Kor mykje skal ein forfattar tole? Eg har sjølv skrive bøker og gått i kjellaren når eg har fått dårleg kritikk. Og eg har frest og okka meg over kritikarar. Men einkvar forfattar bør også stille seg spørsmålet: Kor mykje skal ein kritikar tole?
For av og til kan ein skuffa forfattar miste hovudet når ho eller han les kritikken av sin eigen bok.
Og det verker til å ha skjedd da Morten A. Strøksnes leste bokmeldinga av Molok i VG på torsdag.
Respektert og hylla
I eit lengre innlegg på Facebook torsdag føremiddag, går Strøksnes knallhardt ut mot kritikar i VG, Sindre Hovdenakk og hans bokmelding. Det glir raskt over frå å vere ein kritikk av Hovednakks kritikk, til å bli eit reint personangrep.
«Hadde vi snakket om en mann av integritet, ville det kanskje vært OK. Her snakker vi om Sindre», skriv Strøksnes, og eg kjenner eg vrir meg i stolen når eg les dette.
For det ser ikkje bra ut når ein så respektert og hylla forfattar som Strøksnes går til sosiale medium og skjeller ut ein kritikar.
Sjølvsagt er det lov å vere ueinig i kva ein kritikar meiner om boka si. Og det er alltid lov til å målbere ein kritikk av kritikken. Mi erfaring er også at dette er noko avisene tek imot med opne armar.
Men skal noko på trykk i ei avis, er det visse standardar som må på plass. Sjølv eit lesarinnlegg skal gjennom ei redaksjonell vurdering, og sjølv for eit lesarinnlegg kan aviser bli dømt i PFU.
Men det verker ikkje til å bry Strøksnes når han skriv om Sindre Hovdenakk på sin Facebook-profil.
Annan etikk på Facebook
For det Strøksnes gjer i innlegget sitt, er først og fremst å kritisere kritikaren heller enn kritikken. Og han gjer det ved å komme med påstandar om Hovdenakks yrkeskarriere som mest av alt verker å vere sladder. Ville Strøksnes sagt dette fjes til fjes med Hovdenakk? Eller i ei avis, eller på radioen? Eg kan ikkje skjønne det, for det er temmeleg uakseptable ting han skriv.
Opererer vi med andre moralske og etiske vurderingar når vi skriv på Facebook? Om det stemmer, så handlar det ikkje om kor fæl Zuckerberg er som ikkje vil regulere kommentarfeltet. Da handlar det om at vi, vaksne menneske, lar oss sjølve skrive ting beint fram som vi ikkje vil skrive og seie andre stader.
Ein kritikar skal ikkje trenge å bekymre seg for om ho eller han blir utsatt for grove personangrep på Facebook frå forfattaren som er anmeldt
Det kler norske forfattarar ekstremt dårleg å bruke Facebook for å lufte sin frustrasjon over kritikarane. Spesielt når det glir over til å bli ein reint personangrep som det Strøksnes her gjer med Hovdenakk. Om han verkeleg vil stå inne for innlegget sitt, bør han ta seg tid til å ta debatten på sin skikkeleg måte. Det er ikkje noko uvanleg eller problematisk om Strøksnes er ueinig med Hovdenakk. Men det er problematisk om forfattarar framover skal gå så hardt ut mot kritikarar som er kritiske til bøkene deira.
Kvifor?
Fordi det minner om ein gapestokk.
Karakterdrap
Det er ikkje sikkert alle forfattarar skjønner dette, men det kan også vere tøft å vere kritikar. Nei, det er ikkje ein verna bedrift å melde bøker. Men det kan ofte vere einsamt og sårbart. Ein kritikar skal ikkje berre analysere og vurdere eit verk, men ho eller han skal også tørre å ha ei meining om verket, og greie å argumentere for kvifor noko er bra og kvifor noko er dårleg. Og kritikken skal ofte vere spissa og vinkla godt for å få plass i ei avis.
Ja, ein kritikar må greie å ta ein debatt om kritikken. Men ein kritikar skal ikkje trenge å ta ein debatt om sin person
Men ein kritikar skal ikkje trenge å bekymre seg for om ho eller han blir utsett for grove personangrep på Facebook frå forfattaren som er meldt. Om ein slik trussel heng over hovudet på kritikaren, vil det også koste ekstra for ein kritikar å tørre å kritisere.
Og det er noko vi ikkje ønsker. Ja, ein kritikar må greie å ta ein debatt om kritikken. Men ein kritikar skal ikkje trenge å ta ein debatt om sin person.
Klam heiagjeng
Innlegget til Strøksnes er også lei lesing om du blar nedover i kommentarfeltet. Det store fleirtalet der opererer som ein heiagjeng for Strøksnes illsinte angrep. Kvifor er det ingen der som spør: «Men Morten, er ikkje dette over kanten? Det er vel lov å komme med kritikk av boka di utan å risikere å bli skjelt ut?»
Å bli heiagjeng til ein forfattar som skjeller ut ein kritikar, er temmeleg klamt. Neste gong vi klagar over at det blir mindre og mindre litteraturkritikk i norske aviser, kan vi merke oss dette. For ein kritikar skal kunne skrive kritisk utan å risikere å bli hengt ut på Facebook av ein kjent forfattar og heiagjengen hans.