Då eg var ung, hugsar eg at nokre av vennene mine drog på smilebandet av Jahn Teigen. Dei smilte ikkje berre fordi artisten sjølv utførte dei mest oppsiktsvekkande stunt og splitthopp på scena, gjerne iført skjelettdrakt eller andre kreative kostyme. Dei smilte fordi dei såg på han som ein slags klovn.
Etter kvart som eg blei eldre, lærte eg å sjå bak det morosame gummifjeset, bak faktene og klovnemaska. Jahn Teigen vaks på meg, som det heiter med ein anglisisme. Eg begynte å sette meir og meir pris på tekstane og musikken hans, som formidlar sentrale menneskelege innsikter i ei ofte enkel, men treffande form.
«Det vakreste som fins» er ein slik song. Han fortel oss om kjærleiken, og kor viktig det er å uttrykke kjærleik til kvarandre før det er for seint: «Om det skulle blåse kaldt / Om jeg leter overalt / Ingen er så god som du / Du er det vakreste som fins»
Jahn Teigens evne til å sette enkle ord på ofte kompliserte menneskelege kjensler var stor. Derfor han han også fått betydd mykje for mange, både før og etter at han gjekk bort i februar 2020.
Ein trøystar i pandemien
Ein knapp månad etter sin død hjelpte Jahn Teigen meg å halde motet oppe. Då hadde landet «stengt ned». På fleire kantar frykta folk massedød som følgje av den globale pandemien. Eg sat isolert saman med familien heime og hadde eit sterkt behov for oppmuntrande ord. Dei var det Jahn Teigen som kom med. Vi opna døra ut til gata og spelte «Optimist» på høgt volum. Både vi og andre rundt oss song av full kraft med til den kanskje mest kjente låten hans: «Jeg har en drøm at vi tar vare på hverandre / Og gir det beste i oss selv til alle andre / Jeg tenker opp når jeg er nede om og om og om igjen // Optimist, jeg vet det går bra til sist / Så lenge jeg lever her er jeg en optimist / Jeg er en optimist».
Jahn Teigen blei vår trøystar i pandemien. Og vi dansa på kvar vår vesle plett til tekstlinjene «Vil at livet blir en dans i lyset / En dans for håpet og en dans for gleden / En dans i frihet og en dans for freden / Det skal gååå».
Hadde ei kristen tru
Jahn Teigens liv var på mange måtar ein dans i lyset. Han deltok i heile 14 Melodi Grand Prix-finalar, høgst truleg meir enn nokon andre artistar. Scenelyset følgde han heilt frå starten som artist på 1960-talet. Meir enn 40 album skulle han komme til å gi ut, både som soloartist og i band som Popol Vuh, Prima Vera og Lions of Juda/Judea. Det sistnemnde bandet var eit israelsk band han slutta seg til ein periode på slutten av 1960-talet – ein interessant avstikkar i ei mangslungen karriere. Teigen vaks opp i ein kristen familie, og den kristne trua var viktig for han, sjølv om han ikkje snakka så høgt og ofte om henne i offentlege samanhengar. Likevel kunne han gi uttrykk for, også i intervju, at den kristne trua var med han i livet.
Då biskop emeritus Per Arne Dahl forretta i Jahn Teigens gravferd i Tønsberg domkirke for fire år sidan, tok han utgangspunkt i kjærleiken, både den første kjærleiken som artisten song om, og om Guds evige kjærleik til oss, den største kjærleiken. «En dag skal vi se Jesu ansikt og oppleve hans kjærlighet fullt ut sammen med Jahn som opplagt solist i ‘O, helga natt’ og til og med ane innholdet i dette nådens mysterium: ‘Deg være ære for kjærligheten som er sterkere enn døden’», sa Dahl.
Slik fekk han på ein fin måte tematisert Jahn Teigens blikk for dei evige verdiar, som også kunne nedfelle seg i små drypp i songtekstane hans. «Si meg hva betyr adjø» spør han i låten han gav tittelen «Adieu» – der den opphavlege meininga av ordet kjem endå tydelegare fram, «til Gud». Og korleis skal vi eigentleg tolke desse verselinjene i slageren «Mil etter mil», som blei ein hit etter å ha fått null poeng i den internasjonale Melodi Grand Prix-finalen: «Søk mot meg, hvis du lengter / Rett ditt sinn mot et annet sted / Kom hit hvor jeg er, hvor solen er nær»?
Jahn Teigens liv var på mange måtar ein dans i lyset
Hyller artisten i Oslo Spektrum
Songane til Jahn Teigen er opne og har fleire lag enn ein kanskje først ville tenkt. Derfor kan dei også treffe oss på kvar vår ulike stad i livet. Det skal godt gjerast å ikkje finne ein Jahn Teigen-låt som ikkje seier deg noko i livssituasjonen du er i akkurat no. Derfor finst det så mange som er glad i han og som spelar låtane hans om og om og om igjen.
Jahn Teigen ville fylt 75 år fredag 27. september, og ei rekke artistar er samla på dagen for å hylle han i Oslo Spektrum – og med ekstrakonsert dagen etter. Blant dei kjente namna som deltek, er både Ulrikke Brandstorp, Åge Sten Nilsen, Elisabeth «Bettan» Andreassen og den musikalsk ansvarlege for konserten, Atle Pettersen. Deltek gjer også Anita Skorgan, som Teigen var gift med og fekk dottera Sara med.
«Ikke som alle andre» er eit uttrykk vi kan bruke om Jahn Teigen. Dette var også tittelen på den siste utgivinga hans. Mange av songane han gav oss, har festa seg i folkesjela og blitt ein del av den musikalske nasjonalskatten. Ikkje så verst, det, for ein spelle- og sprellemann som han.
Jahn Teigen var rett nok ikkje ein sprellemann som alle andre. Tekstane og melodiane hans sprang fram frå ei gudgjeven gåve han brukte aktivt gjennom eit langt artistliv. Songane hans kan vi framleis lytte til, mens vi sender ein takk oppover. No er han for alvor blitt ein sprellemann med himmelsikt.
Kvil i fred, Jahn, så skal vi fortsette å feire deg!