Kommentar

Gløym Trump. Denne Donalden er viktigare for oss

WARSZAWA: Norgesven og Polens statsminister Donald Tusk kan bidra til at nordmenn søv trygt om natta. Også etter eit eventuelt maktskifte i USA.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Jeg er ikke polakken din. Det var tittelen på Ewa Sapieżyńskas bok, med klar adresse til nordmenns syn på dei polske framandarbeidarane i landet vårt. Boka er full av frustrasjon og sinne over korleis polakkane blir plassert langt nede på den sosiale rangstigen som våre underbetalte handtverkarar og praktiske hender. Sapieżyńskas oppgjer med nordmenns diskriminering av polske framandarbeidarar, var betimeleg. Polakk blir framleis brukt som eit stigmatiserande skjellsord her til lands.

Vår viktigaste polakk

Han er polakken vår, kunne vi heller sagt om den ferske polske statsministeren Donald Tusk. Mannen som Jonas Gahr Støre besøkte denne veka. Valet i oktober sikra fleirtal til ein allianse bak Tusks parti Civic (Sivil plattform). Slutten på vondskapens tid, sa Tusk til sine eigne på valnatta. Sterke ord, men han tok ikkje for hardt i, mannen som vart regjeringssjef i landet som i løpet av neste år har som mål å vere Europas sterkaste militærmakt.

Vanlegvis er møter mellom statsleiarar møter mellom statsministrane og deira toppfolk. Lite intimitet, mykje formalitet. I Warszawa på onsdag var det annleis.

Med norske auge har polsk politikk gått frå natt til dag. Etter åtte år med det autoritære, konspiratoriske og bøllete PiS-regimet, var det igjen tid for demokratiske og liberale krefter i eit av Europas viktigaste land. No er Tusk i gong med sin tredje periode som polsk statsminister, etter fleire års fråvêr frå rikspolitikken. Frå sist gong har han dansa i maktens korridorar i Brussel, mellom anna som leiar for Det europeiske råd. Då Trump var president, var Tusk ein av dei som lærte han best å kjenne. Han er ein av Europas mest erfarne politiske leiarar, i følge Støre.

Onsdag var vår mann på besøk i Warszawa. Heilt sidan valet i desember har han vore opptatt av å vere ein av dei første regjeringssjefane til å besøke Tusk i hans gigantiske palass. Frå tida som utanriksminister veit han at slikt har betydning. Ikkje lenge etter valsigeren tok Støre kontakt, og planen var eigentleg å besøke kollegaen tidleg i januar.

Intimt på tomannshand

Sjølv om Støre ikkje snakkar polsk, er Donald Tusk ein politisk leiar som snakkar same språk som Støre.

Polen er stort og mektig, Norge mindre. Likevel er det mange band mellom landa som gjer eit tett forhold mellom statsministrane naturleg. Det arbeider til dømes over 100.000 polske statsborgarar i Norge. I 1989 var Donald Tusk sjølv ein av dei, då han reiste rundt i Troms for å sette vindauge inn i nye hus. Der tente han pengane til å starte si første bedrift.

Vanlegvis er møter mellom statsleiarar i realiteten møter mellom statsministrane og deira toppfolk. Samla rundt eit bord, for å diskutere ei liste med tema. Lite intimitet, mykje formalitet.

I Warszawa på onsdag var det annleis. Der var store delar av møtet berre mellom Støre og Tusk, utan nokon andre til stades, inne på vertens kontor. Der kom dei to leiarane nær kvarandre, både politisk og personleg, etter det Vårt Land kjenner til.

Ei europeisk venskapshistorie

På tomannshand fortalde Tusk at han spring ein tur kvar morgon. Støre fortalde at han går mykje på ski i marka. Tusk er 66 år gamal. Støre er 63. Dei gjorde seg refleksjonen at sjølv om det går litt treigare med joggesko og ski på beina no enn før, så har dei meir erfaring. Dermed kan dei fordele kreftene betre. På same måte kjem erfaringa deira no til nytte i krevjande saker om krig, konflikt og uro. Det er lettare å sjå ting i perspektiv frå posisjonen dei er i no, både maktmessig og aldersmessig.

Eller som Støre skreiv i ein kronikk om besøket i Klassekampen og ei polsk dagsavis: «Få kjenner Europa bedre enn ham». Tittelen var En europeisk vennskapshistorie.

Med det amerikanske presidentvalet like om hjørnet, og ein annan Donald luskande rundt på folkemøter i dei ulike delstatane, strategisk og klokt av Norge å rette blikket mot europeiske allierte med store musklar – militært, kulturelt, økonomisk og politisk.

Støre kom til Polen frå møte i Samak i København, nordiske sosialdemokratar si årlege samling. Tusk hadde nettopp hatt møte med Visegrad 4-gruppa, som består av leiarane Polen, Ungarn, Tsjekkia og Slovakia. Forskjellane mellom falmande sosialdemokratisk idyll i Norden og det stadig konfliktfylte Sentral-Europa, er slåande.

Støre hadde møtt allierte som den danske statsministeren Mette Fredriksen og svenske Magdalena Andersson, som han hadde timelange og tillitsfulle samtalar med. Tusk hadde møtt Viktor Orbán, som står for ei diametral anna verdimessig linje enn han i spørsmål om demokrati, Ukraina og Putin. Tusk og Støre var samde seg i mellom om at det finst politiske leiarar i Europa som ikkje blir klokare med åra, men som berre bit seg fast for maktas skuld. Som Putin og Orbán.

Ein alliert vi kan stole på

Det var ikkje gitt at Polen skulle vere ein positiv maktfaktor i Europa. Valet i desember gav heldigvis det resultatet. Det meiner Støre klokeleg at vi i Norge må gripe med begge hender for å bygge tettare polsk-norske relasjonar. Det er i desse vurderingane og situasjonane at Ap-leiaren er på sitt aller beste, for vår felles tryggleiks skuld.

Der inne på møterommet var det ikkje berre munter prat om skigåing og kondisjon. Dei to retta blikket mot aust, og vart begge alvorlege i stemmene. Spesielt var dei bekymra for den manglande diplomatiske kontakten med Russland. Ingen kontakt kan vere farlegare enn konfliktfylt kontakt. Det er nemleg då misforståingane kan oppstå.

I Tusk møtte Støre ein ærleg, open og uformell politisk leiar han lett kom innpå. Det vitnar om bygging av ein viktig relasjon til eit land som Ingrid Brekke, forfattar av den leseverdige boka Polen. Aske og diamanter, har kalla «Europas hjerte». Eit land som spelar ei nøkkelrolle i ei skjebnetid.

Med det amerikanske presidentvalet like om hjørnet, og ein annan Donald luskande rundt på folkemøter i dei ulike delstatane, er det klokt av Norge å rette blikket mot europeiske allierte med store musklar – militært, kulturelt, økonomisk og politisk.

Det finn vi i Polen.

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar