Kommentar

Det hjelper ikkje palestinarane at Strøksnes bagatelliserer antisemittismen

Politifolk væpna med automatvåpen passar ikkje på norske, jødiske barn fordi det tener Benjamin Netanyahu.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Om en stor krig på en liten stripe land kalt Gaza er undertittelen på den nye boka til Morten Strøksnes. Eit meir treffande namn ville vore noko sånn som Dei veldig slemme israelarane og hvorfor de er så brutale. Tankane han presenterer i boka er verken originale eller nyanserte, sjølv om ein god del av det Strøksnes skriv er interessante observasjonar av eit Israel på veg uti stadig meir autoritært kaos.

Eit av Strøksnes sine sentrale poeng er at Benjamin Netanyahu ikkje kom ut av eit vakuum. Også dei høgreradikale busettingsministrane hans passar heilt fint inn i ein israelsk tradisjon som sidan sionismens vugge har handla om å drive palestinarane bort. I sin iver etter å male fram biletet av kor ekstreme sjølv dei moderate israelarane har blitt, hentar Strøksnes fram alle argument som styrkar denne fortellinga.

Holocaust-ulogikk

Eit av argumenta er Netanyahu-regimets kyniske bruk av antisemittisme som frikort mot kritikk. I eit intervju med Vårt Land åtvara Strøksnes mot denne kyniske misbruken av antisemittisme som fenomen. Her har han heilt rett: Benjamin Netanyahu og hans regime har prøvd å stemple nesten all legitim kritikk av Israel som antisemittisme. Det er mest av alt jødar verda rundt som tapar på det, ettersom det blir vanskeleg å skille mellom reell antisemittisme og legitim Israel-kritikk. Dessutan driv Netanyahu og hans disiplar med ei tvilsam bruk av Holocaust i sin politiske retorikk. I boka skriv Strøksnes at i «Israel framstilles anklagene om et mulig folkemord i Gaza som latterlige og absurde. Israelske politikere og diplomater viser nærmest hver uke at de ikke er fremmede for manipulativ bruk av holocaust».

Det er ikkje tvil om at Strøksnes meiner israelarane dyrkar feil gud

Det er, som Strøksnes treffande skriv, ofte ein haltande logikk bak resonnementa deira: På den eine sida framstillast Holocaust som ei unik historisk hending («ikke slik alle hendelser i en viss forstand er unike, men som enestående og umulig å sammenligne med andre historiske hendelser, inklu­dert andre folkemord»), medan dei same politiske kreftene på israelsk høgreside påstår at overhistoriske krefter konstant trugar med å lage nye holocaustar.

Problemet med Strøksnes’ resonnement oppstår når han skal angripe denne giftige bruken av holocaust og påstandar om antisemittisme. Det er nemleg ei tynn linje mellom å påpeike misbruk av påstandar om antisemittisme, og å bagatellisere faktisk antisemittisme. Den linja kryssar Strøksnes fleire gonger i si nye bok – som han sjølv kallar eit essay. Boka er nok meir å rekne som eit nær 200 sider insisterande lesarinnlegg.

Kryssar grensa for bagatellisering

Han kryssar den til dømes då han argumenterer for at rapportane om auka antisemittisme på amerikanske campusar er ikkje er reelle. Han underbygger dette med å vise til ei undersøking i 2017, gjort av forskarar ved Brandeis university, som «fant lite» antisemittisme på amerikanske campusar. Strøksnes lar vere å nemne at pressemeldinga som følgde med rapporten, då den vart lansert, skreiv om at «antisemittismen på amerikanske campus utviklar seg på farleg vis».

Det er dessverre eit påfallande trekk ved Strøksnes siste bokprosjekt at heile den israelsk-palestinske konflikten verkar som eit einaste stort nullsumsspel. På israelsk side forsvinn nyansane derfor av syne, medan det ikkje er måte på kor nyansert framstillinga av Hamas blir. Ein av konsekvensane blir at han til ein viss grad bagatelliserer antisemittismen og unngår å nemne kor livsfarleg den er for mange jødar verda over. Dette blir enda verre når han i intervjuet med denne avisa presterer å nesten stille spørsmål ved kor alvorleg antisemittismen er.

«Det er veldig leit om det er et oppsving i antisemittismen nå, men vi har et rettsvesen til å ta oss av det. Jeg kan ikke skrive med påholden penn av den grunn», seier Strøksnes, og eg trur mange kjenner det går kaldt nedover ryggen ved eit slikt sitat. Det er ingen i PSTs lokale i Nydalen som nyttar orda «om det er et oppsving». Det er eit uomtvisteleg faktum.

Strøksnes skal vere varsam så han ikkje gjer seg sjølv til ei naiv brikke i eit kynisk spel som handlar om fôre antisemittiske førestillingar om den blodtørstige jøden

Det er som om han ikkje forstår kvifor norsk politi står med automatvåpen og passar på norske, jødiske barn.

Strøksnes omtalar sjølv ein kronikk i Klassekampen av HL-senterets Vibeke Moe, om aspekt ved antisemittisme. Kritikken mot Israel kan vere ubevisst eller ikkje-intendert antisemittisk dersom ein skildrar jødar «for eksempel som spesielt hevngjerrige, blodtørstige eller drevet av en herskerdoktrine om overlegenhet».

Avgudsdyrking

Som ein refleksjon til oss og kanskje seg sjølv, skriv Strøksnes at folk bør vere varsame med korleis dei omtalar jødar og andre folkegrupper. Men i intervjuet med Vårt Land denne veka presterer han likevel å seie at HL-senteret og andre som forsker på og formidler jødisk historie, skal vere varsomme.

Det er ein frisk påstand, ettersom han i boka skriv at HL-senteret ikkje driv og utnyttar holocaust og antisemittismen slik israelske politikarar eller andre institusjonar gjer. Men Strøksnes prøvar tilsynelatande likevel på litt vagt vis å sveikke autoriteten til vår fremste institusjon i kampen mot jødehat i Norge. Kva sak det eventuelt skal tene, framstår uklart.

Tittelen på Strøksnes’ bok er Molok. Som han sjølv skriv var Molok ein av mange guddommar som vart tilbede over store delar av Midtausten i bronsealderen. Folk bygga gigantiske statuar av guden med utstrakte armar og oksehovud. Ein ting er kjeldene om Molok samde om: Han krevde menneskeoffer, der tilbedarane måtte brenne barn. Dessutan er ordet Molok sett saman av dei hebraiske orda for «herske» og «skam». Strøksnes skriv at jødane ikkje eigentleg skulle tilbe Molok, fordi han var frå underverda, men at nokon fråfalne gjorde det likevel.

Det er ikkje tvil om at Strøksnes etter tittelbruken å døme, meiner israelarane dyrkar feil gud og at dei ofrar barn. Det er vanskeleg å ikkje tenke på førestillinga om den blodtørstige jøden, konspirasjonsteorien om blodanklagen som er ei av dei eldste antisemittiske fortellingane, den han sjølv skriv om i boka.

Strøksnes skal vere varsam så han ikkje gjer seg sjølv til ei naiv brikke i eit kynisk spel.


Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kommentar