Kommentar

Alt som på same tid er sant om Midtausten-konflikten

Eit forsøk på å oppsummere parallelle sanningar om over eit halvt år med krig, over 75 år med ein jødisk stat og over hundre år med israelsk-palestinsk konflikt.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Finst det ein moderat posisjon som rommar alt som er sant om konflikten mellom israelarar og palestinarar? Spørsmålet er kanskje viktigare enn nokon gong, no som mange er fanga i krigståka.

Kan vi finne ein posisjon som ikkje legg seg på dei einsidige premissane til folk som argumenterer for ei av sidene som om konflikten er ein fotballkamp? Altfor mange ser ut til å lene seg på propaganda frå militære aktørar, trass i at vi veit sanninga er krigens første offer.

Raud Ungdom-leiar Amrit Kaur har til dømes sagt at ho ikkje vil ta avstand frå terrororganisasjonen Hamas. Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk har stått fram som ein tydeleg støttespelar for Israels krigføring på Gazastripa, og legg skulda for dei sivile lidingane på Hamas.

I begges syn på konflikten manglar det nyansar, kompleksitet og store dosar fakta.

Universelle sanningar om Midtausten-konflikten

Det er mogleg å finne universelle sanningar om konflikten, men dersom vi skal komme nær ein slik posisjon må vi innsjå at fleire ting kan vere sant samstundes.

Det er ikkje alltid konstruktivt å prioritere mellom desse sanningane, men berre slå fast at dei finst og er verkelege for alle som kjenner seg knytt til konflikten. Her følger eit forsøk på å summere opp dei mest sentrale sanningane om konflikten, som dei fleste – kanskje til og med Kaur og Selbekk – bør kunne stille seg bak.

Ingen av partane kan vinne den israelsk-palestinske konflikten militært.

Så, her kjem desse sanningane i avsnitt for avsnitt, strippa for verdivurderingar og kjensler:

Lidingane på Gazastripa er av enorme proporsjonar. Talet på sivile som er drepne sidan krigen starta i oktober i fjor, er relativt sett høge. Heile familiar er drepne. Tusenvis av born er daude. Bokstaveleg tala ligg heile nabolag i grus.

Hamas-åtaket på Israel 7. oktober i fjor var terror. Åtaket ramma i hovudsak uskuldige sivile, og retraumatiserte mange jødar etter det kollektive traumet dei har i sine familiehistorier med holocaust. Dei fekk forsterka ei underliggande frykt om at nokon vil utslette dei. Framleis sit fleire gissel i palestinsk fangenskap.

Begge folk har legitime krav

Israels regjering og Hamas burde ha prioritert å komme fram til ei våpenkvile, både av omsyn til israelske gissel og av omsyn til den palestinske sivilbefolkninga i Gaza. Her har både den israelske regjeringa leia av Benjamin Netanyahu og Hamas sin politiske leiarskap ansvar for å ikkje ha strekt seg langt nok for å få slutt på krigshandlingane.

Begge folk, både palestinarar og israelarar, har legitime krav på delar av det landområdet som dei reknar som sitt. Begge folk har ei tydeleg og dokumentert historisk tilknyting til området. Heilt sidan starten på forsøket med å opprette den jødiske staten i det britiske mandatområdet Palestina, har dei to partane vore i militær konflikt.

Sidan den gongen har det skjedd urett og overgrep. Uansett kva perspektiv ein har på konflikten, er det umogleg å nekte for den menneskelege lidinga på begge sider. På israelsk side finst sterke forteljingar om palestinsk terror og ein antisemittisme som har skapt frykt gjennom generasjonar. På palestinsk side finst sterke forteljingar om krigsovergrep og land som vart tatt frå dei.

Tragiske faktum

På begge sider finst ekstreme grupper som den jødiske busettarrørsla og islamistiske organisasjonar som Hamas. Desse gruppene bygger opp under hat, fiendskap og ekstreme haldningar med bakgrunn i religiøst og politisk tankegods som gjer det stadig vanskelegare å bygge ein felles grunn for fred.

Nesten alle sider må tape mykje for at freden skal vinne.

Både israelarar og palestinarar har hatt leiarar som i staden for å prioritere fred, har kjempa for eigen makt og popularitet på kostnad av fred og ei løysing av konflikten. Det er eit tragisk faktum som ser ut til å gjelde framleis.

Ingen av partane kan vinne den israelsk-palestinske konflikten militært. Derfor finst det heller ingen rein militær løysing på konflikten. Det er all grunn til å tru at konflikten vil produsere meir urett, liding og overgrep dersom partane ikkje finn ei fredeleg løysing.

Ikkje alle er samde i alt dette

Det er vanskeleg å sjå føre seg ei løysing som gjer opp att uretten. Det er vanskeleg å sjå for seg ei løysing på konflikten som alle vil applaudere. Her ligg også konfliktens største problem. Nesten alle sider må tape mykje for at freden skal vinne.

Frå Israels perspektiv står landet åleine i ein region av fiendtleg innstilte land som vil nytte kvart høve til å angripe dei. Frå palestinarane sitt perspektiv står dei åleine utan store og mektige støttespelarar som kan tvinge Israel til forhandlingsbordet. Alt etter kva perspektiv ein vel, er begge delar rett samstundes.

Ikkje alle vil vere samde i punkta overfor. Til dømes er det ikkje alle som vil anerkjenne at både israelarar og palestinarar har legitime krav på delar av landområdet. Det er i mine auge ekstreme posisjonar som hindrar all mogleg framtidig fred.

Likevel er det som står i dei mange avsnitta ovanfor å rekne som fakta vi alle kan legge til grunn i vårt syn på konflikten, dersom vi prøver å sjå den med nøkternt blikk.

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar