Kommentar

Sjå, han stammar!

Det finnes knapt gode framstillingar av stamming i populærkulturen. Men i haust har vi fått eit prakteksempel.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Å stamme er veldig ubehageleg, og eg trur det også er ubehageleg for dei som høyrer på. For når eg stammar, leiter eg desperat etter andre ord eg kan bruke. Men eg trur at dei som lyttar og ser på, ikkje heilt veit kva som skjer, og uforvarande avbryt meg eller fullfører setningane mine.

I haust har vi fått ein tv-serie som kanskje aukar kunnskapen om kva stamming er og korleis vi skal stelle oss til dei som stammar. Det skjer i The Penguin, som går på strømmekanalen MAX, ein mørk gangster-serie som kan skryte av noko som knapt har finnes på tv-skjermen før: Ei heilt ut ekte og pålitande framstilling av stamming.

Nervøs eller latterleg

Om vi ser bort frå The King´s Speech frå 2010, filmen der Colin Firth fekk Oscar for å portrettere stamminga til Kong George VI, har stamming i filmar og tv-serier stort sett vore framstilt på to måtar.

Det mest vanlege er når stamming blir gjort til eit uttrykk for at karakteren er veldig redd eller stressa. Derfor stammar han eller ho. Slik som i skrekkfilmen It som kom i to delar i 2017 og 2019. Der møter vi Bill, ein av hovudpersonane, som stammar. Her er stamminga eit slags verkemiddel som skal vise resultatet av eit traume (veslebroren vart drept av ein klovn) eller ein konstant redsel (klovnen kan komme tilbake!). Eit anna liknande eksempel er Die Hard III frå 1995. Der stammar skurken, portrettert av Jeremy Irons, da han blir stressa over telefon. Igjen blir det aldri gjort noko større nummer ut av det, anna enn å vise at skurken vart stressa.

Den andre måten stamming har blitt vist på lerret og skjerm, er som ein komisk effekt. Dette finnes det heldigvis få nye eksempel på, men også her er stammingen eit virkemiddel: Vi skal le av kor komisk stamming er. Det beste eksemplet på ein slik bruk er i den utdaterte 80-talls klassikaren A Fish Called Wanda. Der speler Michael Palin ein litt enkel skurk som stort sett aldri får sagt ifrå om det han må seie ifrå om, fordi han stammar og ikkje får orda ut av munnen.

Men med The Penguin har vi fått eit nydeleg eksempel på korleis stamming kan, og bør, bli skildra på skjermen.

Når du skal dumpe eit lik...

Det er superstjerna Colin Farrell som speler Oz Cobb, også kjend som superskurken Penguin (eller Pingvinen som han heiter i dei gamle teikneseriane). Allereie i første episode møter Oz ein ung mann, Victor (spelt av Rhenzy Feliz), som prøver å stjele bilen hans. Oz tvinger Victor til å bli med og skjule eit lik. Men i staden for at Oz tek livet av Victor etter at dei dumpar liket, tek Oz Victor med seg.

Utover i serien utviklar dette forholdet seg og dei to blir meir enn sjef og undersått. Til tider er Oz ein slags farsfigur, mens Victor tek val som heile tida gjer at han kjem nærare og nærare den kriminelle og samvitslause Oz.

Det er lite ved The Penguin som er verkeleg originalt, det meste liknar ting du har sett før, både i gangster-sjangeren og i superhelt-sjangeren. Men med Victor har serieskaparane skapt noko unikt.

Slik vi snakkar

For eg kjem ikkje på eit liknande eksempel på stamming i ein tv-serie.

I podkasten Stuttertalk fortel skodespelar Marc Winski, som sjølv stammar, korleis han var stemme-konsulent for The Penguin. Winski arbeidde tett med Rhenzy Feliz, som speler Victor, for at stamminga til Victor skulle vere så autentisk som mulig. Og allereie i dei første scenene med Victor i The Penguin er det openbart at Victors stamming ikkje er der for å understreke eit poeng eller for å framheve eit trekk ved karakteren.

Stamminga til Victor berre er der. Det er slik han snakkar, akkurat som alle dei andre i serien snakkar.

Korleis vi snakkar, seier noko om kven vi er

Og sjølv om dette høyres rart ut, for stamming er uvanleg og blir lagt merke til, er ikkje stamming uttrykk for moralen eller dei personlege eigenskapane til mennesket som stammar. Stamming er ein talemotorisk vanske som inneber ein ufrivillig stopp av lyd eller luft hos den som snakkar.

Victor har mange lyter og mangler i The Penguin, og han har nokre gode sider også. Men stamminga har ikkje noko med dette å gjere. Det er berre slik Victor snakkar.

Gode råd frå Pingvinen

Derfor er det ei lette å sjå Victor på skjermen. For endeleg slepp vi å bli fortalt at vi stammar fordi vi er nervøse eller at vi må puste roleg eller at stamming er eit resultat av kven vi er. Og vi slepp å bli ledd av som dumme.

Attpåtil viser Oz seg å vere ein god rådgjevar. I ei nøkkelscene i serien tvinger Oz ein kelner til å halde kjeft og lytte når Victor jobbar seg gjennom noko så enkelt som å bestille ein biff.

Eg stamma sjølv som barn og ungdom, og stammar framleis litt som vaksen, men eg veit kor lett det er å droppe å bestille den biffen. Eller å la nokon andre fullføre det ein skal seie. Eller som eg ofte gjer: Eg held kjeft.

Oz nekter å la dette skje. Han spør ikkje kvifor Victor stammar. I staden seier han at Victor skal gi blaffen i kva andre tenker.

Ta heller kampen, ta rommet, seier Oz.

Det trur eg er eit godt råd.

Ei lita openberring

Korleis vi snakkar, seier noko om kven vi er. Og rommet for å ha ei annleis stemme, eller ei stemme der orda heng seg fast, er lite og trangt. Det finnes altfor få eksempel på folk som stammar i populærkulturen. Og når det er lite av noko i populærkulturen, er det også lite aksept for det.

Det er mange grunnar til å sjå The Penguin (og også nokre grunnar til å ikkje sjå den), men for oss som stammar eller som har levd med kjente og kjære rundt oss som stammar, er portrettet av Victor ei lita openberring. Han er riktignok høgrehanda til ein fæl, fæl skurk, men han viser at tale er gull og tie er tull, også for oss som stammar.


Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar