Kommentar

Kompani Lauritzen-generasjonen fryktar TikTok med god grunn

Vi foreldre har vore for naive om bruken av sosiale medier – både for oss sjølv og borna våre. Det burde ikkje vore naudsynt at PST måtte ringe i alarmklokkene for å skjerpe oss.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Er du villig til å bli den beste versjonen av deg sjølv? Spørsmålet som TV-oberst Dag Otto Lauritzen stiller utvalde kjendisar i reality-serien Kompani Lauritzen går som eit ekko blant norske ungdommar når dei reflekterer over eigen bruk av sosiale medier.

I den rykande ferske «Medietrender Ung»-rapporten frå Kantar Media, ser vi at mange tilsynelatande ønsker å svare «ja, oberst». Det er nemleg ein aukande trend at ungdom fokuserer på å optimalisere seg sjølv. Dei set individet først. Det viktigaste for ungdommane er seg og sitt.

Fanga i straumen av innhald

Nokon vil kalle det egoisme, andre vil kalle det ansvarskjensle og grensesetting.

Trenden kjem også til uttrykk i korleis ungdommar mellom 18 og 24 år brukar TikTok, Facebook, Instagram og Snapchat.

Ungdom er i aukande grad opptekne av å isolere seg sjølv, sa Kantar Media-rådgjevarane Jonas Østnes og Julie Saglien sa då dei presenterte rapporten. Fleire ungdommar snakkar om det engelske omgrepet «protect your peace». Det handlar om å ikkje la seg forstyrre av andre sin agenda i nyheitsstraumen på sosiale medier. Det handlar også om å skreddarsy eigne interesser og ikkje gje seg sjølv opp i møte med andre.

Skal vi tru tala frå Kantar Media tyder trenden på at samtidas ungdommar forstår farene med den giftige dynamikken i sosiale medier betre enn vi forstod det i 2007 – då vi vaksne skaffa oss Facebook.

Med «andre» meiner ungdommane openbert også dei store teknologiselskapa. Fleire av ungdommane i undersøkinga snakka nemleg om at dei frykta å bli «fanga i skrollinga». Ein som var intervjua sa hen var redd for å opne TikTok, «for å bli fanget i strømmen av innhold».

Dei fryktar det mykje omtalte kaninholet. Ikkje berre fordi dei kan bli radikalisert, men fordi det ikkje finst noko klokke der nede.

Forstår ikkje sjølv at vi er fanga

Målet til teknologiselskapa er jo nettopp å fange merksemda vår. Som fleire populærvitskaplege bøker og essay dei siste åra har peika på, var og er marknadsstrategien bak Facebook, Instagram og TikTok ekstremt kynisk. Journalisten og forfattaren Lena Lindgren viste oss i boka Ekko. Et essay om algoritmer og begjær (2021) korleis denne milliardindustrien har tatt i bruk det ypperste av ekspertise innan psykologi for å fange oss, utan at vi sjølv forstår at vi er fanga.

Skal vi tru tala frå Kantar Media tyder trenden på at samtidas ungdommar forstår denne giftige dynamikken betre enn vi forstod det i 2007 – då vi vaksne skaffa oss Facebook.

Målet er framleis at du skal bruke mest mogleg tid på plattforma, for å på den måten generere mest mogleg inntekter til selskapa i form av annonsekroner og informasjon om livet ditt.

Som den amerikanske sosialpsykologen og forfattaren Jonathan Haidt viser i boka Anxious Generation (2024), har innføringen av sosiale medier hatt enorme konsekvensar for ungdoms sjølvbilete. Spesielt unge jenter har vore hardt råka av logikken til dei nådelause algoritmane.

Dei som fryktar høgresidas dominans frå skulevalkampen i 2021, bør studere tala meir nøye. Meir enn ein suksess for Frp og Høgres partiprogram var den blå bølga eit symptom på at individualismen står sterkare enn på lenge. Sjølv for folk som trur på sterke fellesskap og offentlege løysingar er det godt nytt. Fordi den individualiseringa kan motverke teknologi-gigantane sitt grep om vår kollektive bevisstheit.

Klassisk liberalistisk bodskap

I ein studie av TikToks rolle i fjorårets skuleval, peikar forskarane Kari Steen-Johnsen og Øyvind Bugge Solheim frå Institutt for samfunnsforskning (ISF) på at det var temaene økonomi og skatt som dominerte. FpU-leiar Simen Velle og Unge Høgre-leiar Ola Svenneby lukkast med å presentere ei tydeleg forteljing som innebar påstandar om at vi i Norge «sløser for mye med penger», «de andre partiene vil øke skattene» og «vi er de som har lyst til å senke skattene». Alt for at dei stadig meir individualistiske ungdommane skal sitte att med meir i eigne lommebøker.

Den klassisk liberalistiske bodskapen trefte nerven av tidsanden i sosiale media der enkeltmennesket er helten og politikarane i beste fall skal opptre som ein slags nøytral bakgrunnsfigur.

Venstresidas bodskap sprika i alle retningar, og hadde ingen tydeleg forteljing. Deira jobb var dessutan å forsvare ei historisk upopulær regjering i ei tøff tid for norsk økonomi.

Vi skal ikkje vere naive med kor farlege det er å bruke for mykje tid på TikTok. Tala viser at dei fleste ungdommar mellom 18 og 24 i alle fall ikkje har eit naivt forhold til sin bruk av plattformane.

Politisk redaktør i Aftenposten, Kjetil Bragli Alstadheim, skreiv denne veka ein kommentar der han meinte at debatten om å beskytte ungdom frå sosiale media er eit «hysteri som farer over Europa». Han er kritisk til å innføre aldersgrense på 15 år for bruk av Facebook, Instagram, Snapchat og TikTok. «En 15-åring er gammel nok til å sitte i fengsel. Er ikke en 14-åring stor nok til å ha en konto på Tiktok?», argumenterer Alstadheim.

Han har rett i at ungdom gradvis må lære seg å ta ansvar for eigne val og handlingar, og det at det ved ei eventuell aldersgrense på sosiale medier er grunn til å diskutere kva alder grensa bør gå ved.

Sjølv om det i dag er ei grense på 13 år for bruk av dei fleste sosiale medier-plattformane, er det ingen som handhevar denne grensa. Det er på tide at ein slik mekanisme kjem på plass, uavhengig av aldersgrense.

PST måtte ringe i alarmklokkene

Same dag som Alstadheim publiserte sin kommentar og Kantar Media offentleggjorde si undersøking, gjekk PST til aksjon mot eit nettverk av unge høgreekstreme.

Over heile landet hadde tryggleikstenesta overvaka ungdomar heilt ned i 12-årsalderen som hadde hylla dei grufulle handlingane til Brenton Tarrant på New Zealand og Anders Behring Breivik 22. juli 2011. Fleire av ungdommane hadde oppmoda til drap på homofile.

PST på døra er ein effektiv måte å fortelje ungdommane at det dei driv med ikkje er nokon leik. Dei ville prate med ungdommane om det dei skildra som «voldsomme, hatefulle, grove og truende ytringer».

PST kunne dokumentere at dei unge hadde blitt radikalisert av å falle ned i kaninhol på TikTok og andre opne sosiale medier. Strategisk analytikar i PST, Siv Sørensen, sa at «TikTok er i en særstilling. Det er som en motorvei inn til krypterte plattformer hvor ekstremt materiale deles».

Vi skal ikkje vere naive med kor farlege det er å bruke for mykje tid på TikTok. Tala viser at dei fleste ungdommar mellom 18 og 24 i alle fall ikkje har eit naivt forhold til sin bruk av plattformane.

Sjølv om det kjem aldersgrense for sosiale medier, er det ingen fritak for foreldre til å følge med.

Det er grunn til å gjenta spørsmåla PST stiller til alle norske foreldre:

Er du kjend med kva barnet ditt søker på?

Har du foreldresperre på kontoen til barnet ditt?

Har barnet ditt fri tilgang til sosiale medier?

Kva foreldrekontroll fører du?

Det er ingen grunn til at vi vaksne skal vere meir naive enn ungdommane våre.

Vi får også bli ein betre versjon av oss sjølv og seie «ja, oberst».


Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar