«Det er ikkje ei aktuell problemstilling», gjentok Ap-nestleiar Tonje Brenna til oss i pressekorpset i Stortingets vandrehall tysdag morgon. Ho fekk hundrevis av spørsmål om ho var aktuell som partileiar, om ho kom til å stille opp mot Støre og om ho kunne tenke seg å bli statsminister.
Nestleiaren hadde altså venta over eit halvt døgn med å punktere den drepande kritikken av partileiaren. Då ho først opna munnen, fanst ingen vilkårslaus støtte til Støre. Det som ikkje er ei aktuell problemstilling i dag, kan fort bli det i morgon eller neste veke eller neste månad. Brenna heldt med runde formuleringar døra på gløtt for at ho på eit gitt tidspunkt kan erstatte Støre. Dei mange anonyme kjeldene meiner tidspunktet kan kome snart.
Peikar på partidemokratiet
Etter å ha venta så lenge med å uttale seg, medan sjefen var under åtak frå alle hald, var Brennas utsegn påfallande uklare om hennar eigne leiarambisjonar. Like uklare var LO-leiarens utsegner seinare på dagen, då Peggy Hessen Følsvik sa at Støre hadde hennar og LOs støtte som partileiar og statsminister. Men så la ho til at det er «partidemokratiet som velger leder i Arbeidarpartiet».
Utsegna kom på eit tidspunkt då LO-leiarens stille hadde bidrege til å svekke Støre i nesten eit døgn.
Det skulle berre mangle at dei tok sjefen i forsvar. Det oppsiktsvekkande og viktige var kor lang tid dei brukte
Alt dette snakket om partidemokratiet, peikar på valkomiteen og fylkeslaga. Dette snakket er også med på å gje Støre viktig tid til å områ seg, la den forverra situasjonen synke inn og om mogleg kjempe imot kreftene som vil ha han bort.
For Støre er situasjonen desperat. Han verkar å ha forstått at både han og partiet står i noko alvorleg, elendig og som fort kan ende med hans avgang. Dei dårlege målingane dei siste vekene vil sannsynlegvis bli følgd av endå dårlegare målingar. Prosessen partiet er inne i, kan ende som ein sjølvoppfyllande profeti. Det er lite som tyder på at botnen er nådd. Presset mot Støre kan dermed auke i styrke.
Det er i så fall heilt i tråd med det Vårt Lands kjelder på innsida av Arbeidarpartiet fortel. Mykje tyder på at Tonje Brenna ikkje vil annonsere seg offentleg som kandidat til partileiarvervet før Støre trekk seg sjølv. Ho vil ikkje ta kostnaden ved å vere hans politiske bøddel. Det ville kunne gje ein tøff start på den eventuelle gjerninga både som partileiar og statsminister.
Dei mange titals anonyme kjeldene som hadde snakka med ei rekke mediehus måndag kveld, fekk det heile til å sjå ut som ein koordinert plan om å svekke Støre som partileiar og statsminister. Det gjekk lang tid før nokon av hans mest sentrale støttespelarar – til dømes nestleiar Brenna – uttalte seg.
Den dermed svekka partileiaren kan slik bli offer for ein langdryg prosess. Det neste som skjer i Aps partidemokrati, er at partiet utpå vinteren skal velje ein valkomité og at fylkeslaga så skal sende innspel til partileiing. Desse siste vekene med kritikk og spekulasjon om leiarskifte vil sannsynlegvis ha påverka kva namn partilaga sender inn. Det varsla kuppet kan derfor skje i valkomiteens møterom, under påskot om at det er i tråd med både vedtektene og partidemokratiets forventningar.
Også det heilt i tråd med Brenna og LO-leiarens utsegner.
Partiorganisasjonen må fullføre kuppet
Eller var dei titals anonyme kjeldene mot Støre måndag kveld eit kuppforsøk som slo feil? Var det som skjedde framføre augo på oss at Brennas støttespelarar rett og slett ikkje hadde orden på teljinga, og at ho derfor vart nøydd til å avlyse ein eventuell leiarkamp? LO-leiaren, Brenna og fleire av dei andre mektige Ap-folka sa utover tysdagen offentleg at dei støtta Støre. Felles for mange av dei som gjekk ut med støtteerklæringar, var at dei var statsrådar i Støres eigen regjering. Basert på dei kjeldene Vårt Land har vore i kontakt med, verkar det til at dei gjekk ut på eige initiativ og ikkje etter press frå Støre eller SMK.
Det skulle berre mangle at dei tok sjefen i forsvar. Det oppsiktsvekkande og viktige var kor lang tid dei brukte på å gjere det.
Det siste døgnet har vore det mest skadelege for Jonas Gahr Støres politiske liv. Poenget ser ut til å ha vore å svekke han så mykje at partiorganisasjonens høyringsrundar kan fullføre prosessen med å kaste han.
Forsvaret for Støre er halvhjarta og svakt
Til dei som forventa at Brenna skulle rykke ut og gjere kort prosess denne veka, å til dømes seie offentleg at ho utfordra Støre, var det heile vegen eit lite realistisk scenario. Det ville ha skada henne som potensiell partileiar og statsminister. Fleire har allereie byrja å skulde prosessen for å vere «en skitten måte å gjøre det på». Det har trigga fleire støtteerklæringar til fordel for Støre frå partifolk på Facebook og Instagram.
Det heile ser for koordinert og planlagt ut til å vere eit resultat av organisk misnøye som berre veks fram av seg sjølv. Uansett resultat og kven som står bak planane, ville det skada Tonje Brenna om det stod hennar fingeravtrykk på kuppforsøket.
Halvhjarta og svakt forsvar for Støre
Der støtteerklæringane til Støre gjennom tysdagen har vore halvhjarta og svake, står det ikkje så mykje betre til med argumentasjonen for dei som støttar han heilhjarta.
Eit av Støre-forsvararane sine tyngste poeng er at i ei tid med internasjonal uro og krig, vil det vere dumt av Norge å ha ein statsminister utan internasjonal erfaring. Dei diplomatiske evnene frå storpolitikken verkar for augneblinken ikkje til å vere prioritet hos kuppmakarane. Tvert om meiner mange av dei at det har vore for mykje storpolitikk i partiet dei siste åra. At det ikkje nødvendigvis er ei treffande analyse på partiets problem, verkar å vere underordna. Det er dessverre for Støre denne forteljinga mange partifolk har festa lit til.
Heller ikkje Jens Stoltenberg – i den berømte konflikten med Thorbjørn Jagland om partileiarvervet i åra 2000 og 2001 – gjekk offentleg ut og erklærte seg som kandidat. Strategien om å fjerne den sittande partileiaren vart lagt på hemmelege møte og den skjedde over tid. Stoltenberg sa seinare at då «gjorde jeg noe som man egentlig ikke skal gjøre, nemlig å begynne å fraksjonere som det heter, jobbe mot den sittende lederen».
Mykje tyder på at det er ein variant av det same som føregår i partiet denne gongen. Spørsmålet er om Jonas Gahr Støre har krefter og makt nok til å kjempe mot.