Kommentar

Er det for mykje politikk der ute?

Medan nordmenn er opptekne av lommeboka si, er regjeringa oppteken av dei store, kollektive, uferdige gjeremåla.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Vi må få ned sjukefråveret. Vi må byggje opp Forsvaret. Vi må fjerne fylkeskommunen. Vi må kutte klimautslepp for å redde verda frå katastrofe. Vi må innføre ei aldersgrense på sosiale medium.

Storsamfunnet er i ulage og store politiske grep må takast for å få det i lage igjen. Det er omkvedet frå Arbeidarpartiet, og tidvis Høgre.

Men er det eigentleg ein hunger etter store politiske vyar der ute? Er det nå politikarane kan forvente at folk samler seg om store politiske reformer? Mykje tyder på at svaret er nei. Og det er det enkelte parti som forstår betre enn andre.

Det har alltid vore ein politisk kunst å registrere stemningsskifter i opinionen

Skatt framfor miljø

Greta Thunberg-generasjonen er død, proklamerte Ola Svenneby i fjor. Dei siste to åra har vi sett eit dramatisk skifte i kva veljarane er opptekne av, bort frå Thunbergs klimabrøl.

Retninga er tydeleg:

  • Unge veljarar vert meir konservative.
  • Både kvinner og menn er mindre opptekne av kollektive saker, typisk miljø og klima.
  • Økonomi er blitt viktigare.

Det viser tal frå Institutt for samfunnsforsking. Målingar viser også at unge menn er mindre opptekne av likestillingspolitikk og demokrati.

Må kople seg på veljarane sine behov

Kanskje er det ikkje rart det er slik. Rentenedgangen lar vente på seg. Matprisane er høge. I postkassa ligg lista over ting du bør fylle beredskapslageret ditt med i tilfelle krig.

Då er det ikkje like enkelt å ivre for kraftige nasjonale klimakutt.

Det har alltid vore ein politisk kunst å registrere stemningsskifter i opinionen. Slett ikkje for å berre lage politikk som folket vil ha, men for å svare på spørsmåla som folk er opptekne av. Meistrar du ikkje den kunsten som politikar, mislukkast du.

Vi kan få klimakutt ved at fleire får råd til å kjøpe elbil, isolere huset eller installere solpanel. Det er noko anna enn å mobilisere for storstilt utbygging av subsidiert havvind. Det første nært. Det andre fjernt. Vi treng utvilsamt begge deler for å nå klimamåla.

Men det er krevjande å be folk med dårleg råd godta at straum frå land blir brukt til å elektrifisere oljeplattformer i Nordsjøen og på Melkøya i Finnmark. Det hjelper heller ikkje at Hydro mister trua på batteriproduksjon og grønt hydrogen. Det nære trumfar det fjerne for veljarane, sjølv om begge deler er viktig politisk.

Storpolitikken kjem rett inn på mobilen

Ved slutten av 2024 står vi overfor enorme utfordringar. 20. januar tar Donald Trump over som USA neste president. Vi kan berre spekulere i kva det betyr for Ukraina-krigen og vår tryggleik på sikt. Om Trump held ord, vil tollmurane reisa seg kort tid etter han tiltrer. Kina og Europa vil svare. Det er eit alvorleg og umiddelbart trugsmål mot norsk økonomi.

Storpolitikken kjem kvar dag rett inn på nyhetsvarslet på mobilen, i papiravisa eller gjennom TV-apparatet. Og vi slepp ikkje unna. Vi kan fylle opp beredskapslageret og kjøpe batteriradio, men i det store og heile kan vi gjere lite.

Det veljarane derimot kan velje bort, er stor politikk i Norge.

Akkurat nå tyder målingane på at dei borgarlege partia er mest på linje med veljarane. «I staden for å bruker pengar på reverseringar, symbolprosjekter og beint fram feil politikk, prioriterer vi å la folk sitte igjen med meir av sine egne penge», heiter det på Høgre sin Instagram-post. Sjølvsagt med eit bilete av festkledde Høgre-folk og ein dansande Ove Trellevik.

Då Høgre la fram sitt alternative statsbudsjett onsdag, var det liten tvil om kva som er viktigast inn i valåret. Prioritet nummer éin: Betre privatøkonomi. På andreplass: Lågare skatt for næringslivet. Helse, forsvar og kriminalitet følger på dei neste prioriterte postane.

Regjeringa presenterer ei liste med utfordringar

Arbeidarpartiet har statsministeren og kan sjølvsagt ikkje styre landet etter stemningsbølgjer.

Ein kan heller ikkje klandre regjeringa for å mangle politikk eller ikkje setje ord på problema vi står overfor. Den årvisse Kartellkonferansen er ein viktig politikk-smie i samarbeidet mellom LO og Arbeidarpartiet. På konferansen sist veke var det ei rekkje tiltak på lista over utfordringar.

Utanforskap, galopperande bustadprisar og manglande arbeidskraft til å drifte velferdsstaten vidare. Viktige oppgåver for styresmakter, og problem mange kan vere samde i at eksisterer. Men konkrete løysingar for unge som er på bustadjakt i Oslo, er vanskelege å sjå. Det er heller ikkje enkelt for ungdom som står utanfor arbeidsliv og utdanning å forstå at regjeringa har konkrete tiltak skreddarsydd for dei.

Når leiarane for fagrørsla møtte pressen, var dei opptekne av å åtvare mot borgarleg side.

Treng ikkje bety at folk vil ha Høgre-politikk.

Så betyr det at det er Frp og Høgre som har funne vinnaroppskrifta over tid? Det er langt frå sikkert, av fleire grunnar.

For det første vil ikkje opposisjonspartia kunne prate om skattekutt uforstyrra. Ein peikepinn kom i Politisk kvarter denne veka. Frp-leiar Sylvi Listhaug vart pressa om sjukelønskutt, men klarte ikkje gi eit klart svar, anna enn at dagens sjukefråvær må ned. I vår skal Frp-landsmøtet ta stilling til om partiet går inn for å kutte i løna til folk som er sjuke.

Eg trur mange rødgrøne politikarar håper på ei gåvepakke frå høgresida om kutt i sjukeløn. Det vil grave rett inn i lommeboka til folk.

Det kan hende at høgresidas appell til lommeboka ikkje er eit tilstrekkeleg svar på veljarane sine krav

Kor stor er appetitten for kommunereform?

Då Erna Solberg sist styrte landet saman med Frp, kasta regjeringa seg over kommune- og fylkesstruktur og kutt i offentleg sektor. Frp har allereie varsla at fylkeskommunen vil døy dersom Frp og Høgre får fleirtal.

Spørsmålet er kor stor appetitt folk har på ein fylkesreform i dag.

Frp må svare for ein landbrukspolitikk som mange fryktar vil leggje dyrka jord brakk når behovet for sjølvforsyning er stort.

Så var det klima. Utan veljarstøtte er vi sjanselause til å nå klimamålet. I min oppfatning er krisa så stor at vi må bruke milliardar på klimaprosjekt som ikkje garanterer lønsemd på kort sikt. Sjølv om fokuset nå er skattekutt, er Høgre avhengig av å vise at partiet har truverd i klimapolitikken.

Å bruke milliardar av skattekroner på å byggje seg ut av klimakrisa gjennom elektrifisering av sokkel og satsing på klimavenleg hydrogen, er like mykje Høgre- som Ap-politikk. For ikkje å snakke om å kople Norge til den europeiske straummarknaden, og satse på havvind. Det er ei kjernesak for Høgre, men ein som dei ikkje snakkar så høgt om for tida.

Stemningsskiftene skjer oftare

Det siste, og kanskje viktigaste, er at stemninga lett kan snu. Ifølgje Institutt for samfunnsforsking var stortingsvalet 2021 det året då klima stod høgast på dagsorden. Det endra seg dramatisk i dei to åra som følgde.

Svenneby sa at Greta Thunberg-generasjon er død. Det kan like gjerne vere at dagens ungdom har andre ting å tenkje på enn å streike for klima. Det siste fungerer ikkje like godt som mobiliserande munnhell. Men er det ein ting som kjenneteiknar dagens unge, så er det at engasjementet skiftar raskt.

Då kan det hende at høgresidas appell til lommeboka ikkje er eit tilstrekkeleg svar på veljarane sine krav.

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland har vært nyhetsredaktør i Vårt Land siden august 2022. Han har ansvar for nyhet- og publiseringsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar