Kommentar

Forboden bok i Arendal

Arendal kommune går på trynet i eit forsøk på skape tillit blant foreldre. Det er ikkje eit enkelt litterært verk som veltar samarbeid mellom skole og heim.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Er bøker farlige?

Ja, er svaret frå skolesjefen i Arendal kommune, Karl Axel Moen.

Agderposten meldte at Genderqueer – en selvbiografi av Maia Kobabe ikkje skal vere tilgjengeleg på barneskoler i kommunen. Moen har bedt Roligheden skole, som allereie hadde kjøpt boka, om å fjerne den frå skolebiblioteket. Nokre timar seinare kunne Aftenposten melde at rektoren på skolen snudde, og lar boka bli ståande på skolens bibliotek.

Reaksjonane på at boka skulle bli fjerna, var sterke frå mange hald, men skolesjefens reaksjon er ei gammel løysing på eit nytt fenomen.

Foreldres store frykt

Redselen for at bøker kan korrumpere barn og unge dukkar stadig opp. Eg har sjølv arbeidd i bibliotek og kjenner godt til at foreldre ofte har sterke meiningar om barn og bøker. Dei aller fleste foreldre ønskjer at barna skal låne og lese fleire bøker. Og så er det også ein del foreldre som kan vere veldig opptekne av kva som kan skremme, støte eller beint fram vere skadeleg å lese for barna.

Om vi ser objektivt på det, er det ikkje vanskeleg å sjå kva som er den store trusselen når det kjem til barn og lesing: Det er at barn les mindre enn nokon gong.

Og ingenting tyder på at den synkande lesetrenden kjem til å snu. Så her har foreldre som er bekymra for barna sine heilt rett. Og dei gjer rett i å komme til biblioteket for å få hjelp til å auke lesegleden, for bibliotekarar har stor kompetanse i å finne fram god litteratur som fenger barn og unge.

Men frykta for at enkelte bøker kan vere skadeleg for barn og unge, finnes det lite grunnlag for.

Må Arendal kommune ta bort Genderqueer frå barneskolen for å skape eit godt samarbeid med foreldra til elevane?

For sterke seksuelle skildringar

Og likevel hamnar vi her. Når skolesjef Moen vil fjerne Genderqueer frå barneskolar i Arendal kommune, svarar han eigentleg godt for seg. Han meiner det ikkje er sensur, men stadfester at han tek bort boka på grunn av dei seksuelle skildringane. At boka attpåtil er ein teikneserie, gjer nok at mange satte kaffien i halsen da dei såg saken i Agderposten. Der har dei trykt bilde som viser eksplisitte seksuelle teikningar.

– Det handlar om å skape eit godt og tillitsbasert samarbeid med foreldra, seier Moen til Agderposten.

Og det er her det rett og slett er vanskeleg å følge Moen.

For må Arendal kommune ta bort Genderqueer frå barneskolen for å skape eit godt samarbeid med foreldra til elevane?

Undergrev tilliten til tilsette

I så fall har Moen feila som skolesjef. Det er ikkje eit enkelt litterært verk som veltar samarbeid mellom skole og foreldre. I staden burde Moen lent seg på bibliotekarar og lærarar og sagt at vi har dyktige fagfolk i kommunen vår. Dei har kompetanse til å drive litteraturformidling og til å snakke med elevar om vanskelege og utfordrande tema.

Om bibliotekarar og lærarar skal få lov til å gjere det, må dei stå fri til å bruke verk i undervisning og formidling utan å måtte få dei godkjent av den øvste politiske leiinga. Moen har med denne handlinga kraftig undergrave tilliten til dei tilsette i kommunen.

Men han har også sett seg blind på foreldrepress, og gløymt at han som skolesjef må tole å stå i stormar. Arendal kommune burde sagt ifrå om at biblioteket skal ha rom for all slags type litteratur. Det skal vere opp til bibliotekarane kva for litteratur dei vil formidle. Det er opp til lærarane kva for litterære verk dei skal bruke i undervisninga i klasseromma. Det er opp til foreldra kva dei vil la barna sine lese.

Men det bør ikkje vere opp til den politiske leiinga eller skolesjefen i kommunen å avgjere kva for litterære verk som skal finnes i biblioteket.

Inntrykket av at dei vaksne eigentleg ikkje heilt forstår barn og unge vert stadfesta

Politisk handlekraft, men på feil stad

Denne saka blir enda grellare når ein ser kor langt skjermbruken har gått blant barn og unge. I mange år har foreldre klaga over korleis skjermen har tatt over skoletimar, matpauser og til slutt også barneromma heime. Det tok lang, lang tid før det kom politiske vedtak for å verne barn og unge mot skjerm, og framleis går det sakte.

Men når det kjem til å stoppe ei bok som tek for seg kjærleik og seksuell utforsking, viser politikarane i Arendal stor handlekraft.

Og det stadfester inntrykket av at dei vaksne eigentleg ikkje heilt forstår barn og unge. For når så mange har tilgang til nettet, er det naivt å ikkje tru at barn og unge ser ting på skjermen sin som er meir seksuelt lada og grovare enn det Genderqueer kan stille opp med.

Ei skummel politisk retning

Og det er her vedtaket i Arendal blir så riv ruskande galt. For med bøker som Genderqueer flyttar vi utfordrande tema inn i kunsten, inn i bøkene, inn eit rom der barn og unge kan tenke seg om og grunne over det dei les. Ja, det kan vere vanskeleg for dei. Og da kan det vere fint at det skjer i regi av biblioteket eller av skolen, slik at det er fagutdanna vaksne som står der og kan ta den praten med dei.

Når bøker blir fjerna og forbodne, blir det vanskelege som boka tek opp, ikkje borte. I staden utforskar barn og unge det andre stader, eller dei endar opp med å bli kunnskapslause på felt dei burde vite noko om.

Det er ei skummel retning Arendal kommune og skolesjef Karl Axel Moen no har peika ut. Om foreldre klager på litterære verk, er det no muleg å få desse bøkene fjerna frå biblioteka. Det burde gi håp til andre som ønsker å få til det same. Og det burde skremme alle oss som ønskjer at litteraturen skal vere fri, også for barna våre.

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Mer fra: Kommentar