Kommentar

Kulturkrig er ikkje valkampstrategi

Donald Trump surfa til valsiger på ei bølge av anti-woke. Dag-Inge Ulstein forreknar seg om han satsar på å gjere det same.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I landet der politisk TV-reklame ikkje berre er ein viktig del av kommunikasjonen i valkampen, men også ein milliardindustri, fløymer lineær TV over av meir og mindre gode eksempel på sjangeren i månadane fram mot valet. Som regel er ikkje desse reklamane noko særleg å skrive heim om.

Sjokkeffekten

Nokre gonger kjem det likevel ei reklame som på eitt eller anna vis er ekstraordinær, i den grad at den får eit eige liv og kan endre kursen i valkampen.

Den famøse Willie Horton-reklamen frå valkampen 1988 er eitt eksempel. Reklamen brukte drapsmannen Horton, som gjorde seg skuldig i valdskriminalitet under permisjon frå fengselet, som eksempel på den demokratiske guvernøren Michael Dukakis’ alt for milde tilnærming til justispolitikk. Sjokkeffekten av Willie Horton og bodskapen frå den, blir gjerne sett på som eitt av fleire element som ga republikanaren George H.W. Bush sigeren over Dukakis i presidentvalet.

Hen, han og ho

Årets valkamp hadde også ein slik reklame.

Kamala is for they/them. President Trump is for you, seier stemma på slutten av klippet.

Den kjem etter at Kamala Harris’ eigne ord er brukt for å skildre korleis ho som justisminister i delstaten California gav transkjønna innsette i delstatsfengsel tilgang til kjønns-stadfestande behandling på delstaten si rekning.

Kamala er for hen, ville vi kanskje sagt på norsk. President Trump er for deg.

Kamala Harris brukte mykje av valkampen til å forlate sine gamle standpunkt i ei rekkje ulike saker, og orientere seg mot sentrum av politikken. Det hjelpte ikkje synleg: Mykje av retorikken frå den andre sida var det vi gjerne kan karakterisere som anti-woke. Mange på den politiske høgresida har valt seg kulturkrig, og spesifikt trans-spørsmålet, som kjepphest. Fordømming av at transkvinner deltek i kvinnesport, til dømes, er populært. Å snakke om they/them, brukt som kjønnsnøytralt pronomen, er ei kortform av argumentet.

Økonomi og woke

Som eg tidlegare har skrive, er det mange tal som tyder på at minoritetsgruppene som i stor grad var utslagsgjevande for Donald Trump sin siger, er meir politisk moderate enn kvite progressive veljarar, også i spørsmål om kjønn og seksualitet. Målingane viser også at det demokratiske partiet mellom mange veljarar i stor grad no blir assosierte med marginale verdispørsmål, og ikkje med ein økonomisk politikk for arbeidar- og middelklassa.

Det er verdt å merke seg at dei ansvarlege for Kamala Harris’ valkamp meiner å ha tal på at det var økonomien, og ikkje they/them-reklamen og woke-spørsmål, som sokk henne. Båe kan vere sant, men all nyheitsrapportering tyder på at dei ikkje var budde på å møte argumenta rundt trans-spørsmålet på ein god måte.

‘Kamala er for hen’, ville vi kanskje sagt på norsk. ‘President Trump er for deg.’

Berre over there?

I Norge har dei politikarane som har brukt tid på å meine sterkt i denne debatten i stor grad blitt marginaliserte. KrF har likevel, stort sett via KrFU-leiar Hadle Bjuland, frå tid til annan dyppa tærne i denne innsjøen dei siste åra. Bjuland vil vite kor mange kjønn dei ulike partia meiner at finst, han vil ha Rosa Kompetanse ut av skulen, og han har bede helseministeren trekke i nødbremsa om kjønns-stadfestande behandling.

Det er ikkje oppsiktsvekkjande. Skepsis til kjønnsrørsla står seg godt i KrF sitt program, og deler av grunnfjellet i partiet vil gjerne at partiet tek desse kampane. Det er også strategisk klokt at KrFU-leiaren, som har større handlingsrom til å spissformulere, tek på seg denne rolla.

For eit par veker sidan meldte likevel fungerande partileiar Dag-Inge Ulstein seg sjølv på, som frontfigur for tre forslag KrF fremjar i Stortinget om transpolitikk og kjønn. Mellom anna ønsker Ulstein at skular skal slutte å undervise om kjønnsidentitet, og at kjønns-stadfestande behandling skal reknast som uvitskapeleg. Ulstein meldte i same slengen til Aftenposten at han tykkjer pronomenet hen er «unaturleg og utfordrande».

Det ser ut som eit ganske nakent forsøk på å fiske oppslutning at partileiinga kjem med dette no, i så tydelege ordelag, fleire år etter at denne debatten var på sitt mest aktuelle. Kva tenkjer dei no, Truls Olufsen-Mehus og Simon Friis Larsen, som sto ganske åleine i stormen om Pride-diskusjonar i fleire år og som båe endte med å trekke seg frå partiet?

Mun tru om ikkje Ulstein forreknar seg dersom han har skotta til den amerikanske valkampen og trur auka oppslutning skal komme frå å vere den hardaste i klypa mot kjønnsforvirring

Ulsteins veddemål

Mun tru om ikkje Ulstein forreknar seg, likevel, dersom han har skotta til den amerikanske valkampen og den internasjonale anti-woke-bølga og trur auka oppslutning skal komme frå å vere den hardaste i klypa mot kjønnsforvirring og pronomenet hen.

Kulturkrigen er, enn så lenge, langt meir brennbar og giftig i USA enn her heime. Konfliktlinjene er, med enkelte unnatak, langt mindre skarpe. Det er mindre debatt om garderobar, toalett og pronomen, og det er få politikarar som har hatt interesse av å gjere desse debattane større enn dei fortener.

Sjølv om diskusjonen tidvis går høgt om grensene for kjønns-stadfestande behandling, går den i stor grad føre seg på fagleg nivå, ikkje politisk.

Ulstein og KrF hadde truleg komme lenger om dei såg til andre deler av Trump sin appell – til dømes den enkle økonomiske populismen i møte med inflasjon og redusert kjøpekraft. Det er verdt å minne om at KrF si siste stordomstid kom då partiet køyrde som hardast på nettopp den enkle økonomiske populismen, i form av kontantstøtta.

Det er normalt ikkje noko problem for KrF å bruke pengar som ikkje finst – seinast førre veka var dei ute med forslag om ei økonomisk pakke til småbarnsfamiliane. Eit strammare fokus på det vil truleg gje Ulstein betre utteljing enn eit «utfordrande» pronomen.

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land. Hun har jobbet i avisen siden 2022. Sigrid er kommentator og skriver da oftest om USA og amerikanske valg, Den norske kirke og aktuell samfunnsdebatt.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar