Kommentar

Kva har skjedd med sporten vi elska?

EM 2024: Å sjå på fotball er å ta ein pause frå alt det som er vanskeleg og tungt. Kvifor må moral og ansvar og etikk absolutt inn i fotballen også?

I 1992 gjorde krigen i det gamle Jugoslavia at landet måtte trekke seg frå EM i fotball. Inn kom det danske landslaget, og dei stod for eit av dei største mirakla i fotballens historie. På denne tida var Noreg aldri i nærleiken av å få bli med i verken VM eller EM. Men sidan mi mor er dansk, var det for meg som om mitt eige land skulle få lov til å delta.

Da det heilt utrulege skjedde, og Danmark ikkje berre kom seg til finalen, men slo Tyskland 2-0 og tok gullet, feira vi med å heise det danske flagget i flaggstanga vår i Fræna i ytre Romsdal. Framleis kan eg namna på dei to danske målscorarane, John «Faxe» Jensen og Kim Vilfort.

I sommar vil barn i ein heilt annan generasjon enn meg få minne for livet. For no skal deira landslag delta i EM 2024. Og for oss vaksne vil denne sommaren vere eit velsigna avbrekk frå all umoralen og korrupsjonen i sporten vi elskar.

Korrupsjon over alt

Når vertslandet Tyskland og laget som slo ut Noreg i kvalifiseringa, Skottland, opnar EM i fotball på Allianz Arena i München den 14. juni, skjer det i ei tid der fotballen er i fullstendig moralsk krise.

Putin fekk arrangere sitt VM i fotball i 2018. VM i Qatar i 2022 gjekk heilt fint det også. Det var jo ein skikkeleg god finale, og endeleg kunne Messi løfte det eine trofeet han mangla i samlinga si. At det var eit VM bygd på slaveri, korrupsjon og undertrykking, fekk gå. Og no skal Saudi-Arabia eller alle solemerker arrangere VM i 2034.

Og dei store og suksessrike klubbane gjer eigentleg akkurat som dei vil.

Kroneksemplet er Manchester City, laget som har vinne ligaen i England dei fire siste åra. Den einaste krisa dei verker å bry seg om, er at dei ikkje også vinn Champions League kvart år. Klubben tok sist veke ein lærdom frå Donald Trump: Etter å ha blitt klaga for 115 regelbrot i den engelske toppdivisjonen Premier League, som kan føre til at dei mister gullmedaljane sine og må rykke ned, svarte Manchester City med å saksøke Premier League.

Er du eigd av eit diktatur, er det ikkje din fremste eigenskap å følgje felleskapets vedtatte reglar.

Ikkje lenger fair play

Men det er kanskje ikkje så viktig at fotballens leiande organ er korrupt og at dei store klubbane ikkje følgjer reglane.

For vi som elskar fotball, aksepterer det aller meste. Det mest komiske eksemplet på vår grenselause aksept, er korleis vi reagerer når spelarar openbart filmar på bana. Skjer det med mostandarens spelar, blir vi rasande. Skjer det med vår spelar, gliser vi.

Da er det også lettare å sjå den vakre dramaturgien som ligg i botnen av kvar fotballkamp: Kven som helst kan vinne.

For ikkje lenge sidan var det ein stillteiande regel at ballen vart sparka ut av spel når ein spelar låg nede. For når ein spelar låg nede, måtte han få pleie og hjelp.

Den regelen er ikkje lenger i bruk.

Kvifor?

Fordi det ikkje lenger er muleg å stole på at ein spelar verkeleg er skada når han ligg nede.

Kva seier det om fotball? Og kva seier det om oss som elskar fotball?

Kva kan vi gjere?

Eg veit ikkje. Eller kanskje eg ikkje vil svare på det. Det blir som når Ståle Solbakken skal svare på kvifor herrelandslaget ikkje greier å vinne: Det er marginer. Eller på vårt språk: Vi kan ikkje gjere noko med det.

Men det stemmer jo ikkje. Grunnen til at herrelandslaget ikkje vinn, er fordi laget og trenaren er dei dårlegaste både på og av bana i kvar kamp. Og det kan trenaren og apparatet rundt gjere noko med.

Akkurat som vi kan gjere noko med at fotballen er blitt fullstendig amoralsk og skakkøyrt.

Vi kan slutte å sjå på.

Ein sport for alle?

Og det er verkeleg ikkje lett. For å sjå på fotball er å ta ein pause frå alt det som er vanskeleg og tungt. Kvifor må moral og ansvar og etikk absolutt inn i fotballen også? Kan vi ikkje berre få eit frirom der det er lov å vere lidenskapeleg ekspert utan at det får konsekvensar?

I sommar kan det faktisk vere mulig å få dette frirommet. For EM 2024 blir ikkje arrangert i eit diktatur. Ingen klubblag eigd av skumle forretningsmenn med dunkle motiv skal delta. Nei, EM er for landslag, og som vi her i Noreg veit så altfor godt: Landslag har noko brutalt ærleg over seg. Du kan ikkje kjøpe deg til siger. Med eit landslag har du dei spelarane du har, og ferdig med det.

Da er det også lettare å sjå den vakre dramaturgien som ligg i botnen av kvar fotballkamp: Kven som helst kan vinne. Favoritten kan tape, superstjernene kan begynne å gråte, og eit heilt land kan få ta del i ei historie som vil bli fortalt om og om igjen i fleire tiår framover.

Det skjedde i VM i 1998, da Noreg slo Brasil. Og det kjem truleg til å skje med eit lite land i år også. Det skjer nesten kvar turnering, og det er like vakkert kvar gong.

Landslag har noko brutalt ærleg over seg. Du kan ikkje kjøpe deg til siger

Slike augeblikk viser at fotball, på trass av FIFA og dei store, mektige klubblaga, er ein sport for alle.

Ikkje minst er fotball ein sport for dei aller minste.

Vår siste skanse

Sist søndag stod eg opp tidleg for å følge dattera mi på cup på Ullernbana rett ved Bjørnsletta t-banestopp i Oslo. Og der, i det organiserte kaoset av ein heilt vanleg barnefotball-cup, var eg nær hjartet til denne vakre ballsporten vi aldri får nok av.

Det var ingen som prøvde å kjøpe seg eit lag for å kvitvaske diktaturet sitt. Det var ingen som kjøpte seg til siger. Og sjølv om dommaren kanskje bomma eit par gongar, var det ingen som prøvde å filme seg til frispark.

I staden var det barn som stod opp tidleg for å delta i ein sport dei bruker fleire timer i veka på. Ein sport som får dei til å le, til å gråte, til å sveitte for kvarandre og til å drøyme om siger.

Det er desse barna som forsvarar sporten vår. Dei er siste skanse.

Ikkje barnas feil

Men sjølv denne siste skansen er truga.

I fleire større reportasjar har VG vist fram kor dårleg det står til med barnefotballen i landets hovudstad. I nokre klubbar i Oslo er det ikkje plass til alle barna som vil vere med. Og i andre klubbar er det eigentleg berre plass til dei aller beste, eller til dei med foreldre som kan betale for seg. Inn frå sida kjem det private akademi som vil ha dei beste barna og laga elitelag av dei.

Ikkje noko av dette er barnas feil. Det er vi vaksne som rotar det til. Vi verker til å øydelegge alt vi tek i når det kjem til fotball.

Likevel gler eg meg til EM startar på fredag.

Eit blikk mot framtida

For det er ingen store kontroverser denne gongen.

Og det verker til å vere alt vi kan håpe på no i den internasjonale fotballen: At vi kan sitte og sjå på saman med barna utan å måtte spørre oss om det er Hitlers OL i 1936 vi er stillteiande vitne til.

Slik er det blitt. Vi elskar ein sport som er korrupt. Vi støtter laget vårt uansett kva dei gjer. Og vi heier på spelarar som gjer ting på bana vi eigentleg foraktar.

Det er her vi har endt opp. Men det var ikkje der vi starta, for det var ikkje slik vi begynte å elske fotball.

Derfor ser eg på EM i sommar med minner frå min eigen barndom, om da Danmark tok gullet. Og eg ser på EM med eit blikk vendt mot framtida, mot dei som skal spele fotball i åra som kjem. Vil dei redde sporten vår, eller er det allereie for seint?



Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

Mer fra: Kommentar