Kommentar

Den lange vegen mot november

Det er 62 dager til presidentvalet i USA. Kan Kamala Harris segle i mål på entusiasme?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Om lag ei veke er gått sidan det demokratiske partiet avslutta sitt landsmøte i Chicago. 4700 delegatar – og ti gonger så mange menneske totalt – samla seg i og rundt den store idrettsarenaen som til vanleg huser basketball-laget Chicago Bulls.

Formelt skulle forsamlinga nominere Kamala Harris og Tim Walz som sine kandidatar til det høgste og nest høgste vervet i landet.

Resten av veka var vigd til talar frå større og mindre profilar i partiet (og eit par republikanarar) som fekk skryte uhemma av utgåande president Joe Biden og av ho dei håper skal vere den påtroppande presidenten.

Det var ei veke stappfull av glede og entusiasme – men no ventar kvardagane, nærmare bestemt 62 av dei. Er stemninga frå landsmøtet nok til å bere Harris og medkandidat Walz heilt i mål?

Den nye kvardagen

Det er verkeleg ikkje lang tid til valet, men tenk deg attende 62 dagar: Då skriv vi 3. juli, og det er berre nokre få dagar sidan Joe Biden møtte Donald Trump i ein historisk tidleg debatt som endra heile valkampen. Biden var framleis partiet sin presidentkandidat, og skulle vere det i nesten tre veker til.

Det kjennest – i alle fall for meg – som eit heilt liv sidan.

Stemninga i Det demokratiske partiet har snudd dramatisk. Før Joe Biden gav seg viste målingar frå Economist/YouGov at seks av ti Biden-veljarar først og fremst ville røyste mot Trump, ikkje for Biden. Målingar frå førre veke viser at 62 prosent av Harris-veljarar seier at deira røyst først og fremst er for Harris, ikkje mot Trump.

I norsk valkamp snakkar ivrige tillitsvalde gjerne om at «dei blidaste vinn». Det handlar litt om korleis ein møter veljarane, men det kan også like godt handle om at alt går litt betre i medvind. Det går lettare, pressa er lettare å handtere, det er lettare å smile. Slik har nok også dei mange som jobbar med Harris-kampanjen det akkurat no.

Held det heilt inn?

Det store spørsmålet er om denne bølgja av begeistring – som har dytta demokratane opp i leiinga nasjonalt på snittet av målingar, og i mange av dei viktige vippestatane (vi skal snakke meir om vippestatane i neste veke) – kan bere Harris og Walz heilt inn på Det ovale kontoret.

Svaret på det er nok «nei». Den raske stigninga Harris hadde på målingane etter at ho overtok som partiet sin presidentkandidat ser ut til å ha flata litt ut, og på Nate Silver (han skal vi også snakke meir om i vekene som kjem) sin prediksjonsmodell er no Donald Trump favoritt med 58 prosent mot Harris sine 41 prosent til å vinne valet.

Betyr det at løpet er køyrt? Absolutt ikkje. Mykje vatn har rent i elva sidan 3. juli, og like mykje skal renne før valavlukka stenger. Men no held det ikkje å flyte på den gode stemninga mykje lenger. Kamala Harris må få noko til å skje.

---

Fakta: Valet i USA


  • Valdagen i USA er 5. november
  • Kamala Harris og Donald Trump skal møte kvarandre til debatt 10. september
  • I tillegg til presidentvalet, skal ein velje alle dei 435 medlemmene i Representanthuset. 33 av dei hundre seta i Senatet er også på val i år

---

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land. Hun har jobbet i avisen siden 2022. Sigrid er kommentator og skriver da oftest om USA og amerikanske valg, Den norske kirke og aktuell samfunnsdebatt.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kommentar