Etter KrFs maratonmøte måtte nestleiarane Dag Inge Ulstein og Ida Lindtveit Røse stå til rette som to parallelle utgåver av «Komiske Ali». Nesten uansett kva dei fekk spørsmål om, var svaret at «Olaug fatta si avgjerd» og at dei to hadde stor respekt for denne avgjerda. Det sa dei trass i at Olaug Bollestad få minutt tidlegare hadde sagt leiinga hadde mislukkast i å finne ei løysing, og at ho derfor hadde bestemt seg for å gå av. Alle kunne forstå at det eksisterte eit stort press mot henne.
Sanning med modifikasjonar
I politisk kommunikasjon er det viktig å snakke sant. Ein viktig regel er at du som politikar ikkje treng å seie alt som er sant, men at det du seier må vere sant. Då Ulstein og Røse sa at Bollestad hadde fatta avgjerda, var det i og for seg sant – slik Vårt Land kjenner detaljane frå møtet. Det er likevel ei sanning med modifikasjonar, ettersom Olaug Bollestad kjempa ein desperat kamp for sitt politiske liv dei siste vekene. Ho skal ha kjend seg under eit massivt press, og opplevde prosessen som eit resultat av maktkamp og kupp. Nestleiarane Ulstein og Røse sa etterpå at dei ikkje skal ha pressa henne til å gå.
Ein del møtedeltakarar skal lenge ha frykta at Bollestad ville forlate bygningen gjennom bakvegen, og etterlate partiet i ein uavklart situasjon. All diskusjon om vegen vidare, ville då ha ligge på vent.
Etter sentralstyremøtet i Nedre Volls gate i Oslo sentrum, har det knapt komme informasjon ut om kva som føregjekk dei godt over sju timane møtet føregjekk. Dei som var til stades har blitt samde om å ikkje lekke til media kva som skjedde, kven som sa kva eller kva dei kom fram til.
Dette skjedde
Vårt Land har gjennom å snakke med kjelder i og rundt sentralstyret likevel fått vite ein del. Fleire skildrar ei meir alvorstung stemning enn dei har opplevd i politikken tidlegare. Spenningane mellom aktørane i møtet skal ha vore sterk og ubehageleg, og skal ha bidratt til at møtet ikkje tok slutt før langt på kveld. Medlemmene av sentralstyret skal ha delt sitt syn på saka gjennom å ta rundar rundt bordet. Fleire i sentralstyret hadde mange spørsmål til prosessen så langt.
Det var etter kva Vårt Land kjenner til ingen i møtet som direkte bad Olaug Bollestad om å gå av.
Inne i sjølve møtet var lenge knytt stor utryggleik til kva som ville bli resultatet. Der vart det vurdert som langt frå sikkert at Olaug Bollestad ville trekke seg. Også undervegs i møtet varte denne tvilen ved. Dessutan var det langt ut i møtet usikkert om Bollestad ville møte pressa etter møteslutt, og annonsere sin avgang. Ein del møtedeltakarar skal lenge ha frykta at Bollestad ville forlate bygningen gjennom bakvegen, og etterlate partiet i ein uavklart situasjon. All diskusjon om vegen vidare, ville då ha ligge på vent.
Ingen bad Bollestad direkte om å gå
Det var etter kva Vårt Land kjenner til ingen i møtet som direkte bad Olaug Bollestad om å gå av. Blant sentrale KrF-arar vart det vurdert som viktig at Olaug Bollestad møtte pressa for å annonsere avgangen ho sjølv kom fram til. Slik bidrog ho på veg ut av døra til å halde partiet samla på eit kritisk tidspunkt.
I motsetnad til kva mange utanforståande såg for seg, skulle ikkje sentralstyremøtet behandle varslingssaka mot Olaug Bollestad denne gongen. Den formelle behandlinga av varslingssaka vil skje i seinare sentralstyremøte. Det som derimot var tema, var Bollestads leiarverv og den urolege situasjonen i partiet. Store delar av møtet gjekk med til ein diskusjon om prosessen som hadde ført fram til møtet. Fleire deltakarar skal ha tatt oppgjer med lekkasjane til media om varslingssaka.
Bollestad skal ha kjempa for sitt politiske liv, og skal ha fått støtte frå fleire rundt bordet, mellom anna Per Sverre Kvinlaug frå Agder. Avisa Dagen omtalar korleis Kvinlaug kjempa for eit anna utfall enn at Bollestad trakk seg.
I eit møte som varte i over sju timar, skulle ein tru partiet ville ha fått tid til å diskutere litt av vegen vidare. Til dømes: Ville partiet arrangere eit ekstraordinært landsmøte for å velje neste leiar, eller vente heilt til det ordinære landsmøtet i Kristeleg Folkeparti neste vår? Tidlegare når KrF har hatt strid, har slike avklaringar gjerne komme i same møtet som nyheit om avgang. Denne gongen var det ikkje rom for å planlegge framtida, ettersom det var så mykje spenning knytt til om Bollestad i det heile tatt ville trekke seg.
Fleire av kjeldene Vårt Land snakkar med etter møtet, peikar på at det naturlege vil vere eit ekstraordinært landsmøte der dei kan velje ny leiar i løpet av hausten. Å vente til landsmøtet i mai vert rekna som nesten uaktuelt.
Lindtveit Røse utan stortingsplass
Akkurat no peikar mange pilar på Ida Lindtveit Røse. Dag Inge Ulstein ser ut til å stå fast på avgjerda om å ikkje ta attval til Stortinget, slik også Kjell Ingolf Ropstad gjer. Dermed vil KrF kunne ende opp med ei splitter ny partileiing og ei splitter ny stortingsgruppe etter valet neste år, der alle blir skifta ut.
Ida Lindtveit Røse hamnar neppe på Stortinget frå Akershus, utan at det treng å vere eit hinder for hennar moglegheiter til å bli partileiar. Ho har allereie vore meir synleg enn partiets stortingsrepresentantar, og kan etter valet neste år hamne som statsråd i Erna Solbergs neste regjering – om borgarleg side vinn fleirtal.
Det er forståeleg at konflikten, spenningane og dei siste vekene med krise har sett sitt preg på dei involverte. For ein del som står i denne situasjonen vil den vere med på å prege dei i lang tid. Det er ingen overdriving å samanlikne den med ei livskrise. Det skal vi som står utanfor ha respekt for.
Samstundes er KrF framleis eit politisk parti som ønsker å ha makt i norsk politikk. Då er det viktig at veljarar og folk forstår kva som skjer i partiet. Derfor er det også viktig for oss å omtale krisa, bakgrunnen for den og fakta om det som faktisk skjer.
Det er vanskeleg å snakke om noko kupp i KrF, sjølv om fleire av Bollestads støttespelarar skildrar ei kjensle av at noko slikt skal ha skjedd. Den kjensla må den nye partileiinga ta på alvor. Det gir meir meining å omtale det som har skjedd som ei krise som kan gje partiet ein siste moglegheit til å redde seg sjølv før stortingsvalet neste år.