Kommentar

Familiepartiet burde lytte meir til Harald Eia

Vi er nokså klasseblinde, vi som ikkje heilt forstår kor privelegerte norske foreldre er.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Heilt sidan 1997 har KrF leita etter den heilage gral.

Den gongen fekk partiet 13,7 prosent av stemmene og Kjell Magne Bondevik vart partiets statsminister. Kor har denne heilage grala forsvunne til? Eit nesten samstemt parti har leita med lys og lykte i avkrokane av det norske veljarlandskapet etter det som kunne erstatte 90-talets kontantstøtte-suksess.

Opportunisme og ideologi

Det har nesten ikkje gått an å gå inn på eit KrF-møte på lokalt eller nasjonalt nivå, utan at nokon seier dei forløysande orda «familiepolitikk». For norske kristendemokratar har ordet nesten hatt same opphøgde tyding som orda velferd og skattekutt har for høvesvis Arbeidarpartiet og Høgre. Like fullt har dei same slukøyra kristendemokratane klødd seg i hovudet etter kvar valnatt som har gitt strategien stadig minkande oppslutning og tilsvarande tydelegare tommel ned.

Men sjeldan har det tatt mange dagane etter valnederlaget, før nokon internt i KrF på frimodig vis igjen har løfta familiepolitikkens fane. Nokre har gjort det fordi dei trur det vil skaffe veljarar. Andre har sagt det fordi dei er ideologisk overtydde om at det er rett politikk for eit parti som vil byggje samfunnet nedanfrå og opp med mjuke, kristne verdiar. Valfridom for familiane. Meir tid for familiane. Meir pengar til familiane.

Ingen menneske til noko tid har hatt betre tid til å gjere alt vi har lyst til enn vi har no. Ikkje nokon stad i verda er permisjons- og velferdsordningane betre for familiane, enn her i Norge.

Ein del av KrF-arane har kombinert veljarjakt med ideologi.

Det heile har vore som ein ubroten syklus i norsk politikk, like taktfast som flo og fjære.

Harald Eias hjartesukk

Kvifor har strategien slått så til dei grader feil? Litt av svaret finst nok i Harald Eias etter kvart landskjende hjartesukk, som han kom med i ein av dei siste episodane av «Tore og Haralds podkast». Komikaren og sosiologen meiner nemleg det er for stort fokus på kor slitsamt det er å ha born og stå i full jobb. Tidsklemme, leggjetider, påkledning, avkledning, mas, fjas, rot og styr. Kvifor er det ikkje meir snakk om det vedunderlege i foreldreskapet?

«Denne vektleggingen av hvor forbanna slitsomt det er å ha barn, det å snakke ned hele greia, det gjør at folk faktisk begynner å føle at det er slitsomt», sa Eia.

Utsegna har skapt stor debatt. Det er lett å avfeie Eias påstandar fordi han er mann. Pøh, det er ikkje han som må ta «det tredje skiftet», så kva veit han eigentleg? Spør kvinnene.

Ironien er at Eias hjartesukk kjem frå kona, Nadina Bouhlou. Eia har berre gjort hennar synspunkt til sine.

Til tider er småbarnslivet omgangssjuke, matpakkelaging og mas. Det er då lett å gløyme at det også er dei vakraste stundene med ei bok på barnesenga, der eit lite menneske oppdagar verda for første gong.

Klasseblindt perspektiv

Vi kan sjølvsagt ikkje ta faktorar som kjønn, sjukdomar og behov ut av likninga. Mange kvinner bruker årevis av livet på å gå gravid, føde og amme. Mange får store fysiske problem i etterkant. Det er ikkje noko vi skal kimse av. Mange får barn med større behov enn normalen.

Likevel, for dei aller fleste normale familiar, kan vi stille spørsmålet: Kor legg vi lista for aktivitetar, matlaging og ryddige heimar? Vel er det hektisk å ha barn, men livet er jo fullt av andre ting som krev energi og tid frå oss. Det meste er relativt.

Dei som på generelt grunnlag seier det er slitsamt å ha barn, har kanskje ikkje erfaring med fenomen i livet som faktisk er slitsamt. Kreft, samlivsbrot, dødsfall i nær familie, trafikkulukker, hus som brenn ned, vald i nære relasjonar og fattigdom. Det er ting som heilt på ekte er slitsamt. Å ha barn er til samanlikning noko produktivt og konstruktivt.

Harald Eia og Nadina Boulou set godt ord på kvifor KrFs stadige kampanjar om familiepolitikk ikkje har truffe ein nerve hos veljarane sidan 1997

Kva har dette så med KrFs familiepolitikk å gjere? Jo, tidsklemma, dette ubestemmelege fenomenet som KrF har gjort det til si livsoppgåve å avskaffe, er heilt perspektivlaust. Litt lenger permisjonar, litt betre stønadar, litt meir barnetrygd.

For mange barnefamiliar har sjølvsagt KrFs satsingar vore ønskt velkomne. Men det krev eit heilt eige nivå av klasseblindt perspektiv på samfunnet å peike på norske småbarnsforeldre og sei at det er her vi bør leggje inn den felles innsatsen i statsbudsjett og departementas handlingsplanar.

Ingen menneske til noko tid har hatt betre tid til å gjere alt vi har lyst til enn vi har no. Ikkje nokon stad i verda er permisjons- og velferdsordningane betre for familiane, enn her i Norge. Vi lever i familiepolitikkens paradis. Berre spør utlendingane som kjem hit og observerer det for første gong.

Andre behov enn familiepolitikk

Foreldrepermisjonane vi får av fellesskapet er så rause at vi ser ut til å ha gløymt at dei ikkje er sjølvsagde. Mange stader i verda finst dei ikkje ein gong.

Så er det sjølvsagt ikkje slik for alle småbarnsforeldre her i Norge. Men då snakkar vi eigentleg om andre grupper enn småbarnsforeldre. Vi snakkar om innvandrarar og flyktningar. Vi snakkar om fattige og underbetalte. Vi snakkar om aleineforeldre. Vi snakkar om familiar med alvorleg sjuke barn.

Her ligg behova i integreringspolitikken, skatte- og arbeidslivspolitikken og helsepolitikken, ikkje i det vage omgrepet familiepolitikk.

Problemet med KrFs familiepolitiske satsing er at den ikkje utelukkande, men i stor grad, har retta seg inn mot den klassiske middelklassefamilien som klagar over tidsklemma.

Norske foreldre flest har nok forstått kor privilegerte dei er. Det er kanskje heilt andre fasar av livet desse veljarane ser på som krevjande. Til dømes det som skjer den dagen dei står på toppen av karrieren og samstundes må ta seg av aldrande og sjuke foreldre. KrFs evige rop om meir familiepolitikk ser ut til å vere eit rop uti svarte skogen. Det er nesten ingen der som høyrer dei og ropar tilbake.

Harald Eia og Nadina Boulou set godt ord på kvifor KrFs stadige kampanjar om familiepolitikk ikkje har treft ein nerve hos veljarane sidan 1997.




Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar