Kommentar

Partiet som ikkje klarar å stå i ein strategi

KrF manglar evna til å stå i kontroversielle standpunkt. Resultatet blir ein dvask profil som ingen vil ha.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

KrFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland gjorde seg upopulær hos mange denne veka, då han erklærte seg positiv til tradwife-trenden. Felles for mange av dei som lét seg opprøre var at dei ikkje høyrde til ein utryddingstruga minoritet: Kristelig Folkeparti-veljarar.

Bjuland tok i bruk ei velprøvd oppskrift: Sei noko kontroversielt for deretter å få masse spalteplass til å nyansere bodskapen og snakke om sitt eigentlege syn. Simen Velle, Sylvi Listhaug, Ola Svenneby og mange andre har gått før han i løypa – ofte med stor suksess.

Konsekvensane av retningsvalet

Hausten 2018 valde KrF den smale vegen til suksess. På skjebnelandsmøtet valde partiet ei retning som innebar å stå i nokre kontroversielle saker og gjere seg upopulære i store delar av folket. Spørsmålet om tvillingabort var ei slik. Belønninga skulle vere at den siste vesle delen av veljarane skulle gje dei stemmene sine.

Problemet har vore at partiet har verka ukomfortable med å stå i ubehagelege debattar og ha standpunkt som er kontroversielle. Slik eg kjenner KrF-arane er dei for skikkelege og reielege til å ta slike rå og strategiske grep. Dei manglar skamløysa til Frp.

Meir brutalt kan nesten ikkje ein generalsekretær kappe vengene av ungdomspartileiaren, enn Ingunn Ulfstens parkering av Hadle Bjulands utspel

Blant dei som ikkje var samde med Bjuland i innhald, var det derfor fleire som likevel beundra hans strategiske teft. Her fanst endeleg ein KrF-ar som våga å gjere seg upopulær hos dei mange for å få nye veljarar. KrF-leiar Olaug Bollestad har jo sagt at ho vil jakte «unge, verdibevisste menn». Ein skulle tru ein del av desse ungfolane ønsker seg ei tradwife, eller i det minste sympatiserer med ideen om eit slikt liv.

Det siste er nok til å kapre veljarar.

KrF tør ikkje satse på målgrupper

Synet av eit KrF på sporet av veljarar var nesten ikkje til å tru. Var partiet endeleg i ferd å peile seg ut ei målgruppe og gå for den? Prøveballongen frå ungdomspartileiaren gav gode moglegheiter til moderpartiet for å slenge seg på.

KrF eksisterer ikkje først og fremst for veljarar som ikkje stemmer på dei.

Vi var mange som rekna det som sjølvsagt at utspelet i eit så lite parti som KrF var koordinert med partileiinga. Den tanken fall daud til jorda då KrF-generalsekretær Ingunn Ulfsten etter nokre dagars stille skreiv på Facebook at «nei, vi har ikke noe å lære av «tradwifes» – en glossy instatrend fra USA. Ferdig snakka».

Meir brutalt kan ikkje ein generalsekretær kappe vengene av ungdomspartileiaren.

Ulfsten er opptatt av å verne om dei få veljarane KrF framleis har. Sjølv kjenner ho ingen lyst til å ta tradwife-perspektivet inn i KrFs kommunikasjon. Det er forståeleg, ettersom kvinner har vore KrFs fremste målgruppe fram til no.

Eit KrF for ingen

Heilt sidan glansdagane i 1997 har partiet streva med å stå i kontroversielle saker som kan gje støtte frå minst fire prosent av veljarane. Tanken om at partiet skal vere relevant for ein større del av folket har ein lei tendens til å trumfe tanken om å nå ei spesifikk målgruppe.

Også denne gongen.

Derfor kan det vere greitt å minne KrF-leiinga om at det er utan relevans kva «alle andre» meiner om partiet. Dersom Bollestad seier at ho vil jakte unge menn må ho vise kva ho meiner med dei orda.

KrF eksisterer ikkje først og fremst for veljarar som ikkje stemmer på dei.


Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar