Kommentar

Større inntrykk med mindre avtrykk

Sommaren står for døra og alle er vel unnt ein ferietur. I kva grad bør vi legge att det dårlege klimasamvitet heime?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Sommarferien rykkar stadig nærmare og mange har lagt ferieplanane sine for lengst. Kanskje er det fleire enn meg som står i spennet mellom å prioritere kortreiste opplevingar og å unne seg ein etterlengta, postpandemisk ferietur til utlandet? Særleg det seinaste tiåret har mi eiga reiseplanlegging blitt annleis enn før, for ikkje å snakke om korleis reisevanane har endra seg sidan ungdommen. Der eg før kunne kaste meg på første fly til USA, Asia eller Sør-Amerika når sommarferien kom, må eg no innom ganske mange rundar med avveging, kvalar, rettferdiggjering og tvil før flybilletten er bestilt – eller ikkje bestilt.

Mykje av endringa har sjølvsagt med sivilstatus og familiesituasjon å gjere, men sidan starten av 2000-talet er det samtidig blitt eit heilt nytt medvit kring miljøspørsmål og korleis den utbreidde reisinga vår set avtrykk på kloden. I fjor sommar valde eg å ta med familien til Roma, mens eg samtidig gjorde research til eit pågåande bokprosjekt. Det blei den einaste flyturen vår i fjor, så det dårlege samvitet over å bidra til den globale klimakrisa blei halde nokolunde i sjakk. Ein utlandstur i året ligg godt innafor det berekraftige, har eg tenkt.

Samtidig vil eg nødig vere ein slik fyr som får andre til å skjemmast over å utvide horisonten ved besøk i andre land og verdsdelar. Å prale om eigne kvalar ved flybruk er såleis ei lite oppbyggeleg øving. Folk må få bestemme sjølve – og eg ønsker heller ikkje å bli arrestert dei få gongane eg går mot flygaten. Må eg reise, så reiser eg. Og vil eg reise, så reiser eg nok då også.

Lever i spennet

Mange av oss lever i dette spennet. Omtrent som Paulus ønsker vi det gode, som i dette tilfellet er å ta vare på skaparverket, samtidig som vi ikkje heilt klarer å følgje vår eigen gullstandard. Somme av oss kan endåtil skrive om dilemmaet i brev, bøker og avisartiklar.

Å slutte å reise på ferie er jo ikkje eit alternativ. Eller jo, det er absolutt eit alternativ, og slik har det vore for dei fleste menneske gjennom historia, men i mine auge, i våre dagar, er alternativet ikkje så godt. I eit samfunn der mange av oss blir meir og meir stillesittande i kvardagen, og der den daglege tralten er avgrensa til relativt få arenaer – av typen jobben, skulen, fotballbanen, butikken, heime – er det avgjerande for sjelefreden å få avbrekket og miljøforandringa som ein skikkeleg ferietur gir. Brakkesjuka og isolasjonskjensla ein del av oss kjente på under pandemien, er det høgst tenleg å halde på avstand. I den personlege kost/nytte-rekneskapen skjuler utreisa ei mengde miljøsynder.

Det dårlege samvitet bør vi legge att heime når vi pakkar kofferten for ferietur. Det er verken familien eller det eldre ekteparet som reiser til Syden for å sikre badeliv og D-vitaminproduksjon, som skal settast på tiltalebenken her. Heller ikkje alle andre sommarferiereisande som endeleg har høve til å slappe ordentleg av eller oppleve noko horisontutvidande.

Tilbake til tilfredsheita

Samtidig er det positivt for oss alle å tenke gjennom kva slags typar ferieturar som kan gi oss glede, overskot og rekreasjon, og stille opp nokre alternativ som er forlokkande i seg sjølv samtidig som dei er skånsame og klimavenlege. Å besøke besteforeldre og slektningar på andre kantar av landet vil ofte vere eit slikt. Slik var min eigen oppvekst, vi drog aldri lenger bort på somrane enn éin tur til Danmark og éin til Sverige. For det meste var eg hos mormor og morfar, og besøkte onklar og tanter innimellom. Det var slik det skulle vere. Eg kan med handa på hjartet seie at eg aldri lengta mot utlandet så lenge eg hadde mormors smil, morfars lune humring, sanddynene på Solastranda og rikeleg tilgang til teikneseriar og bøker.

Kanskje er det noko av denne tilfredsheita eg er i ferd med å finne tilbake til som vaksen, når eg merkar at vi som familie ikkje er nøydde til å reise langt av stad for å ha ei fullgod ferieoppleving? Sunnmøre og Sørlandet er meir enn godt nok – ja, turistar frå heile verda fartar jo nettopp hit for å sjå alt vi har nokre få timar frå vår eiga stovedør!

«Sterke inntrykk med små avtrykk» er visjonen i den nasjonale reiselivsstrategien som Innovasjon Norge for tre år sidan utarbeidde med mandat frå regjeringa. Strategien handlar om korleis vi skal gjere Noreg og norske destinasjonar til mest mogleg berekraftig reisemål. På same vis er det lurt av oss å tenke på kva slags strategiar vi sjølve kan følgje for å opptre som mest mogleg berekraftige turistar.

Eg kan med handa på hjartet seie at eg aldri lengta mot utlandet så lenge eg hadde mormors smil, morfars lune humring, sanddynene på Solastranda og rikeleg tilgang til teikneseriar og bøker.

—  Alf Kjetil Walgermo

Vi må endre måten vi reiser på

Det finst mange som hjelpe oss med inspirasjon og tips til dette. Trygve Sunde Kolderup har endåtil skrive ei heil bok om emnet, Reis bedre. En guide til større inntrykk med mindre avtrykk. Boka, som er temmeleg fersk frå trykken, fortel oss ikkje berre at vi ikkje kan halde fram med å reise på den måten vi gjer i dag. Ho kjem også med døme på kva vi bør tenke på når vi planlegg ferieturane våre, og forklarer korleis vi kan reise klimavenleg utan å redusere opplevingane våre.

Av overordna tips handlar det blant anna om kortare avstand og lengre turar i tid. Reise mindre i høgsesong, om det er mogleg å få til det. Bruke fly sjeldnare, sjølvsagt, samt å betale for biodrivstoff når vi flyg. Sjekke at hotella er miljøsertifiserte, og ikkje la oss villeie av grønvasking.

Kolderups bodskap er at vi ikkje skal slutte å reise, men at vi må endre måten vi reiser på. Viss vi reiser betre, er det mogleg å få store opplevingar med mindre avtrykk, meiner han.

Eg trur at mange er i startgropa av denne mentalitetsendringa, og at ho framover vil påverke oss meir og meir i måten vi ferierer på. Ikkje trur eg at vi vil oppleve den berekraftige reisinga som noko offer, heller. Snarare vil ho utløyse meir kreativitet, auka overskot og større reiseglede.

Til sjuande og sist handlar ikkje gleda ved reising om kor langt vi reiser fysisk, men kor langt vi reiser inni oss. Der har kvar og ein av oss nye reisemål i vente.

Til sjuande og sist handlar ikkje gleda ved reising om kor langt vi reiser fysisk, men kor langt vi reiser inni oss.

—  Alf Kjetil Walgermo
Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar