Kommentar

Dei skeive organisasjonane står for den nye pietismen

I krigståka frå Gaza verkar den skeive rørsla til å ha gløymt kva dei kjempar for. Ingen har nokon gong forandra verda med reine hender.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Canadas ambassade måtte etter press frå skeive organisasjonar (!) avlyse sin årlege Pride-hagefest. Årsak: Israel skulle delta. Nesten alle dei skeive organisasjonane – som til dømes Skeiv verden og FRI Oslo og Viken – hadde varsla at dei ikkje ville delta på hagefesten, dersom Israel også deltok.

Same Pride-hagefest som alle år

Ambassadefesten som i årevis har vore ei feiring av den skeive rørsla, vart altså avlyst etter press frå den skeive rørsla. Ikkje fordi innhaldet i festen hadde endra seg, men fordi feil folk skulle delta.

Vi såg dermed den skeive rørsla innføre eit nytt krav til reinleik.

Kampen for skeive har tradisjonelt vore ein konkurranse i inkludering. Der den skeive kampen heile vegen har handla om å bygge breie alliansar på tvers av grupper, verkar det no som andre omsyn snik seg inn. Poenget var tidlegare å bygge bruer mellom rørsler med ulik verdimessig ståstad, fordi det var det som ville gjere liva til skeive betre.

Der den gamle pietisten viste si rette tru med sitt fromme vesen i stolradene på bedehuset, gjer den moderne det ved å ha rett banner i profilbiletet på Facebook og dele korrekte meiningar i samvær med meiningsfeller.

Gaza-krigen ser ut til å ha snudd tenkemåten på hovudet. Til dei som meiner skeiv kamp bør vere rein for skitne alliansar med folk dei er usamde med: Kvifor stanse her? Kvifor skal ikkje dei skeive organisasjonane dra denne tankegangen fullt ut, og kutte samarbeidet med folk med annan økonomisk politikk eller klimapolitikk enn ein sjølv?

Dei tverrpolitiske alliansane er jo fulle av kompromiss. Og: Feil klimapolitikk har sannsynlegvis større negative konsekvensar for fleire menneske verda rundt, enn Israels krigføring i Gaza.

Det er mykje ein kan kritisere Israel for. Den hjartelause krigføringa på Gazastripa og den folkerettsstridige okkupasjonen av Vestbreidda, er begge meir enn gyldige kritikkpunkt. Israelske leiarar vil snart måtte svare for desse handlingane sine i ein domstol. Vi håpar alle på eit anna styre i Israel. Presset mot Netanyahu-regimet er rettferdig stort.

Israels respekt for skeive er ikkje «rosavasking»

Israels relativt høge respekt for skeive sine rettar, samanlikna med alle andre land i Midtausten, er derimot ikkje blant det som fortener kritikk.

Tel Aviv er ei av verdas trygge hamner for skeive, i ein region der skeiv seksualitet i beste fall er tabu. I verste fall vert det mange stader i Midtausten straffa med fengsel, forfølging og død.

Også samanlikna med mange europeiske og vestlege land, var Israel tidleg ute med å anerkjenne og legge til rette for samkjønna samliv. Landet har stått støtt i kampen for skeive sine rettar. Skeive kan leve saman og få barn. Homofili var straffbart i Norge lenger enn det var i Israel. Diskriminering på grunn av seksuell orientering har vore forbode i Israel sidan 1992. I 1993 arrangerte israelarar sin første Pride-parade.

Derfor har Israel også vore fast gjest på Canadas hagefest i Oslo under Pride.

Israels politikk for skeive er ikkje «rosavasking», slik enkelte påstår. Å vaske seg med skeiv politikk er berre mogleg om ein aktør i utgangspunktet ikkje står for den politikken den fører, men berre gjer det for å drive eit politisk teater for omverda for å kunne sole seg i glansen. Israels skeive politikk er derimot heilt konkrete rettar for skeive, fordi israelarar flest meiner skeive fortener det.

At akkurat denne delen av Israels politikk derfor blir gjenstand for boikott, viser kor ineffektivt og kontraproduktivt det verkemiddelet er.

Boikott vert altfor ofte dei reine henders politikk, heilt utan tanke på effektane.

Bedehusrørsla og FRI med felles sak

Mange kjenner kristen pietisme som rettruande som sit på sanninga. For desse har den personlege omvendinga vore det avgjerande. Det handlar om at den enkelte må leve gudfryktig og riktig. Utanfrå kan den klassiske pietismen verke streng, sneversynt og fordømmande. Meir enn å vere opptekne av konsekvensane av handlingane, er dei opptekne av å tru og stå for det rette.

Slik profilerte pietistane seg som tydelege pliktetikarar i den evige diskusjonen om konsekvensetikk.

At ein avlyst hagefest i Oslo skal bidra til å stanse krigen i Gaza er like urealistisk som det høyrest ut. Dei einaste som tapar på det, er dermed den skeive rørsla – både i Norge og alle andre stader. Fordi kravet om reinleik vart for sterkt.

I dag ser identitetspolitikken og mange aktivistar ut til å ha overtatt rolla til pietistane som dei rettruande. Dei verkar så heilage i eigne auge at dei ikkje kan ta i eller ha noko å gjere med krefter som ikkje har same grad av heilag og syndfri natur.

I staden for å handle om konkrete resultat i kampen for skeive sine rettar, forvandlar kampen seg no til å handle om ein eller annan form for reinleik. Den moderne pietisten har enkle svar og lite toleranse for livets kompleksitet. Der den gamle pietisten viste si rette tru med sitt fromme vesen i stolradene på bedehuset, gjer den moderne det ved å ha rett banner i profilbiletet på Facebook og dele korrekte meiningar i samvær med meiningsfeller.

Pietisten vandrar ikkje på ein brei veg saman med allierte av ymse karakter, men går heller i si eksklusive gruppe langs ein smal sti.

Skeive palestinarar fortener betre

Boikottaksjonen mot Israels deltaking på Pride-hagefesten, er ikkje eit norsk fenomen. Hamas-terroren og Gaza-krigen har opna opp ei kløft i det skeive miljøet i mange land. I USA står skeive mot kvarandre i synet på Israel. Fleire stader er jødiske grupper utestengd frå Pride-paradane. Skeive aktivistar som har ytra støtte til Israel, vert hengd ut.

Dei som ropar Fritt Palestina, reflekterer i liten grad over kva plass skeive har der i den framtidige staten. Sannsynlegvis vil rettane til skeive vere langt skrinnare enn i dagens Israel. Den palestinske ambassadøren var dermed ein av dei som Canadas hagefest burde vore arrangert for. Slik at ho kunne ta med seg argument, nettverk og politikk heim til sine leiarar i Palestina.

Den faktiske konsekvensen av å avlyse Canadas hagefest ser ikkje ut til å vere noko anna enn at ei viktig markering forsvann. Den skeive rørsla mista dermed i år ein viktig arena for å møte det diplomatiske miljøet.

At ein avlyst hagefest i Oslo skal bidra til å stanse krigen i Gaza er like urealistisk som det høyrest ut. Dei einaste som tapar på det, er dermed den skeive rørsla – både i Norge og alle andre stader. Fordi kravet om reinleik vart for sterkt.

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar