Kommentar

Kunsten å seie takk

Når hugsa du sist å takke for det gode i livet ditt? Takksemd som livshaldning er både bibelsk og berikande.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Som barn blei eg oppdratt til å takke. Eg kan ikkje hugse oppsedingsmetodikken, men eg fekk tidleg ei forståing av det positive og nødvendige ved å uttrykke takksemd når eg fekk noko av nokon. Det ligg innprenta i mange av oss å takke for gåver. Om nokon gjer meg ei teneste, prøver eg alltid å takke i etterkant. På same vis kjennest det naturleg å takke for helsingar og gode ord.

Eg opplever ofte at det er ei glede i seg sjølv å seie «takk». Det minner meg om kor heldig eg er. Eg likar det også når andre takkar meg for noko eg har gjort, sagt eller skrive. Takken blir ei forsterking av noko positivt.

Å takke er god folkeskikk, men også ei livshaldning. Å vise takksemd er betydningsfullt både for andre og for deg sjølv. Dei fleste av oss har mykje å takke for, men problemet er at vi lett gløymer det. Det er fort gjort å ta goda våre for gitt, sjølv når historia fortel oss at vi er særs privilegerte.

Å takke er god folkeskikk, men også ei livshaldning

—  Alf Kjetil Walgermo

Takknemleg for kongehuset

Sjølv gløymer eg også å vere takknemleg til tider. Då har eg tenkt for mykje på det eg ikkje har, og for lite på det eg har. Når eg tenker meg om ein gong til, er det lettare å hugse alt eg kan takke for. Eg er takknemleg for at eg har klede på kroppen og får ete meg mett kvar dag. Eg er takknemleg for at det er reint vatn i springen. Ikkje minst er eg takknemleg for landet eg bur i. Eg er takknemleg for alle dei som bidrar til at samfunnshjula går rundt, for dei som legg ned dugnadsinnsats i idrettsklubben, strikkar ullsokkar til bedehusbasaren, tek styreverv i sameiget og jobbar nattevakter på sjukehuset.

Eg er takknemleg for kongehuset vårt. Eg er takknemleg for den trygge, humrande og samlande kong Harald, for at dronning Sonja opnar auga våre for kunsten og for at kronprinsesse Mette-Marit inspirerer oss til å veve og lese bøker. Eg er takknemleg for at kronprins Haakon og prinsesse Ingrid Alexandra er så stødige og balanserte, i livet og på surfebrettet, at dei kan styre landet minst like godt som dei rir bølgene langs norskekysten.

Eg er takknemleg for at eg bur i eit land som ikkje har hatt krig på eige territorium i 79 år. I ei tid med krig rundt oss, er eg ekstra takknemleg for frigjeringsdagen – for kvar einaste 8. mai. Eg er takknemleg for at eg kan feire 17. mai i eit land med fred, frukost og jublande barnetog.

Og kanskje mest av alt er eg takknemleg for familien min. For kona mi og barna mine. For foreldre og søsken. Eg er takknemleg for slekta vi har rundt oss, for venene våre, naboar og kollegaer. Alle desse ulike menneska er nettet som bind mitt eige liv i hop.

Sosialmoralsk praksis

Sjølv om livet somme tider kan butte imot og vere tøft – det har eg også opplevd – er grunnhaldninga mi at eg har mykje å takke for. Og eg ønsker at den grunnhaldninga skal gå vidare til neste generasjon. Eg vil at mine eigne barn skal lære å takke. Slik eg sjølv lærte å takke for maten, ønsker eg at barna skal takke for maten før dei går frå bordet. I kveldsbøna takkar vi for dagen som har vore. Å sjå på kvar dag som ei ny gåve er både ein klisjé og eit helsefremjande føretak.

Eg har tenkt på å skrive ein tekst om takksemd etter at Espen Gamlunds bok Takknemlighetens filosofi kom ut i fjor. Eg skuldar filosofen ein takk både for boka og for inspirasjonen til vidare tenking. Ifølgje Gamlund er takksemd ein av dei vanlegaste sosialmoralske praksisane vi kjenner til. Takksemda er ein moralsk praksis fordi ho handlar om korleis vi møter andre menneske. Og ho har sosial verdi ved at ho bringar og bind oss saman.

Filosofen Thomas Hobbes er blant dei som har hevda at samfunnet vil gå i oppløysing utan takksemd, og kalla henne for «den fjerde naturlova». Dei aller færraste av oss ville ønske å leve i ei verd der utakk var einaste løn. Utan takksemda ville moralen vår raskt forvitre og gjere oss alle saman til fiendar, skriv Gamlund tankevekkande.

Hobbes har følgje av fleire andre filosofar som har ytra seg positivt om takksemda. Baruch Spinoza definerer henne som begjæret etter kjærleiken som får oss til å prøve å gjere noko godt mot den som har gjort godt mot oss – ein variant av den gylne regelen i Det nye testamentet, med andre ord. Adam Smith såg på takksemda som ein integrert del av den menneskelege eksistensen. Med ein hardtslåande metafor samanlikna David Hume dei utakksame med foreldre som ikkje elskar barna sine. Mens Immanuel Kant kalla det å vere utakksam for ein «djevelsk last».

Dei aller færraste av oss ville ønske å leve i ei verd der utakk var einaste løn.

—  Alf Kjetil Walgermo

Jesus bad oss om å takke

Å vere takknemleg er berikande for oss, for det gir oss ei god kjensle av medgang i livet. Takksemda er dessutan bibelsk. Gong på gong fortel Bibelen om kor viktig det er å takke. Både salmisten David og apostelen Paulus snakkar om takksemd på inn- og utpust: «Takk Herren, for han er god, evig varer hans miskunn!» og «Takk Gud, kva som enn møter dykk!» Og Jesus sjølv set opp den takksame samaritanen, den einaste som kom tilbake for å takke, som eit ideal for oss.

Eg har i det siste tenkt på eit takkepoeng som truleg kan vere interessant også for fleire. Frå Det gamle testamentet kjenner vi både takkofferet, eit offer til Gud, og takkesongen. Takkesongen har halde seg oppe, i salmar og kristen lovsong, mens takkofferet gjekk litt i gløymeboka då Jesus erstatta den gamle offerpraksisen ved å døy på krossen og stå opp att. Samtidig etablerte faktisk Jesus eit nytt takkeoffer då han innstifta nattverden.

Når vi takkar, lever vi slik menneska var meint å leve

—  Alf Kjetil Walgermo

Jesus sjølv takka før han braut brødet. Kva tyder det greske ordet «eukaristi»? Jo, det tyder nettopp «å gi takk». Som eit kjerneelement i sakramentet Jesus sjølv innstifta, ligg altså takksemda. Jesus bad oss alle om å takke! Kanskje vi burde bli flinkare til å kjenne på takksemd og sette ord på denne? Kort sagt: Vi burde ikkje takke sjeldnare, men oftare.

Uavhengig av tru er takksemda eit viktig element for livsutfalding og livsglede. For ein kristen vil det vere naturleg å rette ein stor del av takken til Gud, samtidig som vi er kalla til å takke kvarandre.

Når vi takkar, lever vi slik menneska var meint å leve. Så mykje sprengstoff ligg det altså i eitt lite ord: Takk!

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar