Kommentar

Parti til sals. Meld interesse

Med Kjell Ingolf Ropstad og Dag Inge Ulstein ute av manesjen er Olaug Bollestads KrF i ferd med å forsvinne. For yngre krefter er det berre å plukke opp att restene.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Måndag ettermiddag kom den sjokkerande beskjeden om at KrF-profilen Dag Inge Ulstein ikkje ville ta attval til Stortinget. I og rundt partiet var det mange som rekna det som sikkert at Hordaland-representanten ville ta minst éin ny periode.

Uerfaren i lang tid

Det vart nesten oppfatta litt rart av ein sittande nestleiar å vurdere å ikkje ta attval. Som ein av tre stortingsrepresentantar vart han rekna som kritisk i jobben med å få partiet over sperregrensa i 2025. Det er ikkje flust av ressursar i KrF.

Ulstein vart omtala som fersk i politikken lengre enn det som er normalt

Så valde ikkje den vegen. Lista av grunnar som gjer det forståeleg er lang. Like fullt er avgjerda uforståeleg i den situasjonen partiet er i.

Dag Inge Ulstein var mannen som vart løfta fram som ein slags frelsar i eit parti med greie på slikt. Først som byråd i Bergen, deretter som statsråd i Solberg-regjeringas siste år og til slutt som både nestleiar og stortingsrepresentant.

Han var godt likt, smart, gul, raud og blå. Klassisk KrF.

Ulstein vart omtala som fersk i politikken lengre enn det som er normalt. Seinast førre veke høyrde eg ei røynd stemme i norsk politikk seie at Ulstein burde få litt meir tid på baken – ti år etter han vart byråd for KrF i Bergen.

Opnar opp «sikker» plass frå Hordaland

Som ein av KrFs tre representantar vart han aldri den synlege veljarmagneten partiet trong. Også det var, dessverre for KrF, eit klassisk karaktertrekk ved partiet.

Exiten opnar opp ein av KrFs sikraste plassar på stortingslistene. Partiet har vore representert frå Hordaland sidan det såg dagens lys i 1933. Om det held fram i 2025, kjem mykje an på kven som overtek. Sjølv om valet skulle vise seg å plassere partiet under sperregrensa for andre gong, tyder mykje på at Hordaland-representanten vil hamne på Stortinget.

Ulsteins avgang teiknar eit tydelegare bilete av at Bollestads virke som partileiar var mest som overgangsfigur.

For partileiar Olaug Bollestad er nestleiarens avgang dårleg nytt. Der det allereie var i ferd med å skje ei full utskifting på mange av stortingslistene med nye listetoppar med ei ny KrF-linje, var Ulstein frå Hordaland eit av Bollestads lojale og sikre kort. Han var ein av dei som hadde eigenskapane til å bygge bru mellom KrFs eksisterande fraksjonar.

Bollestad har hittil representert kontinuiteten av KrF slik vi kjenner det. Eit smålåtent og moderat parti utan vilje til å ta risiko, trygt plassert i det ekstreme sentrum. Bollestad var ei vidareføring av partihøvdingar som Bondevik, Svarstad Haugland, Høybråten og Hareide. Utan Ulstein ved Bollestads side kan det sentrums-KrF vere borte for godt.

Frå eit anna perspektiv er det kanskje akkurat det som må til for at partiet skal klare å kome seg over sperregrensa: Ei grunnleggande nyorientering. Med heilt nytt mannskap kan det vere mogleg å få til.

Fraksjonar som kjempar om makta over KrF

Det ser ut som to minst to fraksjonar av nye krefter kjempar om å ta over det tomrommet som Ropstad og Ulstein lét etter seg seg. Den eine er i krinsen rundt nestleiar Ida Lindtveit Røse som kjempar for å gjere partiet til eit kristendemokratisk, borgarleg parti etter europeisk modell. Dei hentar inspirasjon frå Kristdemokraterna i Sverige, men også andre stader på kontinentet. Meir makt til familiane, tøffare kamp mot narkotika og ein hardare integreringspolitikk er nokre av ingrediensane.

I horisonten luskar ei anna gruppering, med hærførarar som Joel Ystebø og Jorunn Gleditsch Lossius. Desse kjempar for å gjere KrF til eit tydelegare særinteresseparti for kristne i Norge. Her er ingrediensane meir identitetspolitiske markeringar.

I Hordaland kan Ystebø ende på topp, medan Gleditsch Lossius kan ta Agder. Ho skal i så fall få kamp frå Jørgen Kristiansen inn til målstreken, medan det er vanskelegare å sjå kven som skal utfordre Ystebø i Hordaland.

Uansett kva som skjer, er det tydeleg at Olaug Bollestads grep om partiet er forbigåande. Ho vil riktig nok vere den einaste i partiet med parlamentarisk erfaring etter neste val. Ulsteins avgang teiknar likevel eit tydelegare bilete av at Bollestads virke som partileiar var mest som overgangsfigur.

Retting, onsdag 19. juni, klokka 11.18: I ei tidlegare utgåve av denne teksten stod ei ufullstendig liste over partihøvdingar sidan Kjell Magne Bondevik, der Valgerd Svarstad Haugland ikkje var med. Som partileiar i KrF frå 1995 til 2004, har ho vore ein av partiets lengstsittande leiarar, og burde derfor vere ein sjølvsagt del av denne lista. Vårt Land ber om orsaking for denne feilen.



Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar