Høgresidas kritikk av regjeringas budsjett er feilslått. Høgre og Frp meiner skattekutta for vanlege folk i Norge ikkje er store nok. Det meiner dei trass i det nettopp er vanlege folk som er dei store vinnarane i regjeringas forslag til statsbudsjett for neste år. Både LO og NHO var samde om at budsjettet la til rette for rentekutt neste år. Med andre ord: Støre og Vedums budsjett vil gje folk i Norge betre råd, meir i lommeboka.
Det var noko klasseblindt over høgresidas kritikk, som måndag i Stortingssalen og Vandrehallen, var ekko av dei same talepunkta: Folk får berre nokre hundrelappar meir å rutte med i månaden. Det er som småpengar å rekne, meinte dei.
Vel, alle som slit med å få økonomien til å gå rundt, veit verdien av nokre hundrelappar ekstra i månaden. Det er kanskje lett å gløyme når du sjølv sit med stortingsløn.
Hjelpe den som treng det mest
Det er derfor ikkje ein treffande kritikk av regjeringas budsjettforslag. Statsbudsjettet er i all hovudsak sosialt for dei som slit i Norge. Det er attkjenneleg sosialdemokratisk politikk. Det er også attkjenneleg senterpartipolitikk å jamne ut dei geografiske og økonomiske forskjellane i Norge.
Det som ikkje er attkjenneleg for desse partia, er at denne solidariteten og økonomiske utjamninga skal stanse ved svenskegrensa. Spesielt var mange kritiske til at regjeringa føreslo å kutte i både pengar til bistand og flyktningar.
Som Lan Marie Berg frå MDG spurde finansminister Trygve Slagsvold Vedum i Stortinget: Når var sist Norge tok imot så få som 200 kvoteflyktningar?
Vi tener meir pengar enn nokon gong. Det ser lyst ut for norsk økonomi.
Ivar Aasen sa i si tid at «til lags åt alle kan ingen gjera». Statsbudsjettdagen er verkeleg kroneksempelet på at sitatet framleis stemmer. Aasen sa også at han «tykkjer stødt, at det høver best aa hjelpa den, som det trenger mest».
Støre-regjeringa ser ut til å meine at det høver best å hjelpe oss sjølv. Vi kunne sjå det norske flagget på jakkeslaget til finansministeren. Det skulle ikkje vere nokon tvil om kor prioriteringa låg.
Unntatt modige motstemmer frå MDG, SV, Raudt og KrF, var det også semje i stortingssalen om den sjølvsentrerte prioriteringa.
Fleire ukrainarar
Norge skal – om forslaget til statsbudsjett går gjennom – berre ta imot 200 kvoteflyktningar i 2025. I år er talet 3.000. Årsaka kan ikkje vere at det har blitt færre flyktningar i verda. Alle som har følgd med på nyheitene det siste året, har sett at verda er meir uroleg, konfliktfylt og farleg enn på lenge. I Midtausten står vi på randa av storkrig.
Regjeringa grunngjev det drastiske kuttet i kvoteflyktningar med at det har komme fleire ukrainarar til Norge enn vi hadde rekna med.
Vel, det er framleis slik at talet på ukrainarar i Norge og dei potensielle problema med denne store flyktningruppa, er små samanlikna med dei samla negative konsekvensane av krigen. Samla sett er det liten tvil om at Norge har tent økonomisk på krigen, og derfor forventar mange at vi bidreg meir. Det er positivt at Norge bidreg stort til Nansen-programmet i Ukraina, men å kutte i resten av verda er ikkje berekraftig.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum sa at dei som sit i Stortingssalen er heldige, fordi det går så bra med Norge. Det gir eit større sosialt ansvar i ei verd full av menneske som ikkje er like heldige
Argumentasjonen om å kutte i kvoteflyktningar for å gje plass til ukrainarar, held heller ikkje mål. Vi burde ha plass til minst 3.000 kvoteflyktningar i tillegg til dei mange ukrainarane.
Vel, er det stor forskjell på 3.000 og 200 kvoteflyktningar? I konkrete tal er det jo det for dei det er snakk om. Men det som er verre, er signaleffekten som kuttet i talet på kvoteflyktningar sender utanfor landegrensene våre. FNs ordning med kvoteflyktningar er avhengig av internasjonalt samarbeid, ein dugnad mellom land som er trygge og kan ta eit tak. Norges kutt kan legitimere liknande kutt i andre land. Dei som står att med konsekvensane, er blant verdas mest sårbare flyktningar i land som Libanon, Tsjad og Sudan.
Som Lan Marie Berg frå MDG spurde finansminister Trygve Slagsvold Vedum i Stortinget: Når var sist Norge tok imot så få som 200 kvoteflyktningar? Ho fekk ikkje noko tilfredsstillande svar frå Vedum.
Stakkars SV
Generalsekretær i Flyktninghjelpen, Jan Egeland, reagerte med å seie at Stortinget ikkje kan godta kuttet: «En regjering som hevder å stå for internasjonal solidaritet har kuttet flyktningkvoten med over 90 prosent i sin regjeringsperiode. Dette må Stortinget reversere. Norge kan ikke gå foran i å svikte de med behov for ekstra beskyttelse, inkludert enslige afghanske kvinner og forfulgte minoriteter og rettighetsforkjempere.»
Han har heilt rett.
Det er liten grunn til å tru at SV vil la budsjettforslaget bli ståande med så få flyktningar og utan bistandsprosent. Problemet er at SV då må bruke ein stor del av sin forhandlingskapital på å forhandle inn postar som burde vore sjølvsagt med Ap i statsministerstolen.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum sa at dei som sit i Stortingssalen er heldige, fordi det går så bra med Norge. På høgresida var dei fleste i salen oppteken av å gjere oss endå heldigare.
Alle som ikkje er like heldige blant flyktningar og verdas fattige, får sette sin lit til Kari Elisabeth Kaskis forhandlingsstrategi.