frå Vesten splittar USA og Europa, og det vil bli enda tydelegare når Trump tek over skriv Foreign policy.

Allereie før han tek over, har Trump starta med å kjøpslå om tryggleikspolitikken. Det blir lagt merke til i Taiwan. «Vi må forstå at Trump er transaksjonsbasert. Dersom han gjer oss ei teneste, må vi forvente at han ynskjer meir tilbake», seier Jason Hsu frå Hudson institute til Foreign policy.

Tryggingspolitikken styrt av tenester

Ved å stå fram uføreseieleg, kan Trump få statsleiarar til å strekkje seg langt for å få Trump til å lytte. Men kor mykje er vi viljuge til å betale for å at Trump skal fortsette å støtte Ukraina?

Når tryggleikspolitikken blir styrt av eit bytteforhold, kva kan vi vente han vil ha som «betaling» dersom forholdet mellom Kina og USA verkeleg bryt saman?

Spørsmålet Norge også må stille seg er kva prisen vil bli for å trasse Trump i forholdet til Kina. For Taiwan kan prisen av å ikkje tilby Trump det han ynskjer, bli katastrofal.

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland har vært nyhetsredaktør i Vårt Land siden august 2022. Han har ansvar for nyhet- og publiseringsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar