Kommentar

Derfor kan denne mannen bidra til å felle Netanyahu

Den israelske statsministeren med ni politiske liv kan ha brukt opp sitt siste. Fagrørsle-bossen Arnon Bar-David kan bidra til nådestøytet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Den israelske fagrørsla Histadrut er ein mektig kjempe i det israelske samfunnet – med ei nesten mytisk status. At leiaren Arnon Bar-David søndag erklærte generalstreik måndag i protest mot Netanyahu-regjeringas Gaza-politikk og manglande evne til å få til ei gisselavtale, sende frå morgonen 800.000 israelarar ut i streik.

Mange av desse er i utgangspunktet viktige veljarar for Netanyahu.

Fleire hakk til høgre for oss

Som med alt anna i det israelske samfunnet er også fagrørsla i Israel meir høgreorientert i dei fleste andre land. Den har ei langt tyngre symbolsk rolle i Israel enn LO har i Norge. Den israelske arbeidarklassen var lenge rekna som ein del av venstresida, men har dei siste tiåra flytte seg fleire hakk til høgre. Slik har dei blitt ein viktig del av Benjamin Netanyahu og Likud-partiets maktbase. Trass alt som heftar ved Netanyahu, har han i val etter val greidd å appellere til det djupe tryggleiksbehovet mange israelarar kjenner på.

I ein nasjon tufta på traumet etter 2. verdskrig og Holocaust, finst det ikkje nokon viktigare oppgåve for ein statsminister enn å få heim alle sine i live

Ein illustrasjon på Histadruts politiske linje, fekk vi etter terroråtaket og krigen i fjor haust, då leiaren Bar-David vart fotografert under besøk på ein våpenfabrikk. Der signerte han eit missil med påskrifta «Det israelske folket lever. Helsing Histadrut og israelske arbeidarar». For alle oss som står utanfor, verkar det smaklaust. For israelarar flest er tryggleik viktigare enn noko. For mange israelarar er derfor krigen mot Hamas ein krig mot terror.

Fagrørsla har stått støtt bak Netanyahu-regjeringas krig mot Hamas på Gazastripa, som til dømes då Bar-David i januar inngjekk ei avtale med den finansminister Belazel Smotrich om at israelske arbeidarar skulle bidra til å betale for krigen av eiga løn. Smotrich er ein av dei mest ytterleggåande og høgreekstreme ministrane i Netanyahus regjering.

I David Ben-Gurions fotspor

Histadruts posisjon i det israelske samfunnet er sterk. Mykje av det handlar om at fagrørsle-organisasjonen spela ei leiande rolle i etableringa av den israelske staten i 1948. Histadrut vart oppretta allereie i 1920. Det var Histadrut som etablerte dei økonomiske, finansielle, kulturelle og industrielle institusjonane som i det heile tatt gjorde det mogleg få ein stat til å fungere. Den største banken i Israel i dag, er til dømes Bank Hapoalim – som direkte omsett betyr arbeidarane sin bank. Som Vårt Land-kollega Dana Wanounou skreiv i fjor sommar: «Ikke bare var Histadrut sentral i opprettelsen av virksomheter i alle landets sektorer – deriblant kibbutzene – arbeiderbevegelsen forvaltet dessuten de sekulære, sionistiske idealene: Israelerne var et fellesskap av arbeidsfolk som skulle bygge den nye jødiske staten nedenfra, og det var folket – ikke rabbinerne – som skulle definere hva Israel skulle være.»

Dei gjer det ikkje for Gazas døde barn, men for drepne israelske gissel.

Den første leiaren av organisasjonen var nasjonalhelten David Ben-Gurion, som skulle bli Israels første statsminister.

Sjølv om mykje har skjedd med Israel og den israelske arbeidarrørsla sidan den gongen, har organisasjonen og leiaren Arnon Ben-David ein unik posisjon i det israelske samfunnet. Internasjonalt har Histadrut blitt kritisert for å stå for tett på den folkerettsstridige politikken til Israels regjering. Til dømes har den norske Palestinakomiteen tatt til orde for at norske LO må bryte med Histadrut. Denne forma for internasjonal kritikk er berre med på å gje Histadrut meir legitimitet og større slagkraft internt i Israel. Det er også grunnen til at det svir for Benjamin Netanyahu når denne rørsla vender sin vreide mot hans regjering. Dei gjer det ikkje for Gazas døde barn, men for drepne israelske gissel.

Kan tvinge Netanyahu i kne

Sist Histadrut og Ben-David vende seg mot Netanyahu, under dei store demonstrasjonane mot regjeringas rettsreform våren 2023, enda det med at Benjamin Netanyahu måtte ta inn igjen den avsette forsvarsministeren Yoav Gallant for å roe demonstrantane og fagrørsla. Etter lunsj måndag bestemte den israelske arbeidsretten at Histadruts generalstreik måtte avsluttast innan 13.30 same dag. Det er ikkje grunn til å tru at den forma for rettslege reaksjonar vil minske protestviljen.

Denne gongen er Netanyahu i ein markant meir pressa situasjon. Internt i regjeringa pressar busettarrørsla på for å halde fram krigen, medan store delar av det israelske samfunnet i stadig større desperasjon etterlyser ei avtale som vil få gislane heim. I ein nasjon tufta på traumet etter 2. verdskrig og Holocaust, finst det ikkje nokon viktigare oppgåve for ein statsminister enn å få heim alle sine i live.

Den oppgåva har Benjamin Netanyahu mislukkast med. Det er hovudsakeleg det demonstrantane i Israels gater straffar han for.

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kommentar