Kommentar

Det norske forlag ikkje vil snakke om

Det er uro i den norske bokbransjen. Gir det forfattarane meir eller mindre makt?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Om du er heilt stille og legg øyret inntil veggen, kan du høyre dei norske forlaga skjelve. For det skjer store ting i norsk bokbransje. Det handlar ikkje berre om rundar med kostnadskutt, omorganiseringar og nedbemanningar i dei store forlagshusa Cappelen Damm, Aschehoug, Gyldendal, Bonnier, og no også Egmont.

– Det er blitt veldig mykje dyrare å drive forleggeri, og vanskelegare å få ein akseptabel bunnlinje, uttalte forlagssjef i Bonnier, Alexander Even Henriksen, til bransjemediet Bok365 før sommaren.

Ja, forlaga må stelle seg til den nye dyrtida som alle andre. Men det er meir, mykje meir.

Normalkontrakten: forfattarens beste våpen

For ute blant forfattarane er det også uro. Ikkje berre fordi tilsette blir sagt opp i forlaga som skal gi ut bøkene dei skriv. Men også fordi forhandlingane mellom dei norske forfattarforeningene og Forleggerforeningen er brutt saman. Eit av dei sentrale punkta dei skulle blitt einige om, er vidareføringa av normalkontrakten.

Normalkontrakten, seier du, kvifor skal vi bry oss om den?

Fordi dette er dokumentet som tryggar inntektene for det store fleirtalet av norske forfattarar. Med normalkontrakten på innarlomma, slepp forfattarane å sitte der ein og ein og forhandle om sin eigen royalty. I staden er det satt ein fast sats som gjer at verken forlag eller forfattar treng å krangle om beløpet. Slik er det ikkje i andre land, ikkje ein gong Sverige eller Danmark.

Kva skjer med forfattarane om normalkontrakten ikkje lenger er i bruk?

Da snakkar vi krise.

Ny kultur i forlagsbransjen

For om normalkontrakten forsvinn, forsvinn høgst truleg også den sikre inntekten for forfattarane. Og om forfattaren ikkje får penger på kontoen for å skrive, vil forlaga slite med å finne forfattarar. Om det er noko forlaga ikkje har råd til, så er det å miste forfattarane sine.

Og det er ingen dyster spådom at forlag vil miste forfattarane sine. Det er allereie i gong. Men det er dei suksessrike forfattarane som går.

Med inntoget til det kortliva forlaget Strawberry, som seinare vart kjøpt opp av Bonnier, vart det etablert ein ny kultur i norsk forlagsbransje: Det vart ok å freiste store, bestseljande forfattarar til å skifte forlag ved å tilby dei meir av mykje. Store inntektskjelder som Tom Egeland og Jørn Lier Horst gjekk til Strawberry, og rykta begynte å løpe rundt i Oslo: Kven blir nestemann? Og kva er det eigentleg Strawberry tilbyr som får så priviligerte forfattarar til å skifte beite?

Om det er noko forlaga ikkje har råd til, så er det å miste forfattarane sine

No blåste stormen med Strawberry og dei store forfattarovergangane temmeleg raskt over. Men det som skjedde, skaka dei store forlaga. Med eitt gjekk det opp for dei at det ikkje var automatikk i at dei mest suksessrike forfattarane ville bli verande hos dei.

Det er ikkje heilt enkelt å forstå nøyaktig kva dei store forlaga vil gjere for å halde på dei store namna sine. Eller kva dei vil gjere for å ikkje miste alle yngre forfattarar som kan bli dei neste store.

Men dei siste vekene har Bonnier spelt korta sine og fått resultat med ein gong: Dei har oppretta to imprint-forlag.

Korleis få tak i dei gode namna

Dette er eit fint namn på ei enkel løysing: Opprett eit lite forlag under moderforlaget, med eigen profil og eigen redaksjon. Bonnier har no lokka til seg to store namn ved å gi dei eigne imprint-forlag.

Eit av dei store forfattarnamna, Zeshan Shakar, har gått frå Gyldendal til Bonnier. No vil han ikkje berre gi ut bøker på Bonnier, han vil også få lov til å jobbe med å gi ut andre sine bøker for Bonnier, og dermed ha ein fast inntektspost i privatøkonomien sin.

Bonnier greidde også å snappe Tonje Tornes frå Egmont forlag. Tornes står bak nokre av dei største suksessane på barnebokmarknaden, med titlar som Malin Falchs Nordlys-serie og Victor Sotbergs Edelmot-serie. Også Tornes skal no få sitt eige imprint-forlag.

Frå utsida verker dette som ein smart måte å lokke til seg dei mest ettertrakta forfattarane og redaktørane på. Dei får stor fridom, stabil inntekt, og Bonnier får dei beste namna.

Og så ligg det sjølvsagt også andre historier bak slike nyheiter. Eg har vanskar med å tru at Egmonts kutt og nedbemanning ikkje har noko å gjere med at Tornes skiftar beite. Og det er også interessant å merke seg at Bonnier nedbemanna omtrent heile barne- og ungdomsavdelinga i sommar. Knappe to månader etterpå hentar dei inn redaktøren bak nokre av dei største boksuksessane for barn og ungdom. Du må openbart vere brutalt raskt for å drive godt i bokbransjen.

Underleg optimisme

Men med nyheiter om kutt den eine månaden, og så nyheiter om storsatsinger den neste månaden, er det lett å tenke at dei som har mye, får meir, og at dei som har lite, får mindre. I ei tid der papirboka er svekka og folk les færre bøker, som Leserundersøkelsen 2024 viste, og der regjeringa skuffa stort med Leselyststrategien som vart lansert i år, er det god grunn til å vere bekymra over breidda i den norske litteraturen.

For det er lett å sjå seg blind på suksesshistoriene vi har i den norske bokbransjen, frå at ein vestlending vant Nobelsprisen i litteratur, til at ei litterær stjerne frå Grorud får eige imprint-forlag. Men det er også openbart at framtida til både norske forlag og norske forfattarar er høgst usikker. Og når forlaga skjelv og folk les mindre, er det lite som tyder på at dei som skal ta litterære sjansar og skrive bøkene som utfordrar, får så mykje meir i lomma.

Men du får ikkje høyre noko av dette om du spør forlaga. Dei seier stort sett at alt går fint, heilt til Forleggerforeningen skal forhandle om normalkontrakten. Da er det lettare å snakke om krise.

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kommentar