For Jonas Gahr Støre hadde årets nyttårstale fleire funksjonar enn vanleg. Overordna pleier talen vere eit nasjonalt leirbål, ein statusrapport, ein motivasjonstale – inn i det nye året. Like mykje har nyttårstalane til norske statsministrar ofte fungert som oppspel til valkamp. I år var kanskje den viktigaste funksjonen for Støre kva rolle talen spela overfor hans eige parti.
Derfor var det interessant å sjå kva tema Støre valde å fylle talen med. Han kunne enkelt ha brukt den usikre tryggleikspolitiske situasjonen, snakka om alle farene som trugar ved våre grenser, for å styrke argumentasjonen om at han er rett leiar for partiet, og rett mann i statsministerstolen. Det finst ingen i Ap som kan matche Støres CV. Heller ingen annan stad i Norge.
Til ungdommen
Det gjorde han ikkje. Derimot åtvara Støre mot ungt utanforskap og skjermbruk for unge. I enkelte passasjar verka det som om kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun hadde skrive nyttårstalen. Dessutan brukte Støre tid på det som har vore hans kjernebodskap sidan november 2023: at folk skal få betre råd og at vi er ved eit positivt vendepunkt i økonomien.
Den sterkaste og viktigaste bodskapen, var den Støre retta til ungdommen.
Du er god nok, sa Støre til ungdommen. Spørsmålet er kva dei og Arbeidarpartiets valkomité svarar tilbake. Det er høgst usikkert
Der snakka han om korleis hans regjering har tatt grep for å sikre mobilfri skuletid. Her viste Støre seg på sitt aller beste, som ideolog med sans for gjennomføring av praktisk politikk. Som han sa: «Vi blir til – i møte med hverandre. Derfor må vi være mer i øyehøyde». Han henvendte seg også til ungdommane direkte og sa rett inn i kamera: «Du er god nok!»
På den måten viste Støre folket og sine eigne partifellar at han også bryr seg om dei nære ting, her heime, i folks kvardag.
At han har mektige vener, fasjonabelt nettverk og god peiling på utanrikspolitikk, trong han ikkje fortelje.
A-laget på NRK
Gjennom jula har det vore få eller ingen saker om opprøret i Arbeidarpartiet. Ein del har tolka det som at diskusjonen om å skifte ut partileiaren er over. Det er ei grov feilslutning. Tvert om ser det ut til at diskusjonen om partileiarens framtid føregår i dei rom og organ der den er meint å føregå, på innsida av partidemokratiet.
At Støre valde å tale til ungdommen i nyttårstalen blir lagt merke til. Fleire har også brukt jula til å sjå det nye NRK-programmet A-laget, der Støre som første gjest viste fram kvalitetar mange har sakna. I møtet med personane med spørsmåla frå ei gruppe menneske på spekteret og med funksjonsvariasjonar, var statsministeren varm, jordnær og til stades. Han var, for å bruke hans eige omgrep, «i øyehøyde».
Det er ingen grunn til å overvurdere effekten av verken nyttårstalen eller framføringa i A-laget.
Som Vårt Land viste i ein reportasje tidleg i det nye året, slit Støres parti med å treffe dei ungdommane Støre talde til. Støres ungdomsparti, AUF, hadde i 2019 136 lokallag. I 2023 var talet 105. Som Jan Halvor Vaag Endrerud, generalsekretær i AUF, skreiv i ein e-post til Vårt Land, er det «ikke noen hemmelighet at det har gått nedover med Arbeiderpartiet de siste årene. Det rammer selvfølgelig også AUF hardt». Nesten kvart femte lokallag er borte.
Politiske talent med erfaring
Her er vi nok ved kjernen i noko som kjem til å bli viktig i den interne diskusjonen om Jonas Gahr Støres framtid som partileiar. Sjølv har Støre lagt vekt på at han har bygd eit parti for framtida og lagt til rette for eit generasjonsskifte. Det har han mellom anna gjort ved å løfte fram profilar som Jan Christian Vestre, Tonje Brenna, Cecilie Myrseth, Kari Nessa Nordtun, Lubna Jaffery, Karianne Tung, Andreas Bjelland Eriksen og ei rekke yngre partifolk i stillingar som rådgjevarar og statssekretærar.
I Støres fortelling om sine år som partileiar har hans evne til å fornye partiet vore sentral. Det er heilt sant at han har skapt ein ettervekst av politiske talent med erfaring frå politikkens tindar.
Ein del av Jonas Gahr Støres arv har derfor også blitt at han mista grepet om ungdommen. Nokre velvalde ord i nyttårstalen er nok ikkje formatet som vinn dei tilbake
Men, som Vårt Lands sak viser og som vi såg under valkampen i 2023, har Arbeidarpartiet mista grepet om dei unge veljarane. I fjor vart partiet nesten utradert blant unge menn. Blant menn under 25 var oppslutninga sju prosent. Ein del av forklaringa ligg i høgredreiinga i tidsånden. TikTok og megatrendar har kanskje mykje av skulda. Det er likevel ikkje tilfredsstillande for eit politisk parti som har ambisjon om å styre Norge til ei kvar tid.
Ein del av Jonas Gahr Støres arv har derfor også blitt at han mista grepet om ungdommen. Nokre velvalde ord i nyttårstalen er nok ikkje formatet som vinn dei tilbake.
Du er god nok, sa Støre til ungdommen. Spørsmålet er kva dei og Arbeidarpartiets valkomité svarar tilbake. Det er høgst usikkert.