Kommentar

Å forstå andre sin lidenskap

Livet i same hus og heim vert betre om ein legg godviljen til i møte med den andre sin lidenskap.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Gjennom våren får eg ei stadig sterkare fornemming av at vi blir fleire i husstanden. Når juli treff, er det ikkje berre ei kjensle lenger: Kvar einaste dag – nesten – held min betre halvdel høgtid i stova saman med Christian Paasche og Mads Kaggestad.

Gjennom arbeidsdagane har han lyden på øyra, og det er om å gjere å komme seg heim frå jobb – på sykkel, sjølvsagt – i tide til å få med seg dei siste seks-sju mila før ein kaotisk massespurt, bakketopp eller livsfarlig utforkøyring avgjer etappen. Frå dei i studio renn det over av gode anekdotar, fun facts og praktiske sykkeltips han tek med seg inn i eigen kvardag. Sjølv har gemalen forøvrig nyleg gjennomført ein ambisiøs stafett frå Nordkapp til Lindesnes med sitt eige amatørlag og kjenner truleg større slektskap enn nokon gong med gutane på skjermen.

Gemalen er nesten irriterande pedagogisk når han forklarer Tour de France

Den vanskelege sporten

Det er mange ting ved sykkelsporten som gjer den vanskeleg tilgjengeleg for meg.

Etappane er grufullt lange – den delen av etappen som går på tv, varer i om lag like mange timar som sykkelturane mannen min tek på laurdags føremiddag før han set seg i sofaen for å følge ferda på smale dekk gjennom Frankrike. Samstundes kan utslaga i ein spurt og marginane i mål bli opplevd nesten like små som i slalåm.

Syklistane har ulike funksjonar i laget sitt ut frå typen etappe dei syklar, på ein måte eg ikkje forstår like intuitivt som til dømes eit lagoppsett i fotball. Laga har, stort sett, lite med land og fysiske stader å gjere – og fordi laga bér namnet til sponsorane, byter dei namn og trøyefargar med irriterande ujamne mellomrom.

Jamt over har eg opplevd det krevjande å forstå og engasjere meg i sporten, trass i at den tek opp såpass mykje av merksemda i heimen gjennom sommaren. Det er ikkje den betre halvdelen sin feil. Han er nesten irriterande pedagogisk når han fortel om kven som gjer det betre enn venta, kven som ikkje leverer varene, om dei som gjekk i brot og om det kjem til å vare heilt inn (svaret på det er forresten nesten alltid «nei»).

Eg hadde ikkje tenkt å sjå på «Tour de France: Fra innsiden». Men eg er svak for ein god dokumentar

Dramatikkens kraft

I fjor sommar endra noko seg. I oppkøyringa til sommarens store sykkelfest lanserte Netflix dokumentaren «Tour de France: Fra innsiden». Gjennom åtte episodar følgde vi Tour de France 2022, og kom ganske tett innpå nokre av laga og profilane som sette sitt merke på Frankrike Rundt – eller forsøkte å gjere det.

Eg hadde ikkje tenkt å sjå på. Men eg er svak for ein god dokumentar. Det tok overraskande kort tid før det var eg som foreslo at vi skulle sjå ein episode til. Sjølv om leksikonet i motsett sofahjørne visste korleis det kom til å gå til slutt, sat vi båe litt ekstra langt framme på sofaputene for å sjå om Jasper Phillipsen verkeleg skulle vinne si første etappe, og om Geraint Thomas skulle klare tredjeplassen i samandraget.

I passe tid før årets ritt slapp strøymegiganten sesong to av dokumentarserien, over same lest, og no er vi i gang att.

Eg forstår at eg vert manipulert. At det blir tekne dramaturgiske grep for å male toppane høgare, for at eg nettopp skal sitje på kanten av stolen i spenning trass at eg allereie har spurt sykkel-entusiasten eg deler hus og heim med korleis dette gjekk til slutt. Men det fungerer.

Dei fleste av oss har ein lidenskap, eller fleire, som kan låse opp desse kjenslene

Eit univers av kjensler

Ikkje minst fungerer det fordi eg forstår litt betre kva det er med denne idretten som engasjerer, som dreg tusenvis av nordmenn inn i det gule sykkeluniverset år etter år. Mellom dei altså min ektemann.

Det handlar om lidenskap. Brennande interesse, men ikkje berre det: Også eit heilt univers av kjensler løyst ut av det som utspeler seg framføre augo våre. Dei høgaste toppane og dei djupaste dalane – og alt imellom. Det burde ikkje vere vanskeleg å forstå, for dei fleste av oss har ein lidenskap, eller fleire, som kan låse opp desse kjenslene.

Det er allereie ti år sidan dåverande Oslo-ordførar Fabian Stang gøymde seg bak eit tre for å sleppe unna hordane med unge jenter då Justin Bieber vitja Oslo, og i åra sidan har mellom andre gruppene One Direction og BTS skapt ville tilstandar. Det siste året er det hyper-stjerna Taylor Swift som har sett by etter by på hovudet med mega-turneen The Eras Tour. Jenter i alle aldrar (og nokre menn) har strøymd til dei store arenaene, og dei drygt tre timar lange konsertane er uttrykk for enorm lidenskap.

Delt og einsam lidenskap

Dessverre er det ofte lettare å himle med augo og vitse med den lidenskapen vi ikkje umiddelbart kan forstå, fordi tema eller uttrykksform er så langt frå vår eiga oppleving.

I heimen prøver vi så godt vi kan. Kjensleregisteret som mannen min kjenner på under Frankrike rundt, får eg låst opp både i møte med amerikansk politikk og med eit utval gamle og halvgamle tv-seriar.

Då eg tidlegare i vår rigga meg til i sofaen og sette i gang sesong fem av favorittserien M*A*S*H, for om lag tiande gong i løpet av vårt seksten år lange samliv, kan det nok tenkjast at han himla litt med augo for seg sjølv, gemalen. Men han sa ikkje noko. Kanskje har den etter kvart velkjente dialogen blitt ein del av bakgrunnslyden av livet hans, slik stemmene til TV2-kommentatorane i Frankrike er blitt det for meg.

Ein delt lidenskap gjev meir glede enn den ein sit med åleine. I alle fall får ein så mykje meir glede ut av å forsøke å forstå, enn av å avvise blindt.

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land. Hun har jobbet i avisen siden 2022. Sigrid er kommentator og skriver da oftest om USA og amerikanske valg, Den norske kirke og aktuell samfunnsdebatt.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kommentar