Kommentar

Fred og flukt i jula

Kan vi midt i julestemninga ta til oss historia om Josef, Maria og Jesus som måtte flykta for livet?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

«Hvordan kan vi være morgendagens kirke?» spurde Per Arne Dahl i ein kronikk. Biskopen var full av lovord om to ferske bøker og glad for salmepubar, lovsong og kristent ungdomsarbeid. Eg hadde nok venta meg fleire idear som svar på spørsmålet Dahl stilte. Men det skal han ha, den gode biskopen, han siterte filosofen Thomas Halik: «Virkelig fornyelse i kirken kommer aldri fra biskopene, skrivebord eller konsiler fylt av eksperter.»

Halik og Peter Halldorf, som har skrive bøkene Dahl løfta fram, «advarer mot byråkratisering og sekularisering som tapper kirken for liv og kraft». Dagar etter kronikken fekk vi vita at Den norske kyrkja må kutta 65 stillingar for å redusera underskot. Morgondagens kyrkje er tvinga til å tenkja gjennom kva byråkrati ho treng, og kva ho må kvitta seg med – før påske.

Eg hugsar frå mine år som leiar i eit sokneråd at det var mykje vi ikkje tok til oss av brev frå kyrkjeråd og bispedømme

Brev vi la bort

Eg hugsar frå mine år som leiar i eit sokneråd at det var mykje vi ikkje tok til oss av brev frå kyrkjeråd og bispedømme, utover det viktige arbeidet som Borg dreiv og driv for integrering av menneske med nedsett funksjonsevne. På eit område der vi som sokneråd lukkast – å mangedobla gjevartenesta – fanst det inga byråkratisk hjelp å få.

Sjølvsagt trengst det byråkrati for langt meir enn å betala ut løn og få datasystem til å fungera, som Vårt Land hevda. Internasjonalt kyrkjeliv krev folk, for å nemna noko. Forsoning med samar og jødar er to brennbare spørsmål lokalkyrkja ikkje kan sitja med eineansvar for.

Men morgondagens kyrkje må ha langt færre blytunge saker og høyringar som tærer tid og krefter i alt frå sokneråd til Kyrkjemøtet. Det finst gode argument for alle reformene kyrkja var gjennom for eit tiår sidan. Men ingen av dei stoppa nedgangen i gudsteneste- og dåpstal som var tydeleg alt før pandemien, og som fekk drahjelp under pandemien.

Det var god grunn til å klandra staten som gav kyrkjene altfor stramme pandemi-reglar. Men vi som kyrkjefolk kan også klandra oss sjølve: Det var køar og klagerop ved polutsal, men ingen køar ved dei stengde kyrkjedørene.

Dei fattige må også i dag oppleva jula som ein gledesbodskap, ikkje som ein fest dei ikkje maktar å vera med på

Kveler kyrkja

Morgendagens kyrkje må snakka ærleg om faktorar som kan kvela henne. Pensjonskostnadane, til dømes. Kyrkja har lenge klaga på at staten ikkje har sendt pengar slik at kyrkja kan halda seg med pensjonsordninga frå tida som statskyrkje. Klaginga bør det bli slutt på. Men det står ingenting i budsjettsaka frå Kyrkjerådet om behovet for forhandlingar om ny pensjonsordning.

Ja, lokalkyrkja må skjermast. Men siste åra er det kutta prestestillingar, og kyrkja slit med å fylla ledige stillingar. Politiske parti trugar med større kutt. Den norske kyrkja sentralt må forsvara offentlege løyvingar mot tankelaus politisk argumentasjon. Men rundt i lokalkyrkja må dei friviljuge dyrkast. Dei usynlege heltane i kyrkja, som det er skrive bok om i Bergen, må kjenna at dei er med og at dei er verdsette, ikkje berre folk som får tildelt oppgåver.

Men morgondagens kyrkje består også av friviljuge som ser at framtida for kyrkja er heilt avhengig av at også dei brettar opp ermene for å leva ut Jesu kjærleik. Ja, yngre må gjerne bli like trufaste som eldre var. Men vi som snart blir pensjonistar eller alt er blitt det, kan ikkje seia at vi vart pensjonerte også frå forpliktande teneste. Dersom vi vil at kyrkja skal vera der når vi kjem éin søndag, må vi vera der for andre på andre søndagar.

Det store med vismennene var at dei ikkje reiste heim, djupt skuffa, straks dei oppdaga at barnet ikkje var på slottet

Julekyrkje for fattige

Morgondagens kyrkje skal, skreiv Dahl, vera julekyrkje, påskekyrkje og pinsekyrkje. Det var ikkje akkurat radikal bispetale. Men lat oss grunna på dette med julekyrkje, sidan langt færre kom til kyrkje i jula i fjor enn for 15-20 år sidan: Dahl føreslår det ikkje, men kyrkja kan gjerne laga gudstenester i det moderne «gudshuset» – altså på kjøpesenter. Men kyrkja må ikkje dra dit for å smørja kassaapparata med endå meir koseleg julemusikk.

Kyrkja må formidla at dei første som fekk høyra om den store gleda, var dei fattigaste – nokre forfrosne gjetarar. Dei fattige må også i dag oppleva jula som ein gledesbodskap, ikkje som ein fest dei ikkje maktar å vera med på.

Historia om dei vise menn, som vi les i Matteus 2, handlar ikkje først og fremst om gull, røykelse og myrra. Det store med vismennene var at dei ikkje reiste heim, djupt skuffa, straks dei oppdaga at barnet ikkje var på slottet. Dei drog heilt fram og bøygde kne for barnet, fødd i fattige kår.

Slepp til dei forfølgde

Kan kyrkja dessutan invitera inn i julegudstenestene menneske som sjølve har opplevd resten av juleevangeliet etter Matteus? Dramaet startar nemleg der julesongane avsluttar forteljinga om vismennene og gåvene: Josef stod opp midt på natta og tok Maria og Jesus med. Dei flykta for livet. Kong Herodes hadde sendt soldatar for å drepa alle barn under to år. Ramaskriket frå mødrene lyder hjarteskjerande ut av det evangeliet vi ikkje orkar ta innover oss i jula då vi skal ha så god stemning.

Mange kristne lever i vår tid med ein rasande herskar som tyr til vald mot dei som trur på barnet som vart fødd i Betlehem. I våre heimar er det dirrande spenning om nissen kjem. I iranske huskyrkjer er det frykt for at politiet bankar hardt på døra midt i juleevangeliet. Toler vi at nokon røskar tak i julefreden vår?

Morgondagens julekyrkje må løfta fram den store gleda – for fattige, for vise som bøyer kne og for dei som vert forfølgde. Slik kan vi også forstå meir av englesongen om fred på jorda, sjølv om freden ikkje har nådd markene der songen først lydde.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Mer fra: Kommentar