Kommentar

Fellesskapet frå kristenretten er under press

UTFORDRER: Kristenretten krevde at storbonde og trel delte gudshus og gravplass. Idag blir felleskapet utfordra av algoritmar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

MOSTER (Vårt Land): Kristenretten var spiren til ein fundamental samfunnsendring der menneske, skapt av Gud, fekk ein eigen verdi. Det er omkvedet til det store kristenrettjubileet som gjekk føre seg på Moster på Bømlo i helga.

Dei første omveltingane kom med reglar som at alle skulle gravast i vigsla jord. Det var slutt på tanken om at storbonden skulle leggjast i haug på garden, medan trelen hans kunne søkkjast i ei myr. Det vart eit fellesskap etter døden.

Kristenretten tvang fram fellesskap

På same vis vart det forbode å setje born ut for å døy, uavhengig av om foreldra var av kongsslekt eller var trelar. Naboar fekk ansvar for å halde ved like kyrkja, og på kyrkjebenken sat storbonden fremst, men ikkje mange meter frå den fattigaste.

Fellesskapet låg i at alle hadde verdi for Gud, slik formidlaren og rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde la det fram på Moster.

I dag er prinsippet sjølvsagt og grunnlovsfesta – uavhengig av gudstru – alle er like for lova. Me skal krangle og debattere formuesskatt, private helsetilbod og inngripande tiltak for å redde klima. Men i botn ligg ei sams oppfatning av grunnleggjande verdiar, som at domstolane er uavhengige. At pressa er fri, og at grunnlova verna om våre rettar.

Så er me sjølvsagt samde om at ein ikkje kan søkkje slavar i ei myr utan å få straff.

Den digitale drøsen tar over

Men kor sterkt står ideala bak kristenretten i dag? Ein målestokk som Sunde trekk fram er ganske enkel: i samfunn der folket trur at staten er god, har demokratiet best kår.

Føresetnad er fellesskapet og samtalen. Ein drøs med naboen, rett og slett. Eller som det heiter kristenretten – naboar har plikt til å gå saman om å bryggje øl til reisande.

I dag er verdas eldste demokrati, USA, i krise. Her skal eg ikkje bruke tid på Donald Trump sin kamp mot domstolane etter han vart funne skuldig denne veka.

I denne samanheng er det to ting som har endra samtalen dramatisk. Avisdød og ei teknologisk utvikling der algoritmane meir og meir bestemmer kven vi samtaler med.

Me sjølvsagt samde om at ein ikkje kan søkkje slavar i ei myr utan å få straff.

Fleire tusen lokalaviser har forsvunne dei siste åra i USA. Resultatet er at den sylskarpe ytringa ikkje lenger møter ei motstemme i lokalavisa, men ein tirade av stadfestande raseri i eit kommentarfelt.

Ved hjelp av språkmodellar kan den moderne storbonden spy ut skjult reklame eller politisk påverknad kamuflert som journalistikk.

Den lokale journalisten har mista jobben for lengst.

Heldigvis står det langt betre til i Noreg. Men også her er det urovekkjande trendar. Ei fersk undersøking frå Medietilsynet syner at berre 13 prosent av dei spurte meiner det er enkelt å skilje sanning frå løgn på internett.

Forsvinn lokalavisa er det ingen som utan eigeninteresse kan fortelje kva som gjekk føre seg på formannskapsmøtet. Eller kven som står bak den nye verksemda som ber om å få sleppe ut gift i fjorden.

Vil du følgje derfor følgje opp arven etter kristenretten, kan du gjere ein ting: abonnere på lokalavisa di.

Meiningsytringar kom med vald

På Bømlo, som alle andre stader, utvekslar me meiningar på eit busstopp, på kyrkjekaffi, i bedehuset, asylmottaket eller i kommunestyre. Det er våre fellesskap.

For tusen år sidan var dei politiske samtalane avgrensa til nokre ganske få. Og meiningsytringar kom ofte saman med valdsbruk. Olav Haraldsson var sjølvsagt ingen demokrat. I kor stor grad han såg kristninga som eit kall frå Gud, eller eit verktøy for å leggje under seg land, veit vi lite om.

Men dei fleste historikarane er samde om at ein første viktige brikke vart lagt på Moster, og gjennom 1000 år forma, justert og endra til den samfunnsordenen me har i dag.

På mange sett er digitalisering av samfunnsdebatten ein naturleg forlenging av dette. Sosiale media opna for at alle kunne ytra seg og få distribuert meininga langt utover det som var mogleg på busstoppet eller i kyrkja.

Bremnes-kyrkja på Bømlo blir i desse dagar rehabilitert av friviljuge, arbeidet er sjølvsagt organisert på Facebook.

Er du sint, blir du truleg sintare

Eit digitalt fellesskap kan dermed vere meiningsytring som styrkjer demokratiet. Men kven har makt over dette fellesskapet?

Snakkar du med eit utval menneske på bygda eller i gata, er sjansen stor for at nokon vil vere ueinig med deg.

Kunstig intelligens er betre på å kopla saman folk som tenkjer likt deg, gjerne frå den andre sida av kloden.

Er du sint, blir du truleg sintare på sosiale medium.

– Me ber om at om kunstig intelligens ikkje tar over

Ungdom slit med psykiske problem som stadig fleire knyter til avhengigheit av sosiale media. Samtidig er det blant dei unge ein finn håpet. Dette er generasjonen som skal regulere dei sosiale media og som allereie har vist seg betre på kjeldekritikk på internett enn sine foreldre.

Under den økumeniske festgudstenesta på Moster sundag delte erkebiskopen av York Stephen Geoffrey Cottrell scena med karismatisk lovsong. Det var eit sjeldan breitt felleskap.

Åtte år gamle Anna Mathisen Olafsen les forbøn under gudstenesta.

– Me ber om at kunstig intelligens ikkje tar over, sa ho. Hennar generasjon er medvitne om utfordringa, og truleg betre kvalifisert til krevje endring. Det er berre å håpe.

Det er ein viktig start for å redde drøsen i ein digital tidsalder.



Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland har vært nyhetsredaktør i Vårt Land siden august 2022. Han har ansvar for nyhet- og publiseringsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kommentar