Kommentar

Pastor på pidestall

Trua på ein pastor på pidestall tok ikkje slutt for 25 år sidan. Eg skulle gjerne lese fleire ettertankar frå 90-talet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Vårt Land har gjeve gjensyn med «Historien om Lysbærerne», artikkelserien over nesten 30 avissider frå mars 1999. Verken Jan Eikeland eller eg som skreiv serien, minnest noko anna som har vekt slik interesse. Sidan Vårt Land aldri etterkom ønsket frå Levi Fragell i Human-Etisk Forbund om å samla artiklane i eit hefte, hender det framleis, 25 år etter, at eg blir spurt om eg kan kopiere avissidene og senda.

Eg har framleis arkivet med rapportar. Eg finn avskrifter av profetiar, også om sjukdom og ulukke som kunne ramma kritikarar. Eg har ein stor pose talekassettar frå Oslo Vineyard frå heile 1998, fram til pastor Kjell Aasmundrud tok avskil 25. oktober etter å ha fått marsjordre.

Minna er framleis kraftige. Om menneske med varme historier, som hadde fått ny retning på liv og søking. Men vi måtte også setja oss ned for å snakka saman om krevjande profetiar.

Behovet for debriefing melde seg akutt på nytt då eg no, for første gong på 25 år, bladde i ein av permane. Eg måtte raskt setja permen tilbake i hylla.

Eg skulle gjerne sett at fleire i dag delte sine ettertankar, og det om fleire fenomen frå 90-talet

Vekking og leiarskap

Når Vårt Land først hentar fram att serien, hadde eg tenkt at gjenforteljinga i større grad vart følgt opp av refleksjonar frå fleire, om både forventingar om vekking og synet på åndeleg leiarskap.

Min gode kollega frå tida i Vårt Land, Erling Rimehaug, har skrive klokt her i avisa om synet på vekking. Han har sagt meir i ein serie podkastar som Dagen har laga der lærdommar er meir i søkjelyset. Dei to avisene henta faktisk fram att serien samstundes.

I 1999 var Rimehaug, på grunn av rolla han hadde hatt i leiarskapen i Oslo Vineyard (til han vart kritisk og det ikkje var plass til han) intervjuobjekt. I teksten «Hva er mest åndelig?» (Vårt Land, 10.09) vedgår Rimehaug kvar han sjølv bomma då han i februar 1998 i ein tale brukte Paulus sine ord i Første korintarbrev for å gå god for pastorrolla Aasmundrud hadde i «Lysbærerne».

Eg skulle gjerne sett at fleire i dag delte sine ettertankar, og det om fleire fenomen frå 90-talet.

«Lattervekking» og endetid

Vi kan starta med «lattervekkinga» som vekte oppsikt og prega nokre forsamlingar få år før Lysbærerne. Oase importerte lattervekkinga frå Toronto i 1994. I podkasten til Dagen fortel Rimehaug at han sjølv deisa i golvet i Lovisenberg kyrkje i Oslo, og det utan ytre påtrykk.

Mi historie frå den same kyrkja er ei anna. Eg gjekk til forbøn og vart teken imot av bøneteamet. Men så, inn frå sida, kom eit meir leiande Oase-fjes. Utan eingong å spørja kva eg kom for, starta bøna. Og så kom dytten. Eg fall ikkje – men eg gjekk neste dag og sa frå at eg mislikte dette. Eg fekk ei orsaking.

Også i lattervekkinga var det menneske som fekk eit genuint nytt møte med Jesus. På den andre sida kom altså denne ulukkelege iveren hos enkelte etter å hjelpa Den heilage ande, jamvel fysisk, for å få fart på «den store vekkinga» som endeleg hadde kome. Korleis blei dette handtert? Og kvar vart det av Toronto-vekkinga med tida?

Hendinga i Lovisenberg gjekk ikkje på gudstrua mi laus. Men det som hende gjekk ut over tiltru til leiarskap og til eit importert fenomen med sterke, overnaturlege uttrykk. Minnet dukka opp igjen då dei to avisene i sommar ringte under arbeidet og eg byrja tenkja på kva eit gjensyn med «Historien om Lysbærerne» kunne brukast til å reflektera over.

Ingen veit kva som kunne hendt i 1998, dersom den lengtande og sårbare gruppa Lysbærerne i Trondheim ikkje vart gjort til «den store endetidsvekkinga». Korleis ville det sett ut dersom ubibelske og usunne profetiar ikkje hadde fått makt? Éin av lærdommane er i det minste denne: Kvar gong kristne leiarar gjev seg – og andre – ei viktig rolle i sjølvaste endetida, går det gale.

Stå til ansvar

Mange forsamlingar vil vera sjølvstendige, utan nokon over seg. Oslo Vineyard var (og er) del av ein samanheng der internasjonalt leiarskap til slutt greip inn. Men mange hadde svikta. I oktober 1998 var det farleg seint – ei forsamling og mange enkeltpersonar betalte ein høg pris.

Dei som klarte å halda liv i ruinane av Oslo Vineyard, laga ein evalueringsrapport – den skreiv Vårt Land om i 2004. Dei tok oppgjer med profetiar og vedgjekk at tilhøvet til Vineyard-pastoren hadde likna «en slags avgudsdyrkelse».

Aasmundrud ville heller ikkje den gongen bli intervjua. Men han sytte i alle fall for at eg til slutt fekk rette versjonen av den krasse rapporten frå dei som hadde overteke.

Oslo Vineyard stramma inn på pastormakta. I forsamlinga Aasmundrud bygde opp frå 1992, var pastoren den øvste ansvarlege, han peika ut ei leiargruppe og hadde sjølv det siste ordet ved usemje. Skrekkslagne etter krisa vart pastoren underlagt eit eldsteråd som kyrkjelyden valde. Men dette vart for strengt, fann Oslo Vineyard ut, så pastoren fekk etter kvart meir ansvar igjen. Sidan forsamlinga framleis lever, har dei venteleg funne ein balanse.

Kanskje hadde dei ikkje fått med seg at det var noko å læra frå 1998, eller at dei tenkte at det dei stod i var noko heilt anna

Færre brente barn?

I åra som er gått, har det ofte vore søkjelys på usunn leiarskap og brente barn med smertefulle historier. Det har slått meg at mange av historiene har skjedd i åra etter krisa i Oslo Vineyard. Eg har tenkt at nokon kunne ha lært og i tide stoppa pastorar med ei brennande tru på sitt ekstraordinære kall. Dette har vore kall brukt til å jaga unge menneske rundt med slitsame visjonar om vekst og vekking. Inntil krisa kom, og det gjekk på trua laus og andre måtte overta ruinane.

Kanskje hadde dei ikkje fått med seg at det var noko å læra frå 1998, eller at dei tenkte at det dei stod i var noko heilt anna.

Ingen historier er like. «Historien om Lysbærerne» hadde mange særskilte kjenneteikn.

Men noko kan gjelda breiare. Leiarar skal ha rom for å leia. Men dei skal ikkje leia åleine, og ingen skal dyrkast. Leiarar må stå i ein samanheng der dei kan bli korrigerte, og bli avsette dersom dei nektar. I kvar einaste forsamling og kvart einaste leiarteam skal det vera fullt innsyn. Og det skal vera trygge rom for å stilla spørsmål og koma med kritikk.

Då kan forsamlinga i fellesskap be og arbeida, halda hjartet brennande og snakka sant om livet. Og ein dag kjem kanskje vekkinga, utan massivt trykk frå ein pastor på pidestall, men som ei kraft som kan endra menneske, kyrkje og samfunn.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kommentar