Ei av Donald Trump sine mest trofaste veljargrupper dei siste åra har vore dei evangelikale kristne. Denne gruppa, som utgjer mellom 80 og 100 millionar amerikanarar, er stort sett konservative kristne. Dei har dei siste førti-femti åra halde seg til det republikanske partiet, mellom anna på grunn av haldninga til abort og andre sosiale spørsmål.
Trump og dei evangelikale
I 2016 vart Donald Trump republikansk presidentkandidat i stor grad trass i dei evangelikale, men etter at han fekk nominasjonen innleidde han ein sjarmoffensiv mot kristne veljarar. Den lukkast, og sidan då har dei kvite evangelikale kristne vore sjølve ryggraden i Donald Trump sin koalisjon.
Han har også i stor grad levert for denne veljargruppa. Han utnemnte gjennom si presidentperiode tre dommarar til Høgsterett, som i 2022 leverte den omstøytinga av abortlovgjeving som dei evangelikale ønska seg, og han flytte ambassaden i Israel frå Tel Aviv til Jerusalem. I tillegg har han vore høglytt om religiøs fridom, som er viktig for dei kristne som føler at veggane kjem tettare på og at ytringsrommet blir trongare.
Svarte protestantar er like tungt demokratiske som deira kvite trussysken er republikanske
«Dei andre kristne»
Sjølv om evangelikale kristne, og spesielt kvite evangelikale kristne, stør Donald Trump i hopetal, er biletet meir delt i andre trusretningar.
Ifølge tal frå Pew Research Center er det først og fremst kvite kristne som lener mot Det republikanske partiet. 82 prosent av kvite evangelikale, 61 prosent av kvite katolikkar og 58 prosent av kvite ikkje-evangelikale protestantar stør Donald Trump og partiet hans.
Det er verdt å merke seg at totalt sett er katolske veljarar delt nær sagt femti-femti mellom kandidatane, for heile 65 prosent av latinamerikanske katolikkar i USA stør demokratane. Svarte protestantar er like tungt demokratiske som deira kvite trussysken er republikanske, nesten ni av ti svarte protestantar seier dei vil røyste på Kamala Harris.
Verdt å merke seg er det også at tre firedeler av dei som rekner seg som agnostikarar er demokratar, mens 85 prosent av ateistar seier det same.
Kjem dei til å røyste?
Av desse gruppene er dei evangelikale klart størst, og dei har vore lojale veljarar for det republikanske partiet i mange år. No er det imidlertid fareteikn i horisonten:
Tidlig i oktober kom ein rapport frå Arizona Christian University som spår at over 30 millionar faste kyrkjegjengarar ikkje vil røyste i 2024. Talet er utleda frå kjente tal om religiøst tilhøyre i USA og svara på ei større spørjeundersøking universitetet har gjennomført.
Den viser til at sju av ti ikkje har, eller har mista, interessen for politikk og val. Over halvparten av dei som er spurte i undersøkinga misliker båe kandidatar, eller opplever at ingen av dei er opptekne av det som er viktig for dei.
Dersom dei kristne veljarane svikter Donald Trump, er det fare på ferde for hans kandidatur
Farevarsel for Trump
Om framskrivingane til Arizona Christian University kanskje tek litt hardt i, er det likevel grunn til bekymring for Donald Trump viss det er hans evangelikale veljarbase som ikkje ser syn på å gå til stemmeurnene.
Ein indikasjon på at denne gruppa kan vere tungt prega av Trump-tilhengjarar, er at 48 prosent av dei som seier dei ikkje vil røyste i 2024, oppgjer som ein av sine viktigaste grunnar at dei trur valresultata vil bli manipulerte uansett.
Dersom dei kristne veljarane svikter Donald Trump, er det fare på ferde for hans kandidatur. Han trengte dei ikkje for å bli kandidat i 2016, men skal han bli president i 2024, klarar han seg ikkje utan dei.