Kommentar

Nervepirrande storfilm om Jesu mor

Jomfru Maria måtte flykte for at Jesus ikkje skulle bli tatt livet av som barn. Filmen som får premiere på Netflix 6. desember vekker allereie debatt.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg må innrømme at hjartet slår eit par ekstra slag før storfilmen Mary får premiere på Netflix den første veka i desember. Her snakkar vi om ein bibelfilm som både søker å ta vare på det Bibelen fortel om Jesu mor og som fortel ei nervepirrande historie i beste amerikanske thrillertradisjon. Den unge kvinna Maria (Noa Cohen) må rømme for at det nyfødde barnet hennar ikkje skal bli drepe av soldatane til kong Herodes (Anthony Hopkins).

Den amerikanske regissøren J.D. Caruso, som tidlegare er kjent for thrillerfilmar som Taking Lives (2004) og Disturbia (2007) og sci-fi-actionfilmen I am Number Four (2011), har vore opptatt av å ikkje bryte med dei sentrale elementa i bibelhistoria. Den katolske regissøren har dermed hatt ei mengd innspelsrundar på manuset, som er skrive av Timothy Michael Hayes. Prestar og biskopar har hatt si fulle hyre med å kvalitetssikre historia som bibelfundert.

Fyller ut holrom

Det er likevel ikkje til å stikke under ein stol at Mary er ein spenningsfilm som fyller ut ganske mange holrom i bibelteksten. Dette er ikkje noko nytt i kunsten. Flukta til Egypt er ein eigen sjanger i den klassiske biletkunsten, der verk av kunstnarar som Giotto, Dürer og Rubens viser Maria på veg til Egypt. I dei kunstnariske framstillingane av flukta sit ofte Maria på eselryggen med det vesle Jesusbarnet i armane. Kunsthistorisk sett blei det etter kvart endå meir populært å skildre rastepausen undervegs, som i Caravaggios måleri Kvile under flukta til Egypt (1594–1596).

Eg har enno ikkje sett filmen, berre traileren, men det synest klart at rastepausane ikkje er målet for Carusos thriller. Historia vi får fortald, synest likevel å vere så integrert med bibelstoffet at eg ikkje på førehand oppfattar ho som spekulativ. Vi har godt av å sjå kor stor kostnad det var for Maria å føde Jesus. Bibelforteljinga er ikkje berre juleidyll i stallen, men også ei opprivande historie om blod og drap.

Har skapt debatt

Matteusevangeliet fortel at vismennene frå Austerland dreg innom slottet i Jerusalem og spør etter den nyfødde jødekongen. Herodes ber dei då om å vende tilbake til han når dei har funne barnet, så han kan dra og hylle det. Vismennene blir varsla i ein draum om ikkje å dra tilbake til Herodes, men å ta ein annan veg heim til sitt eige land. Dette får den kyniske kongen til å drepe alle gutebarn under to år, for å vere sikker på at jødekongen i Betlehem er tatt av dage.

I den kommande filmen Mary er den det prisløna skodespelaren Anthony Hopkins som spelar kong Herodes, noko må kunne seiast å vere glimrande casting. Maria sjølv blir spela av den israelske skodespelaren Noa Cohen, noko som allereie har skapt debatt. Fleire grupper, ikkje minst i Midtausten, er kritiske til bruken av ein kvit, israelsk skodespelar som Jesu mor, med den underliggande politiske situasjonen som ein del av biletet. Regissøren har derimot understreka det viktige og rette med at Maria blir spela av ein israelsk skodespelar for å ivareta den bibelske autentisiteten på best mogleg vis.

I filmen blir Maria jaga av kong Herodes i ein situasjon der ho også blir uglesett av sine eigne på grunn av det mirakuløse svangerskapet. Ho er med andre ord pressa på mange kantar. Berre gjennom sitt store mot og si sterke gudstru kan Maria komme ifrå situasjonen med livet i behald.

Maria i filmhistoria

Eg har tidlegare skrive ein del om jomfru Marias rolle i filmhistoria. Sjølv om ho ofte er med, har dei fleste filmane ho opptrer i, primært handla om Jesus. Det gjeld både dei eldre Jesus-storfilmane av Cecil B. DeMilles, Nicholas Rays og Pier Paolo Pasolini, Franco Zeffirellis miniserie Jesus fra Nasaret frå 1977, og dei litt nyare Jesus-filmane til Martin Scorsese og Mel Gibson.

Det filmatiske uttrykket av jomfru Maria er likevel mangfaldig, om det ikkje er like massivt og dominerande som i biletkunsten, der ho så å seie gjer storeslem gjennom kunsthistoria. I Jean-Claude La Marres Color of the Cross (2006) blei Jesu mor endåtil framstilt som ei svart kvinne. Den iranske filmen Mariam-e Moghaddas (1997) fortel Maria-historia med utgangspunkt i Koranen.

Likevel er det ikkje svært mange døme på spelefilmar der det er Jesu mor som er hovudpersonen, som i Carusos kommande Netflix-film. Den svenske skodespelaren Pernilla August hadde æra av å gjere ei hovudrolle som Maria i Kevin Connors TV-film Maria, Jesu mor (1999), der ho har ein nær og avgjerande relasjon til guten sin, blant anna ved å legge grunnlaget for Jesu forkynning ved å fortelje for han på sengekanten. Marias perspektiv fekk vi også i den populære The Nativity Story (2006), med det unge stjerneskotet Keisha Castle-Hughes i rolla som Jesu mor. Nemnast skal også den kristne musikalfilmen Journey to Bethlehem frå i fjor, der meksikanske Fiona Palomo hadde rolla som Maria.

Topp adventsspenning

Det er likevel grunn til å tru at spenningsfilmen Mary vil skildre nye sider ved historia til verdas mest kjente mor. Regissøren har i eit nyleg intervju lagt vekt på at filmen fortel ei både heilag og moderne historie om ei smart og viljesterk ung kvinne. Som sagt har eg enno ikkje sett filmen, men eg har definitivt tenkt å sitte klar framfor TV-skjermen den 6. desember. Det er sjølvsagt ein stor fare for å bli skuffa. Likevel: Betre adventsspenning kan eg nesten ikkje tenke meg.

Vi har godt av å sjå kor stor kostnad det var for Maria å føde Jesus

—  Alf Kjetil Walgermo, om den kommande Netflix-filmen «Mary»
Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar