Kommentar

Den triste sortien og dei nye moglegheitene

Det var til slutt ikkje til å unngå at Joe Biden måtte trekke seg frå å vere demokratane sin presidentkandidat. Det var likevel vemodig og vondt.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Sundag kveld norsk tid kom meldinga om at Joe Biden ikkje lenger vil vere Det demokratiske partiet sin presidentkandidat i valet i november. Like etter meldte han også at han gjer si støtte til Kamala Harris som partiet sin nye kandidat.

Det blir opp til partiet, som skal ta avgjerda under landsmøtet i slutten av august. Fleire prominente demokratar tok, alt før det var klart at Biden ville trekke seg, teke til orde for å arrangere ein open prosess i ekspressfart for å ha ein ny kandidat klar til landsmøtet. Ønsket er å unngå eit inntrykk av at partieliten forbigår partimedlemmane.

Når Biden er så tydeleg på at han ønsker at visepresidenten hans skal vere den nye kandidaten, er det vanskeleg å sjå føre seg at det er nokon andre som kan nå opp.

I løpet av sundagskvelden fulgte også den eine etter den andre i partiet Joe Biden sitt eksempel og uttrykte si støtte til Harris som partiets presidentkandidat. Sjølv om vi ikkje veit noko ennå, kan det også tenkast at partiet no ikkje tek seg bryet med ein open prosess, men i staden forsøker å konsolidere støtte bak Kamala Harris, slik at landsmøtet om ein månad kan bli ei feiring av Harris og hennar visepresidentkandidat.

Det er vanskeleg å sjå føre seg at det er nokon andre enn Kamala Harris som kan nå opp

Ein slagen mann

Det var ikkje overraskande at Joe Biden til slutt måtte gje tapt for det massive presset han har vore utsett for dei siste vekene.

Det var truleg heilt naudsynt for at partiet skal ha ein sjanse mot Donald Trump i november, etter den skjebnesvangre debatten Biden leverte mot rivalen i slutten av juni. Likevel har det til tider vore ubehageleg å sjå denne prosessen spele seg ut i allmenta. Når kynisk maktpolitikk møter det personlege omsynet til ein mann som har gjeve nesten heile livet sitt til Det demokratiske partiet, og som har trivst svært godt på presidentkontoret – og som partiet er heilt samstemte i at har gjort ein formidabel jobb som president – ser det ikkje pent ut.

Det har vore tydeleg for alle at Biden ikkje har hatt spesielt lyst til å gje seg, og fleire i partiet, som vanlegvis vil vere svært lojale, har sett seg nøydde til å dele sine meiningar om situasjonen offentleg. Mange som historisk har stått presidenten nær, har vore tydelege på at han burde trekke seg. Det har nok vore like vanskeleg å seie som å det har vore for Joe Biden å høyre.

Truleg vil vi på dei første målingane frå dei viktige vippestatane sjå at Harris ligg litt bak Trump, eller rimeleg likt

Den neste presidenten?

Det er ei dryg oppgåve som no ligg framføre Kamala Harris, dersom det altså blir henne som tek over nominasjonen. Ho må hoppe inn i ein valkamp som er laga for Joe Biden, og freiste å gjere den til sin eigen utan å rokke på så mange steinar at den fell over ende.

Mandag morgon norsk tid meldte kampanjen hennar at dei hadde samla inn astronomiske seksti millionar dollar sidan Biden kom med si kunngjering – det er like mykje som demokratiske kampanjar på plattforma ActBlue hadde samla inn heile den føregåande veka, ei veke som var mellom dei beste så langt i år. Det tyder på ein entusiasme i partiet for den nye kandidaten.

Sjølv om ho ligg betre an enn sjefen sin på teoretiske målingar mot Donald Trump, kjem den store prøven først når ho reelt blir partiet sin kandidat. Truleg vil vi på dei første målingane frå dei viktige vippestatane sjå at Harris ligg litt bak Trump, eller rimeleg likt.

Forskjellen på Kamala Harris og Joe Biden er at ho har vist dei siste to vekene at ho er fullt i stand til å artikulere ein klar bodskap på partiet sine vegne, for Demokratane sin politikk og mot Donald Trump.

Det er all grunn til å forvente at denne valkampen no blir svært spanande.



Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land. Hun har jobbet i avisen siden 2022. Sigrid er kommentator og skriver da oftest om USA og amerikanske valg, Den norske kirke og aktuell samfunnsdebatt.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar