Kommentar

Når forfattarane lar seg splitte, får andre krefter herske

På laurdag kan Den norske Forfatterforeningen ta grep om litteraturens framtid i Norge. No ser dei ut til å ha overlatt styringa til forleggarane og Amazon.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er vanskeleg å halde tunga rett i munnen når ein skal meine noko om den offentlege krangelen mellom Den norske Forfatterforeningen (DnF) og Forfatterforbundet (FF). Eit glitrande eksempel på dette, er korleis sjølv Fredrik Solvang sleit med å gjere seg forstått da han inviterte forfattarar for å diskutere det heile på Debatten på NRK for nokre veker sidan.

Det einaste det er lett å forstå, er at det svekkjer norske forfattarar å ikkje stå samla.

Tøffe tider

For det er tøffe tider, også for norske forfattarar.

Den viktige normalkontrakten, som sikrar minimumsinntekt for forfattarane, er under press etter at forhandlingane mellom Forleggerforeningen og forfattarforeningene braut saman like før jul i fjor. Innkjøpsordninga til Kulturrådet er sprengt. Kunstnarstipenda står stille samanlikna med den generelle lønnsveksten i samfunnet. Lydbokmarknaden er ein vinnar for dei store bestseljarane og er eit svart hól for alle andre. Auka bruk av skjerm og mindre lesing av bøker blant den yngre generasjonen burde bekymre fleire enn berre foreldra. Og som ei mørk sky i horisonten står Amazon og bankar på for å komme inn på den norske bokmarknaden.

Men skal vi tru mediebildet dei siste vekene, er ikkje norske forfattarar opptekne av å stå samla i denne urolege tida.

Vi er meir opptekne med å krangle om noko veldig mange ikkje heilt forstår.

Vanskeleg å forstå

Etter at NRK for nokre veker sidan sette av tid på Debatten til ein diskusjon dei enkelt og greitt kalla «Forfattere krangler om penger», spurte eg eit utval vener om dei kunne fortelje meg kva debatten hadde handla om. Nesten ingen av dei kunne svare på det. Men dei gav uttrykk for at det var bra underhaldning.

Her er nokre av spørsmåla dei stilte meg etterpå:

Får ikkje forfattarane nok betalt? Er det to fagforeiningar? Er DnF eit laug? Kva er eit laug? Kvifor var Anne Holt så sinna på Debatten? Og kven er eigentleg leiar i DnF?

Eit av spørsmåla som stadig dukkar opp, og som venene mine gjerne ville ha svar på, er: Kor vanskeleg er det å bli medlem av DnF?

Spørsmålet ligg som ei skugge over heile debatten. Det er derfor DnF blir klaga for vere snobbete og elitistisk, og det er derfor det kjem påstandar om at det er blitt eit A-lag og eit B-lag blant norske forfattarar.

Det hjelp ikkje at FF sjeldan blir møtt med kritikk for sine kriterium, sjølv om det av og til kan verke som om kven som helst kan bli medlem der så lenge du berre fyller ut eit skjema. Kva er poenget med å vere forfattar eller å ha ei foreininga for forfattarar da om nesten alle kan bli med?

Og det hjelp heller ikkje at medlemmar i DnF oppfører seg som Preben Lohrengren frå “Førstegangstjenesten”. I ei fascinerande sak i avisa Klassekampen frå i februar der det vart diskutert om DnF og FF bør slå seg saman, tok fleire forfattar til motmæle. Forfattar Erlend O. Nødtvedt seier at han har sympati for alle som “finner på ting i et tekstbehandlingsprogram og skaffer seg et ISBN-nummer på den ene eller andre måten. Men en forening som alle har litt lyst, kan gå inn i, mister vel fort mening som en forening?” Kollega Mazdak Shafieian følgjer opp med å seie at “DnF er for meg en organisasjon for litteraturen som kunstform. Ikke for bokproduksjon og underholdningsindustri.”

Kven kan bli medlem?

Grunnen til at debatten mellom dei to forfattar-fagforbunda no har blussa opp igjen, handlar om kven som skal styre tildelinga av stipend til forfattarane. Men som de ser i sitata over, glir debatten veldig raskt over til å handle om noko meir grunnleggjande: Kven skal få vere medlem i DnF.

Ja, det stemmer. Dette har du høyrt blitt diskutert tidlegare.

Er det eigentleg så interessant å lese side opp og side ned om korleis forfattarar organiserer seg?

Norske forfattarar har avgjort at skiljet mellom kven som er på innsida og kven som er på utsida, skal gå mellom dei som skriv verk av høg litterær kvalitet, og dei som skriv verk av mindre litterær kvalitet.

Det er heilt legitimt å argumentere på det viset.

Men det betyr ikkje at det er eit godt argument.

Kvifor så sinte?

For det er rett og slett vanskeleg å argumentere for eit slikt kriterium. Det endar fort med at forfattarar blir skulda for å vere elitistiske og at nokon hevdar det finst eit A-lag og eit B-lag av forfattarar. Og så blir vi plutseleg til små Preben Lohrengrener som går rundt og ikkje forstår kvifor alle blir så sinte. Og da kan vi fort ende opp med utsegn som det konstituert leiar i DnF, Bjørn Vatne, kom med i Klassekampen i februar:

– Det er en slags kunstnerforakt som brer seg nå, tydeligvis også helt inn til dem som jobber tett på kunst og kunstnere.

Tja. Er det ikkje heller ein djup fascinasjon for forfattarar vi er vitne til?

I vegen

For er det eigentleg så interessant å lese side opp og side ned om korleis forfattarar organiserer seg? Eg kan ikkje hugse å ha lese noko tilsvarande om andre yrkesgrupper.

Nei, eg trur ikkje det er nokon kunstnarforakt som breier om seg. Tvert imot, det står høgt i kurs å vere kunstnar i Noreg, ikkje minst å vere forfattar. Truleg står det så høgt i kurs at vi gjerne vil sjå forfattarar krangle med kvarandre, til og med når dei kranglar om medlemskap i fagforeiningar og om kven som skal få dele ut stipend.

Men akkurat no kjem denne krangelen i vegen for større utfordringar. Utfordringar som krev at alle norske forfattarar står samla. Forleggerforeningen og Amazon er mektige partar å stå opp imot, og dei vil nok gladeleg forhandle med små føydalherrar i staden for ein mektig konge. Det DnF burde gjere på årsmøtet i helga, er å krone Bjørn Vatne, den konstituerte leiaren i DnF, til litteraturens felles regent og hærførar. Gi han eit mandat så han kan leie alle forfattarar til strid.

Kulturredaktør Lars Petter Sveen er forfattar og medlem av Den norske Forfatterforening.

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar